I dag kl. 17.00 opna bokbåten Epos dørene for bebuarane på Sæbø, og det var fleire som nytta høvet til å lever inn bøker og låne nye. Fram til kl. 17.30 strøymde det på med både barn og vaksne som ville møte "Trommelars". Programmet i dag var det Lars Kolstad som stod for. Han leita etter rytma og trengde hjelp av borna til å finne att rytma. Etter litt leiting fann han den i kroppen. Han spelte på tromme og ulike rytmeininstrument.
11092009016
"Trommelars" i aksjon.

11092009019
Ungane var flinke og hjalp "Trommelars" å klappe rytme, etterpå sang dei ein song i lag for å hjelpe "Trommelars" å hugse kvar han finn rytmen.

Så trur eg høgdepunktet på konserten kom, alle sammen fekk utdelt kvar sitt instrument og fekk vere med i  "Trommelars" sitt rytmeorkester.

11092009020
Yngste deltakar i "Trommelars" sitt orkester var Torine på 8 mnd.

11092009022
Her ser De store deler av rytmeorkesteret. Etter litt speling vart alle oppfordra til å bytte instrument før konserten fortsatte. Ungane var kjempe flinke til å følge "Trommelars" sine instruksar. Det vart spelt høgt/ sterkt når han ba om det og lavt når han yngste det. Det mest fantastiske var at alle klarte å halde instrumenta i ro når han sa at det skulle vere stille.

11092009023

Vi er kjempe heldige som har eit slikt tilbod som dette. Og med dagens åpningstider på folkebiblioteket vert dette eit endå viktigare tilbod til folk på Sæbø.

God tur vidare til Bokbåten Epos, og vi gler oss allereie til dne kjem tilbake i januar 2010.

Beklager litt dårleg biletkvalitet, men det er mobilbilder med ein framand mobil.