Kvalitet 

Det høyrer med å kunne ha ein plass i ei bygd - som ikkje har kafe eller restaurant - der ein kan slenge seg nedpå, ta ein matbit og gjere unna eit toalettbesøk. Det første "offentlege" toalettet er tidlegare i haust teke i bruk på Urke-kaia.

Eksempelbilder 001

Kaia er frå gammalt av ein landingsplass og samlingsplass for bygda. Her kan ein fiske og raste med ein matbit ved dei solide borda. Her har ein tysk gjeng sessa seg til ein matbit. Bak hjørnet t.v. ligg det nye toalettet.

Toalettromet på fire kvadratmeter er no ferdig. Eit veggskap til reingjeringsutstyr kjem med det første. Her er flis på golv og veggar. I golvet er det varmekablar. Elles er det vask med kaldt og varmt vatn. Det er i det heile ikkje knusla med kvaliteten på toalettet.

Dugnad og anna 010

Her er inngangsdøra til toalettet - høveleg markert

Dugnad og anna 013

Når vi opnar døra, vert vi ikkje skuffa. Toalettet er 2,2 m langt og 1,8 m breidt. Her er plass til alt som trengst for å tene formålet.

Drivkrafta

Vi trur ikkje vi gjer nokon urett ved å påstå at det er småbåtlaget, under leiaren Eldrid Øye, som har vore drivkrafta for å få toalettet i stand. Ho sukka i vinter over ein dokumenthaug på 10-12 cm som måtte til for å få alt på plass, men i dag er den biten gløymt.

Eldrid Øye 2 (2)

Eldrid Øye er glad for det fine tilbodet til brukarane.

Kaiområdet er no tilpassa frå eit tid då rutebåten til byen hadde sitt daglege anløp,  til i dag då det er småbåthamna med plass til 36 båtar + gjestebåtar og all aktivitet det fører med seg.

Kaia og kaihuset tilhøyrer Urke Kailag der dei fleste gardeigarane på Urke  har sin andel. Kailaget har stilt ein del av kaihuset til disposisjon til toalettformålet. Korleis resten av kaihuset skal disponerast er framleis uvisst, men det har i alle fall vorte rydda i løpet av sommaren.

Finansieringa

Startskotet til å få toalettet finansiert kom då arrangørkomiteen for  "Heimkome-helga 2007" disponerte mest heile overskotet, kr. 27.000,  til toalettformål på kaia. Deretter kom Tussa Energi AS med eit raust tilskot på kr. 40.000.

Småbåtlaget, grendalaget og helselaget har teke på seg å fullfinansiere og drifte toalettet. Restfinansieringa av ein samla kostnad - nær 100.000 - fell på desse tre laga. Utanom utstyret i toalettromet, var tankopplegg med sjøføring og framføring av vatn ganske kostnadskrevande. For ein gongs skuld har det ikkje vore utført store dugnadsarbeid på dette prosjektet. Rørleggar, snekkar og elektrikar-arbeid representerer ein stor del av kostnaden.

Det ville vere fint om kommunen og eller Statens vegvesen gjorde kjent gjennom merking med skilt og på kart at dette tilbodet finst.

Nok eit trivselstiltak

I forrige veke kunne vi melde om utsiktsrampa over fossane ved Urke-brua som vart bygd på ein 2-dagars dugnad. I dag kjem med dette meldinga om kai-toalettet. Eldrid Øye syter for reinhaldet fram til vinteren då det er planen å halde stengt. I neste omgang blir det ein dugnadsjobb etter ei vekesvis rotasjonsliste. 

Vi ønskjer bygda til lykke med nok ein tilvekst til trivselstiltaka.