Så var det klart for ny kamp i 3. divisjon. Sæbø/Åmdal stilte i dag utan sin gode midtback Silje Anette Nupen, og med Liv Grete med begrensa skytemulegheit då ho kun har lov å bruke venstre hand og berre fekk lov å spele forsvar..
Karen og Aina kunne heller ikkje stille i dag så det var eit litt redusert Sæbø/Åmdal lag som entra bana.

 

Kolstad 16

Innmarsj og presentasjon. Ein fin start på kampen! Sæbø/Åmdal stillte i nye drakter med hovudsponsoren vår, Sparebank 1 på brystet.
Vi kjem tilbake med lagbilde til neste kamp!

Jentene starta friskt og var i føringa nesten heile første omgang. Vi saknar det fine samspelet som vi veit jentene kan, men likevel greidde dei å skåre 16 mål i ein førsteomgong der spesielt Malene var frampå. 
Også Else Marie var ein trussel framfor mål men vi saknar at resten av laget tek meir tak slik at alle er like "farlege" for motstandarane og ikkje Malene og Else Marie blir så oppdekte.
Absolutt godkjent førsteomgong der pauseresultetet var 16-16!

Time out 2

Time-out og gode råd frå Heidi!

kolstad 11

Malene i fint drev mot mål. Utan tvil kampens beste Sæbø/Åmdal spelar med 16 mål! 

kolstad 12

Else Marie får også godkjent og var stadig ein trussel for motstandarane. 6 mål stod ho for. Nesten alle bilda viser at Kolstad brukar feltet i forsvar, heldigvis såg dommarane det!

kolstad 14

Liv Grete prøvde seg og greidde å skåre eit mål med høgre handa. Straffa vart hard, Heidi rykte henne av bana!

 kolstad 3

Anette skårar!

Andre omgang starta godt og jentene heldt stand til midt uti omgongen. Etter nokre to-minutt rakna det litt og mot slutten vart det litt "panikk" spel og Kolstad rykte frå i ein omgong der forsvaret vart litt for svakt. Malene fekk 3 to-minutt og raudt kort heilt på tampen av kampen og måtte forlate hallen.
Alle målvaktene får godkjent i denne kampen som i perioder var den beste så langt i sesongen!
Sluttresultatet vart 29-39 og med litt bedre samspelspel og eit tettare forsvar trur og håpar vi at dette skal gå bedre etterkvart. Vi har sett i alle kampane til no at vi greier ikkje å halde heile kampen men det kjem seg. Kanskje neste gong?

God og rettferdig dømming av gode dommarar frå Åndalsnes!

Desse var med på kampen mot Kolstad: Elisabeth Skogen, Monica Krøvel, Liv Grete Stokke (1), Malene Aambakk (16), Torill Haugen Øye (2), Anette Mork (1), Sara Konstanse Årseth (1), Else Marie Stokke (6), Helene Andreassen (1), Synnøve Eikås (1), Hanne Stokke og Kathrine Brekke.

Vi takkar eit flott publikum for støtta, det er kjekt at så mange finn veien for å heie på oss! Vi håpar på minst like mange på neste kamp som er laurdag 31. oktober kl. 16.00 mot Utleira 2 i Ørstahallen.