Eg las i møre-Nytt om eit prisverdig tiltak med satsing på Hjørundfjorden med smaskala turisme. Flott!
Av forståelege grunnar var ikkje villaksen teke med i tilboda. Eg beit meg imidlertid merke i at blant "opplevelsestilboda"var vitjing på eit oppdrettsanlegg ein del av opplegget.
Protestaksjonen mot oppdrett i Hjørundfjorden var i sitt slag den første aksjonen mot oppdrett i fjordane våre. Med sine 800 underskrifter.
Det tilseier at vi ikkje ynskjer oppdrett i Hjørundfjorden, korkje som næring eller eit turistmessig "nisjeprodukt."
Framtidig satsing på Hjørundfjorden som eit reint , utilsmiska turisttilbod bør einkvar satsande ha i tankane..
Kommentarar
Dei har politianmeldt røminga av laksen på Saltre. Så får vi sjå kva som kjem ut av det. Eg er heilt einig i dette.
Såkalla "hendelege uhell" frå ei næring som må nytte om lag 3 kg fiskefor for å produsere 1 kg kopi-laks, kan ikkje stadig sleppe unna.