Vi som hugsar tidlegare landbruksminister Bjarne Håkon Hansen sitt besøk på Bjørke for ein del år attende, veit at han var lite interessert i å lytte - han ville helst at andre skulle lytte til han.  Landbruksminister Lars Sponheim ville helst belære oss bønder i si periode.  No er ikkje Svein Gjelseth landbruksstatsråd - i alle høve ikkje enno - men då han vitja Fremre Bondalen Samdrift AS nyleg gav han eit sympatisk inntrykk og gjorde det klart at han absolutt var interessert i å lære meir om tradisjonelt landbruk, dvs. t.d. kjøt- og mjølkeproduksjon.

IMGP2167 - Kopi

Her ser vi Svein Gjelseth i samtale med tre av fem eigarar i Fremre Bondalen Samdrift AS.  Frå venstre ser vi Eldbjørg Tvergrov, Ole Johan Rekkedal, Ola Tvergrov, Svein Gjelseth og Arne Rekkedal.

Svein Gjelseth vert den neste Sunnmøringen som vert stortingsrepresentant frå Arbeidarpartiet.  Torsdag hadde han sett av dagen til å lære meir om sunnmørslandbruket.  Til Rekkedal kom han rett frå Gjerdsvika og gardsbesøk hos Geir Gjerde, bonden som kanskje er mest kjend for å gje politikarnamn til oksane og ammekyrne sine.  Av Geir Gjerde fekk Gjelseth vite at økonomien i ammekuproduksjonen er elendig, men kva med økonomien i ei moderne samdrift?

Det var tydeleg at Svein Gjelseth let seg imponere over det moderne og teknisk avanserte samdriftfjøset.  Han fekk sjå mjølkeproduksjonen frå A til Å - det kom ein ny kalv til verda mens han var der - han fekk sjå eit eksemplarisk kalvestell og han fekk sjå blanke og fine oksar.

Det er nok Ole Johan Rekkedal som må ta mesteparten av æra for at denne komande stortingsrepresentanten i det heile kom til Rekkedal og fekk god "opplæring",  - Svein Gjelseth er styreleiar i Tussa Kraft AS der Ole Johan er tilsett, men det var dagleg leiar Arne Rekkedal som starta med å gje Gjelseth ein del "facts":

- Kvar av dei fem medeigarane i samdrifta la ned ca. 1700 arbeidstimar i fjøsbygginga før dyra kunne flytte inn.

- Fjøsen kosta ca. kr. 10 millionar å bygge, men dei fekk berre kr. 600.000,- i offentleg tilskot.

- I fjøsen vert det produsert ca. 500.000 liter mjølk i året, men mjølkeroboten har kapasitet til meir.

- Første året vart driftsresultatet omtrent som forventa - dvs. rundt 0.

IMGP2175 - Kopi

Svein Gjelseth vart informert m.a. av dagleg leiar i samdrifta, Arne Rekkedal(t.v.).

IMGP2177

Svein Gjelseth er utdanna ingeniør, men han let seg likevel imponere over den teknisk avanserte mjølkeroboten.  Klikk på fotoet og legg merke til at ei ku er i ferd med å verte mjølka.

Etter omvisninga i fjøsen, etter at Gjelseth hadde fått sett at der var grafar på ein dataskjerm som avgjorde når kua skulle inseminerast osb. vart det sjølvsagt kaffidrikking - te til Gjelseth - på kontoret.  Men denne viktige herren frå Herøy hadde knapt fått sett seg i sofaen før han vart stilt til veggs av Ola Tvergrov:

- Du verkar til å vere ein hyggeleg kar som er villig til å lære om landbruk og matproduksjon, men korleis kan vi vite at du ikkje vert berre ein av desse mange og gløymer oss når du kjem på Tinget?

- Eg trur eg er kjend for å hugse kvar eg kjem frå og eg lovar at eg slett ikkje vil gløyme sunnmørsbøndene, repliserte Gjelseth.  Han kunne sjølvsagt ikkje kome med økonomiske lovnadar, men det var tydeleg at han visste ein god del om situasjonen om utviklinga til sunnmørsbonden.  Han kjende godt til at det knapt var mjølkeproduksjon att i hans eiga heimkommune.  Gjelset opplyste dessutan at han likte å gå i skog og mark og han hadde såleis lagt merke til attgroinga og at talet på aktive bønder var gått sterkt nedover siste åra.  Han også trudde at kunnskapsnivået om landbruket til stortingsrepresentantane hadde gått nedover etter kvart.  Han ville hjelpe til slik at kunnskapsnivået auka igjen

I det heile vart det sjølvsagt ein del prat om økonomien i landbruket og Ola Tvergrov peika også på det paradokssale at når bønder gjekk saman i samdrift og invisterte i ein effektiv mjølkerobot så var det Staten som tok ein god del av effektivitetsgevinsten.  (Fem bønder som slår seg saman i ei samdrift får mindre tilskot/produksjonstillegg enn det dei fem ville ha fått om dei dreiv gardar kvar for seg.)

Det må også nemnast at Svein Gjelseth fekk vite om gardbrukarane sitt syn på at det framforhandla landbruksbudsjettet vart brukt til alt mogleg, t.d. rovdyrerstatning, pengar til grusing av elveramper osb.  I det heile fekk Gjelseth vite om at no var det på tide at stortingsfleirtalet igjen tenkte på tradisjonell matproduksjon og ikkje alt mogleg av ulønsame tilleggsnæringar.

Som sagt - Svein Gjelseth gav eit svært så sympatisk inntrykk og det var tydeleg at han saug til seg lærdom om tradisjonelt landbruk, men også om moderne samdriftfjøs.  Han såg slett ikkje vekk ifrå at han ville ta med seg stortingsrepresentantar til denne fjøsen ved eit seinare høve.  Her var det tydelegvis lærdom og hente.

IMGP2170 - Kopi

Og stemninga var god heilt til slutt...