Aksla som rykte ned fra 2. divisjon var på forhand favorittar i kampen som starta jevnt. Sæbø/Åmdal heldt tempoet oppe og følgde Aksla tett i første del av første omgong og jentene ville mykje.
Litt uti omgongen vart jentene litt for ivrige og hadde nokre dårlege pasningar som Aksla snappa og dermed drog Aksla frå. Det var tydeleg at jentene var prega av nervar i denne perioda og spelet viste tydeleg at Aksla har meir erfaring med stor fart og ikkje minst tøffare spelestil, og jentene gikk til pause på stillinga 10- 17.

 

Mot Aksla 1

Aksla fekk kome lett til mål i ein periode, vi er ikkje vande med å få lov til å forsvare oss så tøft men lærer etterkvart!
Monica, Hanne, Malene, Liv Grete, Else Marie og Silje.

 

 Mot Aksla 2

Malene stoppar Aksla sin høge midtback.

I andre omgong kjempa jente meir og fekk mykje bank, men greidde i perioder å spele godt. Dei vart også etterkvart tøffare i forsvar og etterkvart som dei forstod at dommarane tolererar meir i 3. divisjom turte dei meir.
Hanne, som eigentleg er ganske snill fekk 3 2minuttar og raudt kort..
Aksla fortsette å skåre mål og hadde mange stang inn mens Sæbø/Åmdal var litt uheldige og hadde stang ut..
Sluttresultetet vart 20- 36 og tap i første serierunde.

 

Mot Aksla 3

Enige søstre, vi tek nr 2! Else Marie og Liv Grete.

mot Aksla 11

Liv Grete var i mange tøffe duella og det kan ho berre venne seg til fortast muleg!

Mot Aksla 7

Malene set ballen i mål mens Silje fyl fram, reste ligg att på golvet..

 

mot Aksla 9

Det vart mykje springing på jentene som gjorde ein flott innsats! Malene, Helene, Anette + Synnøve og Monica i forsvar.

 

mot Aksla 10

Full fart mot mål! Slik vil vi ha fortsettelsen! 
Malene var toppskorar med 8 mål!

Jentene spelte ein god kamp der resultatet ikkje er heilt talande for kampen. Hadde vi også hatt stang inn hadde det vore langt jevnare + at målvakta til Aksla fekk fleire enkle ballar rett på seg. 
Jentene fekk kjenne på kva dei har i vente med høg fart og mykje springing i tillegg til tøffe duellar. Her er mykje å gripe fatt i på neste trening.
Vi gler oss til dei neste kampane som er borte mot Orkanger og Meldal 26. og 27. september og til ein spennande og erfaringsrik sesong! 

Desse var med på kampen i dag:

Måvakter: Elisabeth Skogen og Monica Krøvel, Silje Anette Sandnes (4),
Liv Grete Stokke (1), Malene Aambakk (8), Torill Haugen Øye (2), Anette Mork,
Sara Årseth (1), Else Marie Stokke (2), Helene Andreassen, Kathrine Brekke, Synnøve Eikås (2) og Hanne Stokke.