Minner frå ei svunnen tid, kven skulle ikkje ha hatt ein kaffikjel?
Blått til lyst... Eit rikhaldig utval av serviser og kjøkkenutstyr.
Det manglar ikkje på sjarmerande pynt til heimen.
Japanske vasar, nydelege er dei!
Tenk å komme heimatt med Marilyn Monroe eller James Dean under arma?
Her er også godt utval for barna, bøker, spel, filmar og leiker.
Denne skjønne dokka held på å koke middag.
Perler frå 70-talet.
Isbitboksar, greitt å ha til neste fest ;)
Vi er overvelda og svært takknemlege over alle dei flotte loppene vi har fått inn, husk at dett er berre ein bitteliten forsmak, resten skal vere hemmeleg til åpninga.
Så står det att å ønskje alle velkommen til økonomisk shopping, vi vonar at loppemarknaden også skal vere ein hyggeleg møtestad for prat og utveksling av nyhende.
I kjellarstova vert det kafè med masse gode kaker og smørbrød.
Bedehusgangen er full av tomkasser, som de forstår manglar det ikkje på glade givarar. TUSEN TUSEN TAKK !
NB! det er høve å levere meir torsdag og fredag etter kl. 18.00.
Foto: Lovise Mo