Hjørundfjordportalen » Lokalt » Brus og komfyrar

Attende til hovudsida
  • Lokalt
  • Tourist
  • Natur
  • Bygdene

Søk

  • Hovudside
  • Toppturar i vinterfjell
  • Artiklar
    • Bygdeutvikling
    • Folk og bygd
    • Kultur
    • Landbruk
    • Lokalnytt
    • Natur
    • Portalnytt
    • Sport
    • Ymse
  • Fast stoff
    • Hjørundfjordheimen
    • Kyrkjekalender
  • Om portalen
    • Kontaktpersonar

Søk

  • Hovudside
  • Toppturar i vinterfjell
  • Artiklar
    • Bygdeutvikling
    • Folk og bygd
    • Kultur
    • Landbruk
    • Lokalnytt
    • Natur
    • Portalnytt
    • Sport
    • Ymse
  • Fast stoff
    • Hjørundfjordheimen
    • Kyrkjekalender
  • Om portalen
    • Kontaktpersonar

MENY
Logg inn
  • Logg inn
  • Ny brukar
Placeholder for 404-bilder

Brus og komfyrar

Så har vi sett to tradisjonsrike solide bedrifter sige sakte i koll - no sist Brænne mineralvatnfabrikk i Volda, noko tidlegare Grepa i Ørsta. Så sørgjeleg trist!

Vi ropar etter NYE arbeidsplassar, og dei trengst, men kva støtte ønskjer dei bedriftene som allereie finst for at dei skal ha best mogleg sjanse for å halde det gåande? Kva kontakt er det mellom bedrifter og det offentlege på lokalt nivå? Kva ønskjer bedriftene? Kva vert gjort?

Lagt inn av Enok Kippersund
24.10.2009 14:01

Kommentarar

Knut Riise - Men kva med gardane rundt deg, Enok? 24.10.2009 kl. 22:33
Det synest eg er endå verre. Ein tur til Viddal og Finnes gjorde meg trist til sinns. Det som var glansbygdene for landbruk er på sotteseng.
Det er ikkje bra for turistfjorden, når det einaste nye ein ser er ein beitepussar, og hytter. Då er det i ferd med å gå til bøvels!
Det vert nok ramaskrik mellom politikerane når meieriet i Ørsta vert lagt ned, sjølv om det inga betydning har for kulturlandskapet. Men når det gjeld arbeidsplassane i bygdene kring fjorden, som er så viktig for turismen, då er det heilt stilt---.
Enok Kippersund - Ja, kva med dei, Knut! 25.10.2009 kl. 10:40
Takk for utfordrande spørsmål, Knut! Kva skal eg vel svare? Eg er ikkje frå gard og ikkje bonde sjølv, og da veit eg ikkje om eg er kvalifisert til å hevde noko syn. Eg kjenner ikkje "innsida" og "spelet". Da vi kom til Bjørke i 1975 opplevde vi ei bygd som strålte av trivsel og aktivitet, - og dyrkingsplanar. Etter kvart snudde optimismen, og ein kunne høyre heidersfolk som ikkje ville råde etterkomarane sine til å bli buande og drivande på garden. Grunnen til det kunne vere at rammevilkåra for jordbruket var så tronge at det nærma seg det undertrykkande og gjekk på sjølvrespekten laus. I Prillar-Guri tida var eg med på setje opp eit dokument som skulle klargjere vilkår og utsikter for jordbruket. Ein konklusjon var at fellesskapet på gardane var borte, ofte var det på dagtid berre ein einaste heimeverande å treffe, - og han sat helst på traktoren. Jordbruket baud på eit einsamt yrke, og det var vanskeleg å halde oppe eit personleg syn for mål og meining med kavet. Samdrift og fellestiltak kunne kanskje hjelpe? Ikkje så enkelt! I dag er fulltidsbonden svært svært sjeldan. Som ikkje-bonde og ein slags tilskodar til dette, opplever eg situasjonen som tragisk og meiningslaus. Har vi i det heile tatt ikkje tanke for mattryggleik? Kvifor skal også god mat berre vere så billeg som råd, ikkje få lov til å koste litt meir? Kva finst av forpliktande politiske utsegner om koss vi skal møte krisesituasjonar? Og kva med den historiske kunnskapen om kva innsats som har lege bak kultiveringsarbeidet? Er det berre å setje ein urban planstrek over sjølve livsarven etter generasjonar med møde og innsats? - Så opplever eg at folk har kreativitet, dei satsar på fleire "inntektsføter" og står på dag og natt. Nei, om dei vil gi seg! Men kva politisk støtte og medhald får dei? - Dette vart i full fart på morgondirekten.


Tilfeldige artiklar:

379489626_1154762219244609_4619196327918889142_n

Ein Draumedag på Hotell Union som dronningar og kongar.
(18.09.2023)

CIMG0046

Vår og uteliv.
(28.03.2022)

IMG_0686

Plantedag
(23.05.2010)

hjørundfjord 137

Natt over fjorden-og fotoutstilling på Bjørke
(14.06.2009)

IMG_6383

Helselagsbasar
(27.03.2017)

IMGP7392 kopi

Anders og Gunnar-råsa
(16.09.2008)

CIMG0141

Flott 17 mai.
(22.05.2017)

CIMG0017

Open Dag!
(18.12.2023)

IMG_1034

OPEN DAG - Pårørande møte - Adventsfest.
(30.11.2009)

Hustadnes 1

Skogaløda
(11.07.2008)

    • Logg inn
    • Ny brukar

Aktivitetskalender

Ingen aktivitetar i dag

Sjå heile kalenderen

Klikk for å sjå Hjørundfjorden LIVE (webkamera)

Hjørundfjorden LIVE

Nettstadskart/Sitemap Kontakt/Contact Informasjonskapslar / Cookies Rapporter feil

Hjørundfjordportalen 2006 - 2023