Eg las i møre-Nytt om eit prisverdig tiltak med satsing på Hjørundfjorden med smaskala turisme. Flott!

Av forståelege grunnar var ikkje villaksen teke med i tilboda. Eg beit meg imidlertid merke i at blant "opplevelsestilboda"var vitjing på eit oppdrettsanlegg ein del av opplegget.

Protestaksjonen mot oppdrett i Hjørundfjorden var i sitt slag den første aksjonen mot oppdrett i fjordane våre. Med sine 800 underskrifter.

Det tilseier at vi ikkje ynskjer oppdrett i Hjørundfjorden, korkje som næring eller eit turistmessig "nisjeprodukt."

Framtidig satsing på Hjørundfjorden som eit reint , utilsmiska turisttilbod bør einkvar satsande ha i tankane..