CIMG7991

Strikkekafeen held til på Sæbø bedehus. Vi ynskjer alle velkomen  kvar onsdagskveld frå kl 19.00 til 22.00.

Kafeen er open for alle aldersgrupper både for kvinnfolk og mannfolk. Vi lagar enkle matretter som det vert høve til å få kjøpe ,og sjølvsagt kaffi og te.

Det skal vere ein møtestad der ein kan få gjere handarbeid,lære av kvarandre eller berre sitte å prate:)) Du treng ikkje føle at du må ta med strikk .Kanskje treffe nabo kona og få slå av ein prat er like viktigt.

Vi ser at dette tilbodet har vorte ein suksess og er svært glade for det.:) men utan gjester er det ikkje mulig!!! ,så vi venter at det dukkar opp mange blide fjes på onsdag.

CIMG7895

Her ser vi frå juleavslutninga ifjor.Vi besøkte Lysfjøsen i Follestadalen og hadde bestilt oss god pizza.

CIMG8097

Dette frå Bjørke i vår.Her vart vi godt mottekne.og eit matabord du berre kan drøyme om:))

CIMG8094

CIMG7954

Det hender vi får besøk på strikkekafen.Her er det utstilling av helsekost produkter.

CIMG7956

Her koser damene seg ,ska tru kva dei diskutera her??

 

Velkomen til ein ny haust med nye muligheiter:kom på strikkekafe!!!!!!

Med helsing     Invild og AnnHelene.