Eit nybygg på ca. 150 m2 har eit stort tak.  Inge Kolås AS med Tore Stokke i spissen stilte difor med mange mann i dag for at all torv skulle kome på plass før arbeidsdagen var omme.

IMGP2280 - Kopi

Det var Tore Stokke i firmaet Inge Kolås AS som i dag hadde ansvaret for at torva vart fagmessig lagt på det nye serveringslokalet til Rekkedal Gjestehus.

Forresten likar ikkje Tore Stokke, ein ekspert som vert mykje brukt av Riksantikvaren, at dette taket vert kalla torvtak.  - Grastak er eit betre ord å bruke her, hevdar han.  Men Tore meiner slett ikkje at eit grastak er simple greier.  - Dette er eit moderne bygg med moderne konstruksjonar.  Difor brukar vi her det som vert kalla Nittedalstorv på taket.  For den som måtte lure er Nittedalstorv mold i nettingsekkar som er ferdig sådd.  Om taket er grønt før jul kan vel vere litt tvilsamt, men til våren vil taket vere grønt og fint.

IMGP2281 - Kopi

Jan Magne Vartdal (t.v.) var den som frakta pallane med Nitteldalstorv til Rekkedal i dag.  Det var også han som sytte for at pallane kom på rett stad ved hjelp av ei kran med rekkevidde på 30 meter.  Bjarne Rekkedal til høgre.

IMGP2300 - Kopi

Rekkedal Gjestehus har etter kvart fått mange bygningar.  Den raude stova heilt til høgre er Iverstova, så ser vi Grindløda og bak løda skimtar vi nybygget.

Margrethe og Bjarne Rekkedal har vorte kjende for å bygge opp eit svært så triveleg gjestehus frå grunnen av, men dei to er også kjende for å ta vare på- og nytte seg av gamle bygningar som stabbur, kvernhus, grindløde og tømmerstove.

- Men dette nybygget er vel ikkje eit bygg etter gammal tradisjon, Bjarne?

- Nei, det er det ikkje sjølv om konstruksjonen  er inspirert av grindlødeteknikken.  Men vi satsar på moderne bygningmateriale som isoblokker, store limtredragarar og store vindauge - nesten så store som konstruksjonen tillet.  At det er brukt så kraftige trekonstruksjonar i taket har også si årsak i brannføreskrifter, fortel Bjarne vidare.   Bygningane i tunet står tett og her vert det m.a. sett krav om at takkonstruksjonen skal vere så kraftig at det går minst ein halvtime før taket dett ned etter at ein evt. brann bryt ut.

IMGP2287

At Bjarne og Margrethe brukar kraftige og moderne trekonstruksjonar i taket har m.a. med brannføreskrifter å gjere.  I tillegg skal det sjølvsagt verte eit vakkert og moderne lokale.

Men det er ikkje for å auke kapasiteten til Rekkedal Gjestehus at dette nye bygget vert oppført, seier Margrethe og Bjarne.  Nybygget kjem fordi gjestane skal få det betre og fordi det skal verte ein betre og meir effektiv arbeidsstad.

- I grindløda/storstova har de gjerne lagt merke til at vi må gå mellom gjestane og rydde opp etter middagen.  No når dette bygget vert ferdig, kan gjestane gå dei få metrane hit rett etter middagen og halde fram med selskapet/samkoma her heilt uforstyrra.  Her vil det vere runde bord, plass til t.d. kulturinnslag og ikkje minst vil det vere4 godt utsyn over kvernhuset og elva, fortel Margrethe.

- Ja, og så kan vi/dei som arbeider på kjøkenet gjere klart for ein ny middag i grindløda mens gjestane er her, seier Bjarne.  Bjarne legg også til at elva rett nedanfor bygget vil verte lyssett og kvernhuset vil også verte gjort ferdig innvendig.  Gjestane skal ikkje mangle å ha noko å feste blikket på gjennom dei store vindauga.

IMGP2290 - Kopi

Kraftige konstruksjonar gjev plass til store vindauge.  Og i den nye stova vil dei få mykje lys inn og utsynet m.a. mot elva rett nedanfor vil verte svært godt anten ein er på kurs, konferanse eller på ei festleg samkome. Som vi ser har Margrethe og Bjarne god tru på prosjektet.

Som allereie nemnt er nybygget på ca. 150 kvadratmeter og har plass til ca. 80 gjestar.

- Og kan vi få namnet på arkitekten, Bjarne?

- Det vert vanskeleg, men det er Margrethe og eg i nært samarbeid med Tore Stokke som står bak teikningane.  Så veit vi det.

Bjarne ber meg til slutt å skreppe av dei gode naboane deira i Berngarden.  Det er naboane Ole Johan og Marit Rekkedal som har vore svært så positive heile vegen og det er dei to Margrethe og Bjarne har fått kjøpt tomta til nybygget av.  Marit og Ole Johan har i tillegg gjeve løyve til å bruke deira grunn no under byggeprosessen.  Utan deira sin velvilje hadde dette vore umogleg å gjennomføre, meiner Bjarne.