Nytt frå handballgruppa!
Hei alle handballspelarar – gamle og nye!!!
No er vi snart i gong igjen – og vi håpe at dykk har lyst til å spele handball i år også.
Her kjem ei oversikt over treningstidene - og litt info om samarbeidet mellom handballgruppene på Sæbø og i Åmdalen.
B9 SÆBØ
Alle jenter og gutar kan være med. Laget blir meldt på cupar etterkvart – og trenar i gymsalen på Sæbø. Ein gong i månaden skal vi prøve å trene saman med B10 Åmdal i Ørstahallen. Wenche Strand og Åse-Lill Leknes er trenarar som i fjor.
B10 ÅMDAL
Alle jenter og gutar kan være med. Laget skal spele i serie og har treningstid i Ørstahallen fredag 17 – 18.30.
J16 ÅMDAL/SÆBØ
Trenarkabalen ser no ut til å vere løyst og vi satsar på at første trening er torsdag 1.oktober!! Treningstid er mandag 16.00 – 17.30 og torsdag 19.30 – 21.00.
For 1. gong i historia har vi eit damelag i 3,divisjon – og vi håpar at alle vil kome og heie på dei på heimekampane i Ørstahallen. Dette skal bli kjekt!!
J12 –G12 - J14 –G14 – G16 og herrelaget er det Ørsta som har ansvaret for. Ta kontakt med ein av oss i styra, så hjelper vi til med å finne ut av når laga har treningstid. Eller du kan ”gå inn på” heimesida deira ; orstail.no – så handball, da finn du etter ei oversikt.
Dei siste åra har vi hatt samarbeidslag på alle laga vi har utanom dei yngste- og dette har gjort oss sterke ilag !!!
Nytt av året er at Sæbø og Åmdal no har felles styremøter også – sjølv om vi fortsatt er 2 handball-grupper.
NO HÅPER VI DYKK ER KLARE FOR EIN NY INNSATS – OG DET ER
KJEKT VISS FLEIRE NYE VIL STARTE OPP MED HANDBALL.
For dei yngste har vi i år ein nytt tilbud og vi håpar at vi skal greie å få med mange nye. Vi ynskjer alle, både dei nye og dei som har prøvt før velkomne til ein triveleg laurdag i Ørstahallen!
Alle som går i 1-5 klasse har fått innbyding og mange har meldt seg på, dette blir kjekt!
KOM OG PRØV HANDBALL
HAR DU LYST TIL Å SPELE HANDBALL –
TIL Å HA DET ARTIG – TIL Å BLI HANDBALLSTJERNE !!!
HAR DU LYST TIL Å PRØVE – OG DU GÅR I 1.- 5. KLASSE
SÅ BLI MED OSS NOKRE TIMAR I HALLEN I ØRSTA
LAURDAG 3.OKT KL. 11.30 – 15.30.
ALLE SOM BLIR MED FÅR EIN HANDBALL – OG MAT & DRIKKE
VI HAR MANGE FLINKE INSTRUKTØRAR ,BÅDE GUTAR OG JENTER
- OG ALT ER GRATIS !
Helsing handballgruppene på Sæbø og i Åmdalen
Kommentarar
Elisabeth -handball patriot