Målet med arrangementet var å stimulere til fysisk aktivitet og å skape eit trivselstiltak i nærmiljøet, dei mange blide deltakarane i alle aldrar stadfestar at vi lykkast.
God mat og drikke i målområdet, folk ga seg god tid og kosa seg ilag.
Overskotet, ca kr. 5000,- vert sett på ein eigen konto og skal nyttast til vedlikehald på Elvarampa tursti, innkjøp av nye benkar o.l. Dei 2 kvite benkane som står på den første rasteplassen, er delvis finansierte av inntektene etter fjorårets rampemarsj.
Det manglar ikkje på spreke folk på Sæbø!! Mange møtte med heile familien
Vi er svært takksame for all støtta vi får i arbeidet vårt, både annonsering, den store marsipankaka og premiane er gitt til oss av:
Hjørundfjord bygdemobilisering
Sparebank 1
Joker Sæbø
Bellingen
Sandvik
Foraform
Felleskjøpet
Notabene Ørsta
Sparebanken Møre
Ellers takkar vi dei gode hjelparane våre som stilte opp både før og etter turmarsjen.
Vi har fått tilbakemeldingar på ting som kan ting som kan gjerast på ein annan måte, og tek sikte på ein endå betre «rampemarsj» neste år.
Helsing frå Bondalen helselag og trimgruppa i Sæbø idrettslag
Kommentarar