MSIL har ikkje tapt til no i år, og leiar 5 div avd. 2. Sæbø møter skadefrie og med ein stor tropp. Tommy har diverre tre gule kort, og må stå over.

Sæbø vil prøve å ta poenga, ver sikker. Taktikken er klar, men då MSIL folk kan lese hjorundfjord.no har trenarane valt å halde det hemmeleg til spelarmøtet ein time før kampen.

Atten spelarar og to trenarar oppmodar og ynskjer publikum hjarteleg velkomne til å støtte laget.