Senterpartiet er det største partiet i Bondalen. Partiet fekk 99 røyster på valdagen og då er ikkje førehandsrøystene talde med.
Som vi veit er det svært mange som er avhengige av eit aktivt landbruk i Hjørundfjorden, Likevel har heile 63 brukt røysteretten på Framstegspartiet, partiet som har sagt klart ifrå at landbruksbudsjettet skal reduserast med fleire milliardar kroner om dei kjem til makta.
Men Det norske Arbeiderpartiet er likevel det nest største i Sæbø valkrins. Partiet fekk 72 røyster.
![valurne++(450+x+600)[1] valurne++(450+x+600)[1]](/images/cache/40/13197/scale-down-800x600/valurne_450_x_600_1_1.jpg?1522625022)
73,3 % av veljarane brukte røysteretten i Bondalen ved Stortingsvalet 2009.
Her er tala - utan at dei 48 førehandsrøystene er rekna med:
Det norske Arbeiderpartiet: 72
Sosialistisk venstreparti: 15
Senterpartiet: 99
Kristeleg Folkeparti: 22
Venstre: 8
Høgre: 30
Framstegspartiet: 63
Demokratane: 0
Kristent Samlingsparti: 2
Kystpartiet: 0
Miljøpartiet Dei Grøne: 0
Raudt: 2
Treng man å bu på bedrifta frå dag 1 (20.09.2009 kl. 08:36)
En gard er ei sjølvstendig bedrift.
Om man bur i Ørsta kan no man leige ut garden til andre eller å bygge den om til resturang i låven og hytter til utleige.
Bedrifter kan no leige inn hjelp.
Bruke jorda til andre ting enn gras.
Golfbane_Ridebane-Rallybane-Gokartbane-Juletre dyrking (med gjerde rundt).
Det blir aktivitet på gardene.
Men skal man bygge om ei bedrift som en gard er må man kunne bu vekk til alt er oppbygd og man kan flytte inn.
Men kva man skal gjere med eiendommen må vere noko man bestemmer sjølv.
Man bygg ikkje nytt hus på en gard frå dag 1 under tvang.
La dei unge få prøve seg uten denne tvanga om å flytte ut på bygda frå dag 1.
Det er tvangen er er i mot.
Tenk om han som kjøpte Hotellet på Øye måtte flytte under tvang til øye frå dag 1.
Trur ikkje mange hadde overteke der då.
Perry Bjørke
D e i allefall mi linje (20.09.2009 kl. 02:05)
Veldig bra at folk tek til med andre næringar i driftsbygningar, tru ikkje noke anna. Eg synest det er synd å sjå på attgroinga i utmark, innmark og også på dyrkamark, alt dette er lovelig og det blir ikkje reagert på det. Vil nokon bygge seg eit hus på bygda i ei skråning, ja då blir det baluba og stor ståhei, for då kjem jordvernet inn i bildet.Eg synest det er ironisk.
Eg ser litt av poenga dine, Perry, men enige blir vi ikkje.
Unn Frøland
Eigedomsretten (20.09.2009 kl. 00:50)
Du har lite respekt for eigedomsretten du, Unn? Kven vil vel investere i gardsbruk, om ein i praksis ikkje eig sin eigen eigendom? Er dette linja til senterpartiet?
Kva er vel bedre enn at driftsbygningar vert brukt til andre ting, om det ikkje er levedyktige kår i dag?
Roy-Magne Mo
Svar til Unn (19.09.2009 kl. 21:49)
Ikkje enig Unn.
Mange er på mi meining endå til SP folk.
Garder med buplikt blir ikkje selde UNN.
Eg trur du må ta deg en prat med med dei som slit med buplikta og dei som eig gardene.
Kvifor blir garder uten buplikt selde fort eller der kjem andre inn i husa.
Eg var for buplikt før men når eg ser følgene måtte eg endre meining.
Noko anna er at verdiene på gardene er for lave når dei skal ut på salg.
Noko vi bør forstå er at tvang får ikkje folk til å busette seg på bygda.
Om dei bur her berre sommeren er bedre enn tome hus.
Kva folk driv med medan dei bur er nett det same berre her bur folk.
Kan godt kome asylmottak på gardene for meg berre det kjem folk.
Perry Bjørke
(19.09.2009 kl. 17:29)
Så du meinar at det er det same om dei har det til sommarhus 4 mnd og kanskje skattar til ei anna kommune enn at dei bur i det heile året og nyttar og støttar opp om barnehage, lege, skule, butikkar ol og bidreg til den slunkne kommunekassa???????? Då trur eg det berre er å vinterstenge fjordane våre snart, for då vil dei få sjelene som bur der heile året snart bli så dyre at dei kan bu på hotell i sentrum vinterhalvåret. Nei veit du kva, PERRY!
Då går eg heller inn for at det må bli slutt på å gi folk utsetjing på buplikta, og at dei som ikkje skjøter jorda si rett og slett blir tvungne til å selge, for å setje det på spissen. Skal folk gjere akkurat det dei vil så har vi snart berre sommarhus igjen i dei grisgrendte strøka. Og då meinar eg t.d Bjørke.
Unn Frøland
Buplikta må vekk skal folk kome til bygda. (19.09.2009 kl. 16:59)
Buplikta utset overtakinga av garder/salg i mange år(kanskje 10 - 15)
Klart man ikkje flytter tilbake og tek over så lenge dei gamle lever
Overtar man så får dei buplikta i fanget.
Då venter man til man er nødd.
(Kven bur der då når den gamle er på heim ol )
Hadde det ikkje vår buplikt kunne man ta over når man var 30 uten den tvangen at man må bu der i 5år.
Bedre at folk bur her 1 - 2 år og prøver seg en dei utset og søker om fritak i 10 år.
Bygda blir død i alle desse åra då.
Gi dei som eig gardene friheita til å gjere slik dei vil med sine ting.
Om det bur folk i husa i 4 mnd i året eller heile året er det same.
Var det litt oppklarende UNN
Denne ståda blei og fortalt til ordføreren på kulturdagen her inne.
Perry Bjørke
Perry: (19.09.2009 kl. 13:13)
Eg har problem med å forstå logikken: Du vil at det skal være buplikt og folk i alle hus, samstundes vil du at folk skal få gjer det dei vil... Det harmonera liksom ikkje. Kan du forklare?
Unn Frøland
Ståda i dag (19.09.2009 kl. 11:14)
Vi har det tidlegare Bondepartiet, Senterpartiet, ved makta, med den sjølvaste landbruksministeren, og det må jo bety at den politikken som vert ført i dag er ideell? Ein er redd for at alle andre sin politikk skal rasere landbruket? Eg syns jo ikkje det går så bra i dag. Ein tek ikkje innover seg at forutsetningane har endra seg, bruk vert slått saman, ungdom syns ikkje det å jobbe 16-18 timar i døgnet, nær kvar dag i året, på ein einsleg arbeidsplass som eit godt alternativ. Er det greitt at dei einaste som kan vise til vekst, er byråkratane i samvirkeorganisasjonane?
Skal ein late att augene for dette? og kreve det at alle som driv landbruk skal vere statstilsette?
Skal ein akseptere at det er meir enn landbruk i Hjørundfjorden, og innsjå at om ein skal ha eit levande Hjørundfjord, så må ein ha anna enn kun bønder?
Roy-Magne Mo
Frp og kultur (19.09.2009 kl. 01:02)
Mange kommunar med Frp har veldig god sastning på kultur.
Eg var på kulturmøte på Ivar Åsen tunet.
Ørsta var en av dei lavast i sastninga på kultur.
Stranda låg på topp.
Nå kan no kommunepoltikk og partiet sentralt vere litt forkjellige men det ser ikkje alle.
Folk ser ofte kva dei får nå og stemmer der etter.
Avgiftene her og der må ned og vi må bruke litt av sekken.
Vi sender no store sekker til utlandet som går til biler til korrupte karer ol så kvifor ikkje bruke litt i eget land.
Det vil mange trur eg. kva meinar du?
Perry Bjørke
Motkultur og mot kultur.... (19.09.2009 kl. 00:30)
Eg fryktar ikkje at motkulturane forsvinn. Dei respektive partia som ivaretek dei verdiane du nemner Rune overlever nok. På sikt.
Vonleg verre er det nok for det partiet som ikkje skjønar kva motkultur er; Lettere er det "der i garden" å vere mot kultur....
Helge Strand
KrF sin tilbakegang (18.09.2009 kl. 23:19)
Seier meg lei for at eg bryt tråden her, men det mest oppsiktsvekkjande ved valet på Sæbø er KrF sin tilbakegang. Berre tjueto røyster. Lågare har det truleg aldri vore. Det fortel eigentleg ganske mange ting som burde ha vore til ettertanke. Like ein Venstre med berre åtte røyster. Er motkulturane si tid, fråhaldsak, målsak og lekmannsrørsle, forbi? For tjue år sidan kunne ein peike på dei få som røysta Ap i Bondalen. No er det slik med KrF. Det er ei sensasjonell vending.
Rune Sæbønes
Buplikta (18.09.2009 kl. 22:54)
Det partiet er open for å sjå på buplikta på gardene har sikkert vunne mange stemmer.
Vi vil ha folk på bygdene ikkje tomme hus.
Kvifor skal staten legge seg bort i kva du gjer med garden som du eig.
Her trur eg mange stemmer for til eit parti som er opnere i den saka.
Det er mange som eig garder som slit med bupikta.
Perry Bjørke
hm (18.09.2009 kl. 22:24)
No he ej ikkje akkurat tenkt å bruke tid på å rase rundt i ferskvarediskar og kjøttutsalg for å sjekke kvar du kan få kjøpt 1 kg pølse.
Ei lavare vegavgift har vel ikkje meir med bønder å gjere enn anna folk?
Kanskje eit anna system på frådrag i sjølvmeldinga kunne rettferdiggjort at nokre av oss må pendle meir fordi vi bur uti "huttiheita", og manglar gode kollektiv tilbod?
No er det ikkje noka hemmeligheit at den landbrukspolitikken som Frp førespegla hadde skore over strupen på små sunnmørsbønder. Det har dei også vore opne om. Siv Jensen sa det vel ganske rett ut då ho var på Sæbø om eg ikkje misforstod heilt.
Roy Magne har heilt rett; det kan sjølvsagt være at dei som har stemt Frp set andre ting viktigare enn å oppretthalde landbruket vi har i dag, det må dei få lov til. Det er viktig å sjå konsekvensane av dei vala ein gjer og ikkje ta eit val i blinde berre fordi ein vil ha ei endring..
Unn Frøland
Kva parti kan få ned utgiftene UNN? (18.09.2009 kl. 21:43)
Dette kunne hjelpe bygdene.
Bensin/diesel til 6-7 kr liter hadde hjelp bygdene.
Mindre veiavgift på biler.
Landbruket hadde hat det lettere då.
Få vekk mange av mellomledda på landbruksprodukta slik at bonden fekk pengene.
Kvifor skal eg kjøpte 6 pølseskiver til stor+++ pris når eg kunne ha kjøpt 1 kg pøls og skåre opp sjølv.
Mår får eg heldigvis kjøpe i 1 kg ennå!
Tar du oppgava UNN ?
Perry Bjørke
Ja, Perry, det kan bli verre- mykje verre (18.09.2009 kl. 21:13)
Men heldigvis ikkje så mykje verre som det kunne ha blitt, men ikkje vart denne veka.
Unn Frøland
Endringer i tidene. (18.09.2009 kl. 20:01)
Samfunnet og politikken er inne i store endringer og det vil forsette fram mor neste valg.
Tenk at Venstre hadde 99 prosent av stemmene en gang i Hjørundfjorden.
Nå er dei ute av stortinget.
Eg trur at om ikkje dei små paria endrer kurs så kan fleire forsvinne.
SP-KRF har ikkje mykje å gå på.
Det blir 3 store til slutt. AP-FRP-HØGRE
Det vil vere synd for demokratiet i landet.
Perry Bjørke
Svar til Helge. (18.09.2009 kl. 19:40)
Kvar las du kva eg stemde på?
Eg ville ha fram kvifor folk vil ha endringer.
Kvifor har ikkje landbruket fått 10 millørder ekstra når SP nå har sete ved makta i 4 år.
Folk stemmer derfor for å få ei endring sjølv dei ikkje veit kva dei går til.
La oss prøve noko nytt seier folket.
Kan det bli verre.
Helge eg har ikkje sett anna enn at gardene forsvinn eg når dei raudgrøne har styrt.
På Bjørke er alle gardene utte av drift Helge så her gjer det ingen forkjell kva som blir sammensetninga av stortinget.
Det kan ikkje bli verre Helge.
Perry Bjørke
Landbruk.. (18.09.2009 kl. 17:59)
Kan du Roy Magne orientere meg og andre om korleis FRP vil ivareta distrikta sine interesser kva gjeld nett "den enkelte."
Helge Strand
Stovereint (18.09.2009 kl. 17:40)
Har det nokon gong ikkje vore stovereint å stemme Framstegspartiet? Politikk handlar om kompromiss, og det kan jo hende at det har vore andre ting som har vore viktigare for den enkelte, enn berre landbruk.
Roy-Magne Mo
FRP-landbruk. (18.09.2009 kl. 17:33)
FRP sin event. landbruks-politikk vil seie "slepp landbruket fri."
Bønder på Hedmark og i Oppland samt Trøndelag vil nyte godt av det, med sine vidder.
Vestlandsbruka vil lide. Sjølv på Bjørke...
Har du ternkt på¨det, Perry?
Helge Strand
Frp har vel gjort gjobben sin da siden dei få (17.09.2009 kl. 00:04)
Folk ville vel ha endringer.
Har det vårte så stor auka i tilskota til landbruket i siste valgperiode?Eg spør.
Den som skal få stemmer må og gjere noko når det sitter i regjeringa.
Folk blir leie og stemmer for å få ei endring uansett kor gale det blir.
Stor verre enn det har våre siste år i landbruket kan det ikkje bli.
Skuld ikkje på dei som ikkje har hat makta .
Perry Bjørke