Cruiseturistar, gondolheis og veg til Skårasalen, klatreturar, levande bygder, det genuine og ekte, gardturisme og tome hus på nedlagde gardsbruk, hytter og hotell, dykking, turløyper, bjørnehi og Hjørundfjordsti….
National Geographic
Det er tidsskriftet National Geographic si kåring av verdens mest ettertrakta reisemål - dei norske fjordane – som er utgangspunkt for diskusjonen. Og når første kommentaren frå Svein J. Urke går ut på at det kan tyde på at hjørundfjordingane ikkje forstår kva gullklump dei sit på og endå mindre er i stand til å utvikle, så er det lagt eit godt grunnlag for ein engasjert diskusjon om kva som bør gjerast og kven som skal gjere det.
|
|
Innover fjorden.(Foto Ivar Svein Mo) | Svein J. Urke:"Det kan tyde på at hjørundfjordingane ikkje forstår kva gullklump dei sit på og endå mindre er i stand til å utvikle ..." |
Grunnlaget er naturen
Først må vi slå fast at Hjørundfjorden og Sunnmørsalpane har utvilsomt eit potensiale som reisemål. Ørsta Reiselivslag framhevar nettopp desse stikkorda som grunnlaget for satsinga på reiselivet i Ørsta kommune.
Sitat: Dei majestetiske tindane og alpine formasjonane skil Sunnmørsalpane frå andre fjellområde i Noreg. Alpelandskapet er heilt særmerkt med høge, steile og takkete fjell. Midt gjennom dette storslåtte landskapet skjer Hjørundfjorden 35 km inn gjennom fjellmassivet. Dette er ein av dei aller vakraste og mest dramatiske fjordane i Noreg. Mellom dei stupbratte fjellsidene og fjorden bur det framleis folk – gardsbruk og små bygder som (enno?) ikkje er fråflytta, gjer dette til ein levande og autentisk fjord. |
(Ørsta Reiselivslag 2009) |
Situasjonen i dag
Hjøundfjorden har blitt ein utkant som er prega av flytting frå bygdene og nedlegging av gardsbruk, gartneridrift og småindustri. Kommunesenteret Ørsta trekkjer til seg ein del nye innbyggarar frå bygdene, men langt dei fleste frå Hjørundfjorden har over tid flytt ut av kommunen, mest til Ålesund og ein del industrisenter rundt om på Sunnmre. Slik årelating tærer på.
Hjørundfjordingane uttrykkjer ei kjensle av å ikkje bli ivareteken av sin eigen kommune. Dei finn ikkje politisk eller administrativ vilje til å bruke midlar i dette området. Dei synest tvert imot å bli motarbeidd frå eigen kommune. Det vert vist til ei rekkje eksempel som t.d. innsparingar som fører til nedlegging av tilbod, kutt i planlagde investeringar og ein generell uvilje til å gi byggeløyve og kravstilling om kostnadskrevande plandokument m.m.
Antan det eine eller andre?
Hjørundfjordingen er ikkje vanskelegare enn anna folk og lærer like lett eller like vanskeleg. Det er viktig for heile kommunen at optimisme, vilje til å utvikle og satse i dette området ikkje vert hindra. ”Utan utkantar, ingen sentrum!” kan vere eit godt slagord å ta med.
Rette instansane og dei interesserte personane må finne fram til samhandlingsmåtar for å få fremma sine planar og interesser. I denne samanheng er det bygdeutvikling knytt til turisme som er temaet. Bygdemobiliseringa var eit kortliva prosjekt som viste veg så lenge det varte.
Ein må ikkje leite etter berre eitt einaste fasitsvar på korleis utviklinga skal vidareførast. Det må bli både det eine og det andre. Derfor må ein ikkje klive opp på skansane og kjempe mot veg til Skårasalen, mot djupvasskai, mot hotell eller mot gondolheis. Ein må i staden tenkje over alt ein kan arbeide for å få til. Når ein finn ut kva saker ein skal arbeide for, er det lettare å finne både vegretninga og unngå å virre rundt i tåka.
Overbygningane
Hjørundfjordingane saknar overbygningar som kan invitere til samarbeid. Det har vore knytt håp om at kommunale organ skulle medvirke. Reiselivslaget er eitt slikt organ, men det er for Ørsta sitt vedkomande ein vingklipt fugl som er i ferd med å permittere sin eine tilsette. Kva andre kommunale organ vil gå i spissen for å fremje det som er skriftleg formulert å vere grunnlaget for satsinga på reiselivet i Ørsta kommune – Hjørundfjorden og Sunnmørsalpane - ?
Frå Molaupstind tvers over fjorden. Foto: Svein Myhre | Frå Bjørke. Tyssefossen t.v. |
Var det eit grovt feilgrep at Ørsta i reiselivssamanheng ikkje har engasjert seg i breiare samarbeid med heile regionen? Kva rolle spelar Ørsta kommune i satsingsområdet Destinasjon Ålesund og Sunnmøre (DÅS)? Må Hjørundfjord etablere ein eigen organisasjon, sitt eige reiselivslag, eit forum for kreativ samhandling i eit samarbeid med DÅS?
Det må til eit visst omfang av turisme før ein får opplegga til å gå rundt. Difor må ein unngå å åtvare mot ”masseturisme” – det ligg langt unna. Det er behov for å kunne lykkast med satsingane. Om ikkje det skjer det første året, så må satsinga bli berekraftig på sikt. Vi må vakte oss for å ønskje berre ein ”sort” turistar velkomne, gjestfridom er ikkje knytt til kor mange som kjem eller kor mykje kvar enkelt legg att i form av pengar. Slik sortering straffar seg i neste omgang.
Idemyldringa
Dermed er vi tilbake til starten på dette innlegget der det vert nemnt nokre av ideane som dukkar opp:
- Opplysnings- og informasjonskioskar i kvar bygd, medrekna hjelp til å utv. info-materiell
- Tursti-utvikling i nærmiljøa, stimulere restaureringsarbeid
- Hjørundfjordstien
- Fisketilbod og gode båtar til utleige
- Orienteringar om fjellturar, klatreruter m.m.
- Utvikling av kulturløyper m/ alle attraksjonar, skilting
- Guideordning for bygder og heile området
- Hjelp til planlegging av turisthytter og marknadsføring av hyttene
- Serviceutvikling knytt til hytteutleige og reinhald
- Stimulere til å etablere hyttefelt med god service og gode tekniske anlegg, inkl. hotell/motell
- Campingplassar i alle bygder
- Utleigeordning av restaurerte sel til spektakulær og rimeleg overnatting
- Medvirke til å fjerne byggerestriksjonar i høve urimelege ras-truslar (snø, stein og flodbølgjer)
- Arbeide overfor Hurtigruten med tanke på anløp i Hjørundfjord.
- Djupvasskai på Urke
- Veg til Skårasalen
- Gondolheis til Saksa
- Norangsdalen må framførast som ein av dei STORE attrraksjonane, dykking og klatring
- Strandgardane med ridetilbod, turopplegg og særeigne tilbod om geithald, gardsarbeid etc.
- Bærplukking, fruktplukking og vidareforedling til syltetøy, saft og vin
Lykke til, alle gode krefter!
Kommentarar
Eg er einig med artikkelforfattaren at vi ikkje skal åtvare mot "masseturisme" men både eg, Arnfinn og Anette synes einige at vi må marknadsføre det som er våra særpreg, nemleg vakker natur.
Kan det vere ein ide å ansette ein turistsjef for Hjørundfjorden? 1/2 stilling i fyrste omgang kanskje?
Samarbeidspartnar bør vere krefter i Ålesund eller kanskje Oslo for den del.
Ørsta kommune er ein hemsko, det går vel etterkvart opp for dei fleste.
I slutten av august hadde bror min 30-40 tilreisande bryllaupsgjestar på Sæbø. Eit perfekt tredagars arrangement! Overnatting på Sagafjord, servering av fish & chips ute, kyrkja, regnbogen, fjell, fjord, M/S Hjørundfjord til Trandal, middag på Christian Gard, nachspiel på verkstaden i Sandvika – gjestane var mållause over den storslotte naturen! Det vart teke tusenvis av bilde og mange av gjestane kjem garantert til å vitje Sæbø igjen.
Har ein besøkt Hjørundfjorden ein gong vil ein gjerne oppleve staden fleire gongar.
Men korleis få ut informasjon om denne flotte naturen og dei tilboda som finnast?
Ein turistsjef for fjorden er ein spennande tanke, ein som kan mate www.visitnorway med nyhende og sjå til at fjorden får meir omtale. Ein som kan jobbe med PR/informasjon mot aktuelle instansar. Ein som kan samle og koordinere tilboda. Kanskje lage ein eigen nettstad for marknadsføring mot turisme? Der m.a. de lokale legg inn desse flotte artiklane frå fjellturar o.l. som ligg her på portalen.
Kanskje ein på sikt kunne få til ei slags Sherpa/kjentmann-ordning? Der ei sprek gruppe frå bygda stiller som fjell-guider til spektakulære toppturar. Der turistane betaler ein stk pris direkte til guiden? Datoar og opplegg kunne leggast ut på nettsida, der turistane kan melde seg på. Eit liknande opplegg kunne ein også lage for fjordfiske.
Ein kunne også presentere heile fjorden samla gjennom ein to-tre språkeleg «miniguide» i lommeformat. Ein kombinasjon av artiklar og annonser. Der innhaldet gjev eit totaltilbod til turisten.
Annonsørane kunne f.eks. være: Widerøe, Fjord1, 62 grader Nord, Hotell Union Øye, Christian Gard, Sagafjord hotell, Rekkedal Gjestegard, Villa Nordangsdalen, Campingplassar, Bondalseidet Skisenter, Turistforeininga, sportsutstyr, kanskje Iriss Forlag med flotte turbøker frå området?
Kanskje kunne ein i tillegg søke statlege midlar for å få til eit opplag som monnar og ein effektiv distribusjon?
Det redaksjonelle kunne ha ein miljøprofil med eksisterande tilbod, der ein viser fjorden i all slags ver. Flotte artiklar om fjellturar på Sunnmørsalpane, både til fots og på ski, turløyper, cruise på fjorden, Bjørnehiet i Leknesdalen, dykking i Nordangsdalen, gardturisme, laks- og makrellfiske, lokal kunst, badeliv, ferske lokale bakevarer, kart, osb.
Eg har som sjølvstendig grafisk formgjevar hatt mange slike oppdrag for VisitDenmark (Aalborg, Århus, København). Det viser seg faktisk at interessante miniguidar er noko folk tek vare på og finn fram når dei skal ut på tur. Eg har også laga VG-annonsekampanjer for Bornholm kvar vår, der Widerøe og Bornholmtrafikken (ferja) er hovedsponsor. Og hotell, pensjonat og campingplassar kjøper moduler tilpassa egen økonomi.
Eg vil tru at målgruppa til Hjørundfjorden i første omgang er den som er oppteken av miljø, vakker natur og som ikkje ynskjer å gå i flokk? Om målet for nokre er masseturisme er det noko som uansett tek tid å etablere som Per Urke skriv. Men om målet er det eine eller det andre kan ein byrje i det små og få marknadsført fjorden med dei tilbode som finnast i dag!
Det som eg er redd for - nok ein gong - er at det stoppar opp etter å ha blitt lufta i Portalen. Det heile vert lagt dødt når artiklane glir over i "eldre artiklar" etter fire dagar.
Kven er det og kvar finst dei som vil ta tak i framhaldet? Er det ikkje på tide at ein eller annan instans kallar inn dei som som har turisttilbod i fjorden (hotell-, gjestehus-, hytte-,campingplass-, sel- og hyttetomteigarar + alle andre som har tankar og idear om kva som skal kan gjerast? Dette inkluderer dei som har næringsinteresser i Fjorden. Dette må bli ein omfattande konferanse som det må vere mulig å få innovasjonsmidlar til eller anna støtte frå instansar som fylket rår over.
Mi utfordring går til to instansar: Destinasjon Ålesund og Sunnmøre (DÅS - Hjørundfjordsatsinga) + Ørsta Reiselivslag! Finn fram til målgruppene for ein konferanse! La ei arbeidsgruppe bli etablert i slutten på konferansen og syt for ein viss kapital til å vidareføre arbeidet som vert starta.
Saka er vel at dei har nok med sitt for å få hjula til å gå rundt.
Idemyldring er vel og bra, men no er det presentert så mange idear/forslag at det kan gå rundt for ein stakkar.
Kven ventar ein skal finansiere/ta initiativ!
Dei som hyppigast kjem med forslag? Neppe.
I første omgong burde vi Hjørundfjordingar støytte opp under det vi har.
Eksempelvis "handelslekkasje" fører til meir og meir negative konsekvansar. For fastbuande og turistar.
Skal Hjørundfjorden oppnå vekst i investeringar, må det komme eksternt.
Elles vil situasjonen verte "status quo."
Difor var det trist at ikkje "62 grader Nord" fekk kjøpe hotellet på Sæbø. Ei samording med hotellet på Øye ville vere framtidsretta.
P.S Kva t.d med "Hjørundfjordråsa..?" Eit forslag som vart omfamna av heile Hjørundfjorden.
Enno eit døme på ein framkasta ide som manglar fundament og økonomisk botn.
No er tiltaket gløymt...
En annen ting er at det hadde vore fint å hatt et hotell som ikkje drive i hemmeligheit, men som aktiv prøve å markedsføre seg sjølv og Hjørundfjorden. Det syns eg det skorter ein del på.
Desse åra har vi lært om merkevarebygging, omdømebygging og vi har laga brosjyrer og seinast sist sommar ein turgaid for Sæbø og Bondalen. Vi har også hatt Mat-og Landbruksministeren på besøk for å sjå på prosjekta våre og frå Fylket har vi fått god hjelp om vi har bedd om noke.
Bjørke fekk laga ei flott brosjyre av Bjørke i forbindelse med kulturminneløypa.Her gjorde Skjåstaddalen Frilynde Ungdomslag ein flott jobb. Der er no mange prosjekt på gong på Bjørke, og vi ser stadig nye og flotte tiltak som skaper trivsel på Urke.
Bygdemobiliseringa er no utvida med eit år pga. at mykje arbeid står att og midlane er ikkje brukt. Dette betyr at vi har støtte frå fylke med sakshandsaming og hjelp til å finne dei rette kanalane.
Vi har erfart desse åra, at skal vi gjennomføre prosjekt og tiltak, må vi ha politisk behandling og sakshandsaming ved Ørsta kommune. Vi har gjennomført mange møter med administrasjon og politikarar og fått mange godord, men dessverre vert det lite handling etter desse møta. Ei behandlingstid er ofte 6-8 månader for enkle saker og dette forseinka kraftig alt arbeidet som er planlagt.
Skal vi få framgong med ny busetjing og utvikling av opplevingar og ny giv med næringsutvikling og turistsatsing, må fleire stå samla fram med si røyst krevje sin rett, og det ville være ein stor fordel å samle seg ilag med Vartdalsbygdene for å få gjennomslag i distrikta.
Eg kunne tenke meg ein debatt korleis vi skal bygge omdøme og samtidig sette fram krav til politikarane i media, utan å virke negativ til omverda, då omtale i presse og portal ser ut som den einaste vegen for å få gjennomslag.
Vi har hatt enkelte innslag her på portal der meiningane har vore tilspissa og det har ikkje mangla på reaksjonar i etterkant om at portalen høver ikkje til den slags. Det vert meint at dette fører kun til fråflytting og negativ signaler til ungdom som kan tenkje seg å flytte tilbake til bygda. Det har også kome krav om at administrator skal slette innlegg som er underskreve med fullt namn og ikkje er injurerande, men har sterke meiningar. Er portalen uegna og Hjørundfjorden er for liten til eit slikt medium, eller skal her kun skrivast om snille saker som skiturar, handballkampar, lamming og våre flotte måndagsturar?
Skal vi ha ein levande fjord må landbruket være berekraftig og gardbrukaren må få ein brukbar innkome av sitt arbeid ilag med andre som satser. Ei modernisering må til og vi må kunne finne oss i naturinngrep i bygging av bygdene. Ofte opplever vi då sterke reaksjonar frå folk som er opvoksne i bygda med bustadadresse langt unna, krev at ingenting skal forandrast. Skal desse røystene takast hensyn til framfor fastbuande, med gjerne eit resultat i at gode tiltak stilner av?
Mottoet har vore at bygda skal ta grep om eiga utvikling!
Mi meining er at går det bra for bygda med velukka satsinga, så vert det godt å bu her for meg også. Tek vi alle eit tak,skal vi leve godt i fjorden i framtida og kunne ta imot besøkande turistar og presentere bygdene på beste måte.
Til spørsmål om Hjørundfjordråsa er saka ferdigbehandla og eit presentasjon er laga og ligg på vent i Ørsta kommune si leiing, for ei politisk behandling. Dette er eit krav før MR fylke behandler saka. Det er no ca. 5mnd. sidan saka fyrste gong vart innsent!
Ivar Svein Mo - leiar
Kunne det vere Bygdemobiliseringa som fronta eit samorganisering av alle gode krefter i Hjørundfjorden og evt. Vartdal med tanke på å vidareutvikle arbeidet for auka turist-trafikk?
På ein måte kan eg forstå at dei som alt er inne i turistnæringa, tenkjer at det er ikkje nødvendig å stimulere fleire aktørar når det som alt er i gang, toler større belegg; j.fr. meldinga om stengt hotell på Sæbø. På den andre sida vil gode tilbod og auka trafikk gje rom for fleire tiltakshavarar utan å knekke dei som er inn no. Men det vil vere lurt å lytte til dei som har erfaring.
Eg har tru på at ein konferanse på Sæbø kunne vere ein god start. Eg ville i denne omgang ha fokus på temaet som er utgangspunktet: Korleis kan ein utvikle ei berekraftig turisme i vårt område og med det styrke bygdene si utvikling?
Dersom Bygdeorganiseringa ikkje føler seg i stand til å gå i spissen, så går utfordringa på nytt til DÅS og Ørsta Reiselivslag.
Kanskje dei er interessert?
Når dei behandler sakler eller har møter bruker dei då å få ekstra informasjon om saker gjennom nettet.
Man kan snakke og sjå personer på storkjerm nå.
Kommuna kunne då sjå og høyre kva leiaren i bygdemobliseringa hadde å tilføye ei sak ol.
Man kunne stille spørsmål direkte til vedkommende og få meir informasjon om saka.
Dette gjeld så klart andre saker og der kommunestyre eller formannskap vil ha direkte kontakt med dei som legg fram saka.
Eg sende for ikkje lenge siden både en tale og bilder rett til en konferanse.
Bruk nettet.
"Hei og takk for nyttig tips!
Jeg har videresendt den til alle avdelingene også til Kjetil Aarseth, ansatt i prosjektstilling med nettopp Hjørundfjorden som satsningsområde. Har bedt ham følge opp videre.
Flott at dere sender oss sånne linker. Fortsett med det.
Med vennlig hilsen
Britt Giske Andersen
Turistinformasjonen
Destinasjon Ålesund & Sunnmøre
Skateflukaia, N- 6002 Ålesund"
Hjørundfjord-råsa har eg stor sans for, kan utviklast i etappar, ta f.eks. mål av etappen Leknes-Trandal. Og saka om råsa er altså overlevert til kommunen for ei tid sidan.
Frå Bjørke. Tussefossen t.v
Fossen på Bjørke heiter Tyssefossen.
Lett for Per Urke å rette det opp feilen.
Eg trur ikkje det har noko før seg å diskutere verken målgrupper eller marknadsføringstiltak her på portalen, då dei fort blir med diskusjonen og forsvinn i gløymeboka. Men dette er noko eit eventuelt reiselivsorgan kunne utforma. Kanskje laga ein eigen nettstad som hovudkanal for marknadsføring, parallelt med å påverke til plass i offentleg reiselivsreklame (både på nett og i trykksaker) og trykksaker til dei turistane som kjem? Videre nevner Pernille Våge fleire arbeidsoppgåve eit slikt organ burde ta på seg å jobbe aktivt med.
Eg trur ikkje en kan rekne med at dei som satsar, eventuelt har satsa, på turisme bidrar aktivt før dei ser at dei kan få noko tilbake som er av verdi for dei. Det er fullt forståeleg, men at dei kan innvolverast på ein eller annan måte (for eksempel dele sine erfaringar under bygdemøte/konferanse, om det er der ein ender) trur eg det hadde vore ein viktig fordel. Spesielt med tanke på om det skulle ende med at vi får eit reiselivsorgan i Hjørundfjorden. Godt samarbeid med brorparten av reiselivsaktører og spesielt dei sterke aktørane er kjempeviktig. Mangel på eit slikt samarbeid er noko til dømes Destinasjon Geilo har måtte finne ut på den vanskelege måten, der dei slit med å marknadsføre seg som ein heilhetleg destinasjon. Turisme i ”småskala” er eit eit utrykk dei som les portalen har fått kjennskap til, men det spør om ikkje skalaen vert litt vel liten om alle aktørane i Hjørundfjorden skal marknadsføre seg sjølve individuelt. Berre det å kunne arbeida fram ein felles visjon for tursme i fjorden vår hadde vore ein kjempefordel.
Eg syns denne diskusjonen er kjempebra, og det er nyttig å få høre Bygemobiliseringa sine tiltak. Kanskje dei kunne ta initiativet til ei minikonferanse på Sæbø der fjorden kan samlast å lufte litt idear, evntuelt også tilegne seg litt lærdom? Eg trur det hadde vore både nyttig og spennande å sjå om der fins ei muligheit for å danne eit eiget reiselivsorgan. Dei som sit med idear og kanskje har tenkt å prøve seg med turisme burde i allefall være interesserte.
Er det den lokale medlemsmasse som skal avgjere, sidan du nemner demokrati, eller...?
Men en diskusjon om ken som skal være berettiga å kome med innspel for utvikling av Hjørundfjorden vert FEIL!!! (med store bokstava og ropetegn bak)
Om det er ein turist på gjennomreise som kjem med eit godt tips, ein utflytta eller innflytta eller fastboande i 17 generasjon Hjørundfjording, eller for den del teknisk sjef i Ørsta kommune - det spelar vel ingen rolle. Poenget er at om det er eit godt innspel som kan brukast kan det godt være med på å utvikle Hjrundfjorden.
Det en mangla er en plass å kanalisere ideane inn til. Et fora som kan gå gjennom ideane og lagre dei som ikkje er aktuelle pr. dato, men kan bli det. Vidareutvikle dei som ein kan gjere noko med pr. dato.
Dei som driv med turisme har vel samla seg i fora alle reide, men heller ikkje dei kan greie alt.
Og det er ei grense for kva ein kan forvente at folk skal gjere på frivillig basis.
Og sjøl kor kreative vi "eksil Hjørundfjordingane" er, så er det fortsatt dei som bor i bygdene som må gjennomføre tiltaka. Eller om det er tillyste dugnada så kan vi kanskje planlegge ei heimreisehelg i sakens anledning...
Ivar Svein har heilt rett i at om Hjørundfjorden skal overleve må ein ha eit berekraftig landbruk med innkome som gir overskot, på lik linje med andre tiltak ein set igong. Ingen andre jobbar graits så kvifor skal ein forlange at bøndene skal gjere det? Uten bønder med dyr i fjellheimen vil kulturlandskapet gro igjen, og det er vi heller ikkje intressert i.
Vi vil ha bønde, turista, hotell og campingplassa, butikka og bakeri - og la det for all del være overskot av næringa slik at dei som satsar og legg ned timesvis av arbeid kvar dag kan leve av det. Og helst så mykje overskot at dei kan ha eit godt liv utan for store økonomiske bekymringar. Då kan dei heller bruke tankane på å kome med gode idear for å utvikle næringa si i positiv lei, i staden for å bekymre seg.
Om dei vert rike og får eit godt liv er dei vel unt:-)
Men uttrykket "ein kjenner best kvar skoen trykkjer den som har den på" renn meg i hu....
Ein skal vere klar over at småsamfunn som langsamt vert avfolka/forgubba, vert i undertal i høve sumar-ferierande som først og fremst er opptekne av å ivareta sine eigen interesser. Som ofte er å la tilhøva vere isi "nostalgiske form."
Dette er eit faktum som ein ser mange stadar.
Ressurssterke personar "i sine beste år" som då lett set standard.....
Skal Hjørundfjorden oppleve utvikling må vi finne oss i ei viss estetisk endring, som t.d å late samåkraftverk verte utbygde og Skårasalveg verte bygd.
I dag er teknologien kome så langt at slike "inngrep" knapt treng vere synlege.
Dette er over vassflata som vi har kontroll over. Det som skjer under vassflata grunna oppdrett har vi mindre kontroll med.
Apropos det må eg seie at eg ofte har hatt tankar om kvifor ikkje motstandarar av "overflate-estetikk" ikkje uroar seg meir over det.
Vi treng fleire undervass-dykkarar i Hjørundfjorden.
Nokre veit eg vi har. Kontakt meg Jørund! Gratulere elles som far!!
Oppdrettsnæringa er eit prøveprosjekt i full skala som vi ser dei økologiske konsekvensane av i dag.Dette er døme på korleis "tukling" med naturen kan ha uante langvarige virkningar.
Poenget er at prinsippet om å vere "føre var" ikkje låg til grunn då då denne næringa ekspanderte. Eg reknar med at det eksisterte diskusjonar imot denne næringa då den var i startfasa (dette veit nok helge) men at det ikkje kunne bevisast at næringa ville føre tildet den no har gjort.
Spørsmålet eg vil lufte er om større prosjekt i utmarka t.d veg til skårasalen (sett i samanheng med all aktivitet dette vil medføre) kan ha verknader "under overflata", på dyreliv eller biologisk mangfald?
Til dei som hevder at det ikkje vil ha slike konsekvensar, vil eg med historia om oppdrettsnæringa friskt i minne, oppmode om følgande:
MOTBEVIS DET
Men noko samanliknbart har vi.
Geiranger fekk verdsarv-status.
Då var vegen til Dalsnibba forlengst bygd med dei tusener av vitjande kvart år. Det var ingen hemsko for status. Tvertimot!
Meir lokalt kan seiast at vegar til fjells er bygd fleire av tidlegare utan motføresetnadar.
Bl.a i Frølandsdalen. Likeeins i Kvistddalen. Nær halve vegen til Skårasalen.
Tek ein med skogsvegar i Bondalen for å utnytte tømmer (som ikkje vert gjort) kjem ein tur-retur Skårasalen fleire gongar.
Alt dette vart godteke og bifallt. Det skulle grunneigarar og lokalsamfunn kome til gode.
Det er vel nett det ein event. veg til Skårasalen skal gje.....
Det var vel Geirangerfjorden, ikkje Geiranger, som vekk verdsarv-status. Dalsnibba var ingen hemsko for dette, men at det bidro positivt til verdsarv-status tviler eg litt på. Vertfall har eg aldri lest eller hørt den før. .
At det lokalt er bygd vegar til fjells her tidlegare kan vel diskuterast. Den som går høgast er vel den i Kvistaddalen som har køyrbar veg opptil 520 m.o.h. som er 1/3 av høgda til toppen. Dette ar altså fleire hundre meter under skoggrensa og på gamal kulturmark. Likeis i Frølandsdalen, som er den vegen eg nyttar mest. Denne er ein 100 år gamal kjærreveg som seinare har vorte utbedra for traktor og bil. Absolutt ein fordel for dei som driv utmarksbeite, veding og i framtida tømmer. Ingen skjul på det.
Utbyggjarane av Skårasalvegen håpar/ tippar på 30 000- 40 000 avgangar per sesong. Dette er ikkje samanlignbart med desse eksisterande skogsvegane og setrevegane. For i samanheng med spørsmålet eg stilte under er det ikkje sjølve vegen eg ser som ein potensiell trugsel for økosystema/dyrelivet. Det er vedvarande traffikk av menneske i eit omfang av heilt andre dimensjonar enn det som er prøvd ut her tidlegare.
Om nåkon kan overtyde meg om at 30-40 000 bilavgangar til skårasalen ikkje vil føre til degradering av naturmiljøet/dyrelivet, ikkje vil øydeleggje møte med fri natur og naturopplevelsen i området og at dette er den beste måten å utvikle turistnæring på då vil eg støtte prosjektet 100 prosent. Eg tviler ikkje på at hensikta er det beste for fjorden. Men inntil eg er overtydd forheld eg meg føre var.
Mange av ideane som har kome fram her finn eg veldig gode og gjennomførbare forresten!!
Helsing Yngve (6165 Sæbø)
Vi skal tenkje oss om, men det er slik at tenkjer ein for lenge på neste steg, kan ein bli ståande på ein fot resten av livet.
Portalen er heller ikkje eit vedtaksforum, men ein lufteplass.
Sett frå min synsstad, meiner eg:
1. Det er viktig å finne samarbeidspartnarar som har vilje til å satse. Det er flott at 62gr.NORD tek så godt tak og at dei tenkjer langsiktig. Hjørundfjordingen kan og bør samarbeide etter beste evne med samarbeidspartnarar. Dersom DÅS med Hjørundfjorden som satsingsområde og eigen prosjektstilling (Kjetil Aarseth)også kjem på bana, går det rett veg.
2. Så vil eg utfordre politikararne i Ørsta kommune. Dersom det er belegg for kjensla om at kommunen er ein hemsko for utviklinga, må det gjerast noko raskt. Vi må gjerne (her på portalen)vere konkrete for å synleggjere kvar skoen trykkjer. Utfordringa for politikarane må vere å fjerne unødige hindringar for tiltakslyst og framdrift. Eg vil stille nokre spørsmål:
- Er det lagt hindringar gjennom kommuneplan og forslaget tilkystplanen (og evt. andre planar) som
bremsar tiltakslyst og framdrift? Eg nemner kjende hindringar frå Urke:
1. Hyttefeltet på Hjellane vart forsøkt trenert med rasfaretrussel sjøl etter at fylket hadde godkjent planen. Bygdafolket veit kvar det kan gå ras!
2. Ein hyttebyggar på Nilsgjerdet måtte sjølv skaffe geolog-rapport om ikkje-eksisterande rasfare.
3. Ein hyttebyggar på Bakkane på Ytre Urke må sjølv bevise gjennom geolog at det ikkje er rasfare.
Eg tek med slike eksempel fordi det skal finnast ein plan som bandlegg stort sett heile Urkebygda som eit rastrua område. I staden for å foreta ei ny vurdering av planen, må kvar enkelt som skal stikke spaden i jorda legge fram geolograpport om at det ikkje er rasfare i området. Dette kostar mykje pengar og tek lang tid og drep tiltakslysta. Dette gjeld i ei bygd som eigentleg ikkje er rastruga i det heile. Ein enkelt stein kan nok rulle ned ei kvar li - det gjeld over heile landet.
4. Ein person fekk nyleg avslag på å bygge hytte på ei steinfylling (rydningssteinrøys frå ny tid). Eg kjenner ikkje detaljane, men søkjaren vart vist til eit regulert byggefelt der det ikkje eksisterer verken veg, vatn eller kloakk.
Slike døme som er nemnt oppfattar eg som kommunale bremseklossar som er med å drepe tiltakslysta for dei aller fleste.
Det bør og sendast politiske signal som støttar opp under satsingar som t.d. DÅS arbeider med og kommunen må stille som deltakar når det blir invitert til medvirkning. Kan Ørsta kommune lære av nabokommunen Stranda?
Eg skulle ønskje at debatten på portalen samlar seg meir om framtida for Hjørundfjorden. Men for all del: Det har alt kome mange gode utspel.
Men hugsar eg feil når kommuna måtte løyse inn 2 bustader fordi dei stod rasutsett til? Det var og ei lei sak på Vartdal som også har gjort mykje skade for alle inbyggjarane i Ørsta. Etter det har teknisk avdeling vorte steikjandes umulige når det gjeld eventuell rasfåre.
Betre vert det heller ikkje når fylkesgeologen knapt får frå seg noko skriftleg til vanlege folk. Berre lovar,lovar, og atter lovar.
Fjorden, bygdene og fjella har unike kvalitetar som ein skulle tru fleire turistar – og fastbuande – ville nytte seg av. Tala syner eit anna bilete; belegget på overnattingsstadane er lågt, og aktivitetsleverandørane og transportørane har ledig kapasitet. Grunnane er mange og samansette. Det har handla om infrastruktur – det er vanskeleg å kome seg inn i fjordane om du ikkje har eigen bil eller båt. Det har handla om pris – Hjørundfjorden er i ein konkurransesituasjon med ”heile verda” og har ikkje klart å synleggjere at ein har hatt att for prisen og tida som må brukast for å kome seg dit. Det handlar om marknadsføring – Hjørundfjorden har forsvunne i mylderet av andre kjente reisemål. Men det handlar først og fremst om å erkjenne at ingen kan få til dette åleine. Hittil har Hjørundfjorden nok vore kjenneteikna av manglande koordinering mellom reiselivstilboda.
Prosjektet ”Aktivitetar Hjørundfjord” handlar nettopp om å sjå korleis ulike aktørar innanfor transport, overnatting, mat, aktivitetar o.a. kan samarbeide for å tilby eit produkt som
- ”heng i hop”; at kunden får eit heilskapleg tilbod der totalopplevinga er eitt produkt, og ikkje byr på eit uttall faktorar som kan gå gale og som den reisande ber risikoen for sjølv
- er unikt nok; forsking og erfaring syner at kjøp og gjenkjøp krev at ein skiljer seg ut på ein positiv måte
- har eit fornuftig prisnivå, utan at det går på bekostning av kvalitet og unike opplevingar
Prosjektet har vore omtala ved fleire høve i Møre-Nytt, i tillegg til oppslag i Sunnmørsposten, Nytt i Uka, Møre og Næravisa. Eg har også hatt ei rekkje arbeidsmøter med reiselivsaktørar i Hjørundfjorden og med Ørsta Reiselivslag, i tillegg til at ordførar, rådmann, næringssjef og plansjef har blitt informert. Dette har resultert i ei mykje gode tilbakemeldingar som er brukt i prosjektet. Kanskje endå viktigare er det at utkast har blitt testa ovanfor turoperatørar. Desse bekreftar det same som dei teoriane og trendane me har lagt så mykje vekt på i dette arbeidet: Tilbodet må være unikt, legg vekt på småskala-turisme heller enn masseturisme, og det må samstundes være trygt og enkelt å forhalde seg til både med tanke på bestilling, pris og reisetidspunkt.
Me har fleire reisetilbod til Hjørundfjorden på trappene allereie for komande vintersesongen. Desse er unike tilbod, av høg kvalitet, som kan tingast på førehand og som har ein gitt pris. Dette vil være ein forsiktig start, men eit viktig og riktig steg i den retninga vi bør gå. Vi skal være nøkterne og legge stein for stein med mål om ein langsiktig og sunn vekst i Hjørundfjorden. Eg kan uansett love at me trendar og forsking til grunn både når me utviklar strategiar og enkelttilbod. Etter kvart som planane blir meir klare, vil vi hekte på endå fleire aktørar.
Det er vanskeleg å gi eit fullstendig bilete av prosjektet med den plassen som er til disposisjon på disse sidene. Eg inviterer alle som er interesserte i å få vite meir om å ringje meg på 90 56 24 44, så presenterer eg gjerne meir om strategiar og konkrete reisetilbod som er i emning.
Med venleg helsing Kjetil Aarseth, produkt- og destinasjonsutviklar, Destinasjon Ålesund & Sunnmøre.
Eg merka meg at at det er kontakt med sentrale personar i Ørsta kommune og eg trur det skal til eit arbeid overfor nokre av desse for å få forståing for at Hjørundfjord-
området bør vere eit satsingsområde. I første omgang må ein få rive ned skranker som direkte motarbeider Hjørundfjordområdet. Det ligge noko "grums" i botnen her, kanskje frå fleire hald, og dette svekkar viljen til å spele på same laget. Men eit godt samarbeid med Ørsta Reiselivslag er ein god start. Så får det heller vere at nokre ser ut til å vere meir vanskeleg som samarbeidspart. Det viktigaste er vel at signala frå kommuneleiinga går klart i retning av å vere positive til ei god utvikling, også for Hjørundfjord. Det må vere råd å få fram vilje til at ein kan få bruke helikopter til å utvikle biletstoff/filmstoff og anna reklamemateriell for heile kommunen. Å avslå at ein naturfotograf ikkje skal få bruke helikopter den dagen rette veret er der, er å saga av greina ein sit på.
Det er gledeleg at noko får til slike innsmett som det eg fann på youtube nyleg:
http://www.youtube.com/watch?v=OAB47KVcSOQ.
Eg fekk ein telefon for ei tid sidan frå ein kaptein på ei av hurtigrutene som gjerne ville ha meir opplysningar om Hjørundfjorden. Hans leita etter eit alternativ til Geiranger-turen som er tidkrevane og kostnadskrevande. Det burde vere nokon som kan ta tak i slike utspel og.
Eg har tru på småskala-turisme slik det vert uttrykt, men eg ville gjerne vite noko meir om kva som ligg i det begrepet og kva varig overbygning eit slikt opplegg skal ha. Eg er ikkje sikker på at ein skal vere så redd "masseturisme". Det uttrykket trur eg neppe er relevant for Hjørundfjorden. Eg meiner at det skal vere rom for å ønskje fleire turistskip velkomne innover fjorden vår og at dei skal få med seg både fjordlandskapet (med levande menneske) og dalane (Norangsdalen i alle fall!) og gjerne Sunnmørsalpane. Eg ser ingen grunn til å seie at det er motsetning mellom småskala-turisme og at nokre 10-tusen får sjå landskapet som dei seinare kan ønskje å få sjå att frå ein ny vinkel og i ein ny skala; småskala. Vi må undrast over at det 100 år etter at dei første utanlandske turistskipa fann fram nettopp til vår fjord, skal vere så formasteleg å vise fram same fjorden og same fjella i dag. Kunne vi bli enige om både og i staden for anten eller?? Og så bygg vi vidare stein for stein!