Etter 4 dagar med hardt arbeid og ein kamp mot regnbygene fekk arbeidslaget torsdag(24/9) i førre veke bygever med opphald og det vart utrykt stor tilfredsheit med det gode veret denne dagen.

Deltakarane på Åkre på Bjørke har trass det dårlege véret hatt ein opplevelse desse fire dagane som dei vil hugse. Fagleg påfyll, sosialt samvær og ei gjestfriheit på Raustad der dei fekk bevertning og overnatting, som dei har sett stor pris på. Veret har sjølvsagt gjort sitt, men når vi berre får litt opphald, så skal det så lite til for å gjere oss i kjempe godt humør når vi elles har hatt det så bra, uttrykte dei fleste på torsdag i førre veke som var siste dagen


IMGP5409_1

Byggmeister Ellen Giskås frå Inderøya legg på siste torva.

Kursdeltakarane vart kalla nemingar. Dette er eit ord som ikkje er så mykje i bruk lenger, men det tyder folk som er under opplæring. Her er det snakk om handplukka fagfolk med spesielle interesse for tradisjonsbygg og som ein

IMGP4273_1
Marita Beth Jensen er
eigar av røykstova.

investerer i ved å gje kunnskap og for å verte tradisjonsberarar. Dvs. ved å lære opp desse fagfolka desse dagane,  så kan dei reise kvar til sitt og lære opp andre. Fleire er frå før utdanna byggmeistarar og kjem frå museum og firma som driv i restaureringsbransjen. Her var representantar frå Nordmøre museum og Røros

 

Bakkestova som er opphaveleg frå 1500 talet har no fått att sitt opprinneleg tak med torv og never. Stova er freda av Riksantikvaren og dermed er det bestemt at stova skal settast i stand og brukast framover. Eigaren er Marita Beth Jensen og det er Hjørundfjord kulturvernlag som er ansvarleg for restaureringa og firmaet Inge Kolås AS med Tore Stokke som byggeleiar som utfører arbeidet. Tore Stokke er den som har lagt til rette kurset ilag med eldsjeler frå Bjørke desse dagane og etter å snakka med folk så har opphaldet vore ein suksess.

Organisator for kulturvernlaget er Per Atle Røe som har ein imponerande energi og interesse for alt som har med fortidsminne og spesielt bygningar. Ein kan berre lure på kva som gjer ein sørtrønder med bustadadresse i Ørsta so interessert i gamle kulturminne i Hjørundfjorden? Sjølv om fødestaden hans er i eitt anna fylke og han bur i Ørsta, er mannen for lenge siden rekna som ein super hjørundfjording.

IMGP5412_1
Denne skrifta står på endeveggen av stova.

Han er også mannen bak søknader og dokumentasjon til Fylkeskonservatoren og han er kursdeltakar. Det har også desse dagane vore besøk av Fylkeskonservatoren, ved bygningsantikvar Christ Allan Sylthe, som fyl nøye med i arbeidet og som har sagt seg svært tilfreds med som skjer på Bjørke. Og skal huset leve vidare må huset takast ibruk og Marita er kunstnar og skal bruke Bakketunet til servering og til eit senter for kunstinteresserte. Desse planane støttar fylkesantikvaren som svært positive.

Torvleggarkurset.

Restaureringa av tunet har pågått i mange år. Løda og gamleenden i stova som er frå 1550 vart ferdig for nokre år sidan og det er no den høgste delen med røykstove som no står for tur og vert kalla nyeenden. Arbeidet har pågått i lang tid og Hjørundfjord kulturvernlag har stått bak. Arbeidet har skote fart etter at Riksantikvaren gjekk inn med betydelege midlar. Huset er verna og det er vedtak på at huset skal settast i stand og brukast til kulturminne. Firma Inge Kolås AS har vore entreprenøren her, og Tore Stokke frå Bondalen har vore ein ankermann.


Tore Stokke ,Chatarin Holemer, Ellen Giskeås og P

Tore sender torv til Chatarin Holmer frå Røros. Ellen Giskås og Per Atle Røe legg siste torv ved pipa.Lag med lag med russanever ligg på taket og over møne. Her ser ein Vossasida der nevra vart lagt som skifer side om side med ”Lukkemønster” i 6-7 lag. Kantsteinen ligg her rett ned på nevra.

Etter taket var restaurert måtte det torvtak på att slik som det opprinneleg var. Her måtte det store mengder med never og torv, og som tradisjonen var, så var det mykje folk i arbeid når slikt arbeid pågjekk. Byggefirmaet måtte hyre inn lokal folk til å finne høveleg torv og det skulle ikkje være noko grastak som skulle leggast, men skikkeleg torv med lyngrøter frå myrområde. Og her er det nok viktig å bruke lokal torv som er tilpassa klimaet og at det vert eit levande tak som fornyar seg sjølv. Skjer ein torva frå graseng vert det  avsviing i tørkeperioder og fare for at taket bles av. Lyng og meir naturengvekstar held seg betre mot dei fleste angrepa som naturen har.

Omgrepsmessig er det eit klart skille mellom torvtak og jordtak. I sistnemnde er det måka jord på taket – og såleis er moderne tak helst jordtak med underlag som gjer at desse taka ikkje på nokon måte kan samanliknast med gamle torvtak. Utsjånaden vert også forskjellig då moderne jordtak er tilsådd og får såleis ein anna vegetasjon enn dei gamle torvtaka.

IMGP5408_1

Tore Stokke tek imot siste lass med torv frå torvfeltet på Åsen mellom Åkre og Leira. Jarle Myklebust ved traktoren. Tv.Pål Bjerkestrand frå Normøre museum.

På Åsen mellom Åkre og Leira fann ein torva som ein meinte var egna. Her var Bjarte Sellereite og Jarle Myklebust tilsett som ansvarleg for å skjere og frakte torva ned til Åkre. Mellom Åkre og Leira går ein gamal jordbruksveg, men den er ikkje alle stader heilt oppdaterte på dagens traktorar, så det var til tider svært dramatisk med transporten og det held på å gå gale, fortel Jarle Myklebust, men dei berga traktoren.

Nevra var nok meir tidkrevande å finne frå våre kantar og det vart bestemt at her må ein ta i bruk bjørkenever frå Russland. Det vart bestilt 1300kg. never frå ein byggfirma i Budalen i Sør Trøndelgag, som hadde spesialisert seg den slags byggmaterialer. Noke never frå lokale område vart også nytta, for å sjå i framtida om her er forskjell.

Men for å legge eit slikt stort tak måtte det mykje folk til og det vart søkt om å få sette igong eit kurs i regi av Riksantikvaren. For å gjennomføre kurset, måtte instruktørar leigast inn. Desse var Jon Bojer Godal frå Valsøyfjorden, Steinar Mølster frå Voss og Trond Oalann frå Fylkeskommuna Hordaland.

Det vart nytta ulike metodar på kvar side av taket. Kursansvarleg Jon Godal presenterte nordenfjelske taktekking på eine sida og Steinar Mølster hadde tekking frå Voss på andre sida. Mellom anna er det stor skilnad på korleis nevra vert lagd etter dei to metodane. Desse tre heldt også kursing på ungdomshuset om kvelden innan faget.

Den Nordenfjelske/Nordmørs metoden.
På taksida mot bygda vart den nordenfjelske metoden brukt, og kursleiar var Godal som er ein kunnskapsrik person innan restaurering og båtbygging. Ja, han er nermast å rekne som ein ”Guru” når det gjeld den nordmørske ”Geitbåten”  som var heilt spesiell i sjøen og har vore ein del av Gjemnesprosjektet. Godal fekk gått grundig tilverks ved  lære frå seg taktekking som var vanleg på Nordmøre og i Sørtrøndelag og meiner at russanevra har vore vanleg å bruke frå gamalt. Dette har han funne ut ved å plukke av taket på gamle hus og studere metoden. Denne metoden er tidkrevande med nevra liggande i 3-lag sidevegen. 

Metoden har tolags torv der første lag vert lagt med graset ned, andre lag med graset opp. Torvstorleik er 60 (30) x30x7-8 cm. Kortsidane  vert skråa og øverste laget lagt med langkant oppetter taket slik at vatnet følger overflata (grasflata) over på torva nedanfor. Dei to laga vert lagt i forband. Torva skal takast på mager jord med finnsjegg  og helst litt blåtopp og røsslyng. Godal var relativt nøye på tjukkelsen og såleis vart det laga kassemal for dette.

Nevra er her nøye sortert i tre storleikar og ho har ikkje hol. Minst tre lag med never.

Endesteinane vart lagde oppe på torva slik tradisjonen har vore her på våre kantar også.

IMGP5413_1 IMGP5411_1
Taksida mot bygda var lagt etter den nordenfjelske metoden. Ved legging av torv på nevra måtte ein være svært forsiktige med trakk. Helst skulle ein være så godt hjelpa at leggarane skulle kunne stå på kne og arbeide seg oppover, så ikkje nevra vart skada. Å ha dyr på taket var det totalt forbod mot. På den nordenfjelske metoden vart kantsteinen lagde på torva. Her var torvålen mykje mindre enn på Vossasida. Metodene vert ripa inn i vindskeidene.

Vossa  metoden
På taksida opp mot Åsen var det Steinar Mølster som rådde grunnen og her vart det også brukt russanever, men her var nok tradisjonen lokal never og det vart brukt ein del av det også. Mølster har fått kunnskapen gjenneom bla anna faren, men har også reist rund og studert gamle tak som har vorte plukka ned på same måte som Godal. Vossametoden er godt dokumentert.

Nevra var lagt som skifer, side om side med ”Lukkemønster” i 6-7 lag og metoda er nok beregna til mindre never, enn det som var brukt.

Metodane har same torvstorleik, men her er det brukt eit lag og 15 cm tjukkelse. Desse er lagt med jorda ned og har rette kantar. Denne torva vert teke i blautlende/myr med tung, svart jord (ikkje torvmyr/brenntorv) . Småstein/grus opp til storleik trastegg er ok. Busker og trerøtter skal ikkje vere med. Nevra er ikkje sortert og her er nytta ca seks lag. Også ulikt leggemønster i høve til den andre metoden.
Kantsteinane ligg rett ned mot nevra og det var forskjellige løysningar på dei to metodane langs raft, møne og ende. På denne sida vart det brukt ein svært kraftig torvål av alfuru.

IMGP5417_1 IMGP5418_1
Sida oppmot åsen er lagde etter Vossametoden Ein kraftig torvål med kantstein rett på nevra.

-Mølster heldt ein knapp på Vossametoden særleg der leggevêret vart ein ukontrollerbar faktor. Det trur eg han har rett i då  Nordmørstorva vart trødd nedover taket og det var nesten umogleg å få optimalt leggemønster grunna oppbløtt torv og glatt tak. Som han seier; det er nevra som skal gi tett tak – ikkje torva. Ho held nevra på plass og vernar ho. - Refererer Per Atle Røe frå Mølster i ein kommentar

Dei to metodane er no rissa inn i vindskeid og torvol slik dei kan studerast korleis dei står seg i framtida.  Det er også stor interesse å kome i kontakt med lokale fagfolk som kan dette med torvtak her i vårt distrikt. Dei kan ta kontakt med Hjørundfjord kulturvernlag, ved Per Atle Røe eller Tore Stokke.

Nede. Jarle Myklebust  På taket Jerker Nivfoss, E Ellen Giskeås og Arne Vassenden
Nede Jarle Myklebust, på taket Jerker Nivfoss,Ellen Giskås og Arne Vassenden Ellen Giskås og Arne Vassenden
IMGP5420_1 IMGP5422_1
Stova er ei gamal røykstove med ljore i taket. Ved restaureringa vart det lagt nytt trod over holet i taket, men sjølve ljoren er å sjå slik den var. Per Atle Røe i den gamle røykstova. Pipa og fyringsomn er komen til i nyare tid.

Nevra rakk ikkje til, men det var ikkje noko problem.
Kurset har gått svært bra og har vore lærerikt seier Tore Stokke. Men på onsdag fekk me for lite never og då var det litt kritisk for kva me då skulle gjere? Men ein telefon til leverandøren i sør trøndelag var bekymringa over. Sjåføren Johan Endalsvoll levde opp til sitt gode rykte og leste opp lastebilen og la på veg mot Sunnmøre kl.17. på onsdag og ved midnatt melde han frå til Tore om at no stod han Festøya.  Han ville berre ha litt ekstra informasjon om korleis han kom til Bjørke. Bjørke er ikkje noko vanskeleg å finne, sa Tore, i alle fall ikkje når ein får fylgjebil.  For Jarle Myklebust stilte opp i Austefjorden og viste trøderen veg. Her kom han til Raustad og fekk stelle seg og vart innkvartert på ein sofa som hadde mykje betre komfort enn seta i den vesle lastebilen. Etter nokre timar søvn og ein god frukost med nistepakke til turen heim, vart nevra levert til arbeidet starta torsdag morgon. Kva slags firma kan skilte med betre service, spør Tore?


Jobben er gjorde

Jobben er gjorde og det er tid for å kome i hus. Det sosiale er på topp og ei god historie er ikkje å forakte i godt lag.Tore Stokke, Jarle Myklebust, Arne Vassenden, Arnt Ivar Kolås, Ellen Giskås og Per Atle Røe.

f.h.  Jørn Solli og Ellen Giskås

Jørn Solli og Ellen Giskås hadde berre godt og seie om innkvarteringa hos Jarle og Sølvi Myklebust på Raustad.

Middag, frukost, niste og overnatting.
Ved eit slikt kurs så har utfordringa vore korleis ein skal skaffe overnatting og bevertning til deltakarane, men sidan det er ei bygd i utvikling og optimisma er stor, så er her mange moglegheiter. Ja Bjørkeområdet kan skilte med oppimot 50 overnattingsplassar rundt omkring, og i dette høve stilte Sølvi og Jarle Myklebust og Solveig”Pia” Nikkinen og Kjetil Rørstad opp. Frå måndags ettermiddag(21/9) var Pia og Kjetil klar med mat og bevertning inklusiv middag til 16 personar kvar dag. Ikkje nok med at dei hadde dette oppdraget, i tillegg var der full drift med nykalva mjølkekyr i kvar fjøs.


IMGP5428_1

Vertskapet på Raustad. Jarle Myklebust, Kjetil og Solveig-Pia-Rørstad

Frå kl.6 var Pia og Kjetil opp og begynte å koke kaffi og førebu frukosten. Til kvar frukost fekk deltakarane heimesteikte og ferske brød og det er utruleg kva som går når ein har hardarbeidande folk i maten, seier Pia

IMGP5426_1 IMGP5427_1
Pia hadde klar snop til kaffien etter middagen
  Og middagen er under kontroll

Overnattinga gjekk føre seg med 7 personar i gamlehuset til Jarle og Sølvi og 5 personar til overnattingar i kjellaren til Kjetil og Pia.

Det har vore ei travel og kjempe kjekk veke med berre blide og triveleg folk som vi kanskje kan få treffe att ved eit seinare høve, seier Pia og Kjetil

Siste middag på Raustad

Siste middag. Per Atle tok fram konnølet for ein høgtideleg kranseskål.

Tore Stokke som har vore den lokal tilretteleggaren veit ikkje korleis han skal få fullrose den innsatsen som alle har gjort i denne samanhengen. Alle plassar har alt vore tilrettelagt og dei fire på Raustad har gjort ein jobb som vil heve omdøme til Skjåstaddalen og Bjørke når desse tilreisande reiser heim og fortel om bygda dei har besøkt. I tillegg til alt arbeidet på garden har Jarle stått for transporten av torv, med traktor og det har vore til tider ei stor utfordring i det våte og sleipe føre. Men ansvaret for torva har Bjarte Sellereite frå Leira hatt og vi har opplevd ein kjempeinnsats frå han ved at han har stått på kvar dag for at nemingane skulle få byggmaterialer.

Tore og Per Atle har med sitt gode humør gjort jobbe lett for oss, seier dei som har hjelp til.