vasstøylen langhorndalen-09 001

Tradisjonen tru så starta det å regne då vi gjekk frå parkeringsplassen, men vêret har ikkje stoppa oss før så vi gjekk på med friskt mot.

På Vasstøylen stoppa vi og skreiv oss i boka, så gjekk vi vidare rundt vatnet og oppover mot Langhorndalen.

vasstøylen langhorndalen-09 003

Her studerar Ola og Arne Kvistadkjerringane på Avstand. 

vasstøylen langhorndalen-09 004

Ola, Arne, Ansgar og Fred med Klovtinden, Koppane og Årsethornet i bakgrunnen.

vasstøylen langhorndalen-09 005

Det var rikeleg ned vatn i Vasstøylsvatnet, og råsa var god å gå, litt sleipt og vått somme stadar, men kva anna kan ein vente.

vasstøylen langhorndalen-09 006

Her er vi vel halveis oppe, fossane i bakgrunnen er store.

Torill, Linda, Fred, Ola, Haldis , Arne og Ansgar.

vasstøylen langhorndalen-09 008

Utsikta er fantastisk sjølv om det regna, det var no litt opplett innimellom bygene.

vasstøylen langhorndalen-09 009

Karane samla under hamrane, Fred, Arne, Ansgar og Ola.

vasstøylen langhorndalen-09 014

Her er damene ved Langhorndalsvatnet, frisk vind gjer oss litt "oppblåst"

Haldis måtte halde på "hatten".

Torill, Haldis, Bodil og Linda.

Vi såg ikkje noke til storekreda. 

vasstøylen langhorndalen-09 015

Då vi kom nedatt til Vasstøylen merka vi at det mørkna så vidt, det var ein akkurat passe lang tur, for vi kom oss vel heim før det var mørkt.

Det var ein flott tur, flott utsikt og mykje fint å sjå.

Takk for laget til dei som var med.

Neste tur er Eitrefjellet.

VEL MØTT!