Så var det klart for første trøndelagstur for handballjentene. Vi var naturleg nok veldig spent, spesielt for vi såg på tabellen at både Orkanger og Meldal hadde vunne stort dei første kampane sine..

Men handball er meir enn ein ball og IL bussen vart fylt opp å vi la iveg med godt humør.
Malene og Else Marie var på Molde på trening så dei plukka vi opp der.
13 jenter, 2 trenarar og 2 mødre var med og vi såg fram til ei triveleg helg!

Etter nøye sjekking av fergeruter hadde vi beregna at vi kunne køyre rett ombord i Moldeferga og det kunna vi også ha gjordt om ho ikkje hadde vore full..
Og dermed måtte vi vente i tre vekkasta kvarter på neste ferge og som igjen forplanta seg til neste fergeleie.

Etter at vi hadde  køyrt nokre timarvar vi endeleg framme og klare til kamp, men kvar er hallen? Vi er ikkje rådalause og sidan vi no hadde litt knapp tid til kampstart bad vi om bistand. Ein kjekk kar køyrde framom bussen og viste veg, kanskje såg han alle kjekke tausene??

Innmarsj 4

I hallen vart vi godt mottekne med gratis frukt til heile laget. Neste overraskelse var innmarsj og namneopprop, vi var litt usikre på korleis vi skulle helse, men vi lærer!

Desse jentene var med på kampane i helga:
Hanne Stokke, Monica Krøvel, Synnøve Eikås, Kathrine Brekke, Helene Andreassen, Else Marie Stokke, Sara Konstanse Årseth, Anette Mork, Torill Haugen Øye, Malene Aambakk, Liv Grete Stokke, Elisabeth Skogen og Silje Anette Sandnes.

Så var kampen igang. Orkanger gikk rett i angrep og etter 5 min. leia dei 7-1 før våre jenter kom i gang og halte innpå. Etter 10 min. var stillinga 8-5 og vi hadde ei god periode og spelte god handball.
Jentene var flinke både i angrep og forsvar og tok nesten att Orkanger og då stillinga var 9-8 såg vi at vi kan når vi berre får tette att litt bedre i forsvar. Orkanger drog igjen litt frå og pauseresultatet var 20-13.

EM 5

Kvalifiserar vel for straffe dette vel? Desverre var ikkje dommarane enige!

 

Malene 2

Anette og Malene med mål i sikte! Malene skåra 9 mål i denne kampen, Kathrine 3, Silje 2, Else Marie 2, Synnøve 2, Anette 2, Torill 2, Helene 1, Liv Grete 1 og Hanne 1.

 

Kathrine 1

Kathrine skora 3 mål!

 

Forsvar 2

Vi vart litt for lette  i forsvar mot eit rutinert lag med fleire spelarar som har spelt 2. div. handball.
Silje, Sara, Hanne, Liv Grete, Else Marie og Torill.

 

Forsvar 3

Silje held eldste og beste spelaren på Orkanger..

 

Forsvar 4

Vi jobbar godt, vi blir stadig bedre men må bli enda bedre!
Silje, Liv Grete, Malene, Kathrine, Else Marie og Torill.


Etter pausa fekk vi nokre merkelege utvisningar, 2 x 2 minutt som dommarane i etterkant av kampen beklaga og sa var feil! men det hjalp ikkje oss. Orkanger rykte frå vann kampen 45-25.

Etter kampen hadde vi bestilt pizza og overnatting på Vertshuset Fannarheim, eit fint alternativ til hotell som nok blir litt dyrare. Det fine her var at vi hadde to etasjar for oss sjølve noko som både er sosialt og gir ein god følelse av samhøyrigheit!

 Mat1

Velfortjent pizzabuffet etter kampen.

Etter maten var det avslapping på loftsstova før sengetid.

 

Mat 2

Frukost kan vere sosialt med 13 til bords. Roger og Ann-Elin sørgar for at alle får i seg det dei treng for kamp mot topplaget!

 Taktikk

Trenarane kjem med gode råd før neste kamp til lydhøyrde jenter.

Innmarsj 2

No har vi forstått det, også i Meldalshallen er det innmarsj og presentasjon.

Kampen mot Meldal starta kjempebra. Malene gikk rett på mål og mål vart det. Meldal, som rykte med i 3. div. forrige sesong, vart nok litt overraska for Sæbø/Åmdal gikk i leiinga og beheldt den i halve første omgang. Malene reiv seg laus gong på gong og sette ballen sikkert i mål. Mange av jentene viste at dei er gode nok til 3. divisjons spel og vi såg tydeleg bedring frå forrige kamp. Også forsvaret fungerte godt denne omgangen. Pauseresultatet var 15- 20 og leiing til Meldal.

EM 1

Else Marie i farta, ho kan viss ho vil!

 

Mal

Silje og Helene

 

LG 1

Liv Grete

 

Malene 3

Malene spelte ein kjempekamp og stod for 14 av 28 mål! Silje skora 6 mens Else Marie og Liv Grete skora 3 mål kvar og Anette og Hanne skora 1 kvar.

Andre omgang starta bra men det var ikkje lenge før Meldal rykte frå og vann kampen 42- 28.
Meldal sine spelarar kjem direkte frå nedrykk i fjor og er i gjennomsnitt 7 år eldre enn våre jenter og har mykje erfaring. Berre to jentene på Meldal sitt lag var yngre enn 21 år og den eldste var 32, mot våre med eit snitt på 16,84.. Klart vi har mykje å lære!

 Forsvar 1

Vi har ein jobb å gjere i forsvar før vi vinn kampar, og sjølv om vi har vorte bedre går fortsatt for mange ballar i feil mål..
Framover er vi bra, 28 mål på ein kamp er godkjent sjølv om fleire kunna vore meir frampå, men det trur vi kjem etterkvart!

Etter kampen var det tid for å tenke på heimreise, men fyrst måtte vi få i jentene litt mat.
Litt etter Meldal var der ein open storkiosk men ettersom vi ikkje har så veldig god råd fekk vi sleppe inn på eit godt gammaldags "Samvirkelag" sjølv om det var søndag.. Vi kjem tross alt frå Sunnmøre!

Mat 3

Utan mat og drikke..

 

Kjekke jenter å ha med på tur og ikkje eit rusk, berre fire hårklemmer låg att på golvet i bussen då han skulle ryddast etterpå!

Takk for turen!