Før ein privat regulering kan starte for Skåsalvegprosjektet, må eit formelt selskap stiftast og ein aksjekapital på kr.110.000,- må på plass. Dette seier Ivar Aarsether som er leiar og ildsjel bak prosjektet.

På fredag 4.september er planen at eit skipingsmøte skal finne stad og styret er så godt som på plass med vara, men vi manglar ein kvinneleg styrerepresentant og det håper vi at denne kvinna kan vi finne i Hjørundfjorden. På dette møte må også det komande styret velje ein revisor, og vi har to kandidatar som har sagt seg villig til å være med i prosjektet. - seier Aarsether.

Prosjektet har fått inn kr.70.000,- i aksjekapital og det er i hovudsak våre to store bankar som står for ein god del av summen og prosjektet ber no om kr. 30.000,- frå lokalt hald.

Med seg som kandidatar i det komande styre har Arsether: Elling Kvistad, Knut Årseth, Olav Klokk og vara Bente Bjørndal.

I neste veke vil det nye styret kalle inn til eit ope møte på hotellet på Sæbø og presenter seg og prosjektet. Her vil ingeniør Kåre Gjengedal fortelje om sitt arbeid og korleis ei privat regulering gjeng føre seg.

Vi er optimistar og berre desse pengane er på plass, kan det begynne og skje noko, - seier Aarsether.

Folk kan betale inn på våre kontoar i Sparebanken Møre og i Sparebank1

 

For spørsmål kontakt Ivar Aarsether på telefon 92822904