-Torvtekkjing er ikkje noko dagens snikkarar har  hovudkunskap om lenger, slik som sine yrkesbrør for 60-70 sidan hadde,  og då må det kursast, skal den gamle tradisjonsmåten om å få tette taket av naturens eigne materialar kunne lærast vidare. Seier Tore Stokke som er lokal tilretteleggjar

Bjørke ein vårdag 08 EvenKåreHolte

Bjørke-bygda ein fin vårdag. Åkre og Bakketunet til høgre. Foto Even Kåre Holte

 Kurset er opplagt av Riksantikvaren og det er handplukka fagfolk vi har her som kursinstruktørar og delevis er er elevane også utplukka. Lærar på kurset er Steinar Mølster, Voss, Trond Oalann, Fana og Jon Bojer Godal, Halsa. Det vert 15-16 deltakarar i kurset frå heile Vestlandet, men ein del lokalfolk vil også være tilstades for å spa torv, då dette vert gjort  på gamlemåten for hand og er arbeidskrevjande.

Den gamle Røykstova i Bakketunet på Bjørke Landb og matminister Brekk på besøk
Den gamle røykstova skal no få torvtak att. Landbruks og Matminister Lars Peder Brekk var på besøk i Bakketunet 7. juni. Her møter han vertskapet ilag med presse og ordførar Kaland i Volda kommune. Restaurering hadde ministeren greie på og følte ei indre ro i dette huset, uttalte han etterpå.

 Kursdeltakarane møter på Bakketunet på Åkre måndag den 21. September innan kl 14.00. Her vil alle kunne få helse på kvarandre og ein liten matbit vert servert. Jarle Myklebust og Kjetil Rørstad er kjentmenn og ansvarleg for utplukking av høveleg torvførekomst og transport av torva. Sjølve torvskjeringa er under kyndig leiing av instruktørar. Seier Tore.

 -Men Tore, her vert det mykje folk etter kvart  og korleis skal dei innlosjerast?  Må dei pendle til Ørsta og Volda for overnattiing?

 -Nei langt ifrå, her er det snakk om ei bygd med tradisjon og folk som er kjent for si gjestfriheit, så mat og overnatting skjer privat.


Skjastaddalen fra Bjorkehornet -Even Kåre Holte

Skjåstaddalen ein vakker sommardag. Midt på bilde ser ein Raustadvatnet og gardane ved vatnet er Raustad. Her skal kursdeltakarane innlosjerast med Pia og Jarle. Foto. Even Kåre Holte

Alle tilreisande vert innlosjerte i 2 hus på Raustad i Skjåstaddalen ca.  4 km frå Bakketunet. Husa ligg 100 m frå kvarandre. Solveig (Pia) Nikkinen er vertinne og ansvarleg for kosten og er også eigar av eit av husa og Jarle Myklebust eig det andre huset. Han vert også sentral i samband med bl.a. transport av torv. Det vert sett opp eit enkelt skilt ved vegen i Skjåstaddalen, slik at alle skal finne greitt fram når dei kjem på måndag. Gardane ligg nær inntil vegen.

Det eine huset har 7 sengeplassar, medan det andre har 5, stort sett fordelt på dobbeltrom.
I det eine huset vert det servert frukost mellom kl.7 og 8. Og mellom Kl. 8 og fram til kl.17 vert alle på basen på Åkre.  Kl. 17.00 vert det servert felles middag på Raustad Alle kan få smører matpakke til lunsj, og få kokt kaffi/te på termos før ein reiser til Bakketunet.

 -Og då skal den gamle stova få nytt tak i løpet av veka? Er det noko prosedyre om korleis dette skal gjerast?

 -På den eine sida skal det leggast never etter mønster frå midt - Vestlandet,  på  hi sida legg vi slik det var vanleg nordre del av Møre og Romsdal. Å legge torva på taket er i seg sjølv eit fag, men å finne torv er også viktig og alt dette vert det lagt vekt på i arbeid og i kveldskursing.

 Sjølve dagen vert opplagt etter god gamal skikk med middagskvild, 

Tore Stokke

Ein optimistisk
Tore Stokke

ettermiddagskaffi , nonsmat og kveldsete.

Kvar kveld kl. 19 vert det kveldsforedrag om never og torv og hyggjeleg samvære på bygdas ungdomshus

 -Eit slikt kurs som går mykje godt over heile arbeidsveka vil no koste ein del for deltakarane?

 Vi føreset full arbeidsinnsats under kursdagane.  Difor er kurset gratis med mat og opphald og restaureringsprosjektet på Bakketunet betalar kurset. Reise må nok deltakarane stå for sjølve.

 Eg har mint deltakarane  om at det er langt til butikk, så dersom det er spesielle ting dei treng desse dagane,  bør det kjøpast med. Det er kjøleskap tilgjengeleg i begge husa. Men all mat ordnar som sagt Pia med.

 Vi ser fram til ei svært  triveleg veke på Bjørke og håpar no at han som styrer med nedbøren vil ta eit lite opphald denne veke .  Alt er så mykje lettare når ein slepp regnklede, men det er ingen hindring å tekkje taket om det kjem litt nedbør, avsluttar ein svært optimistisk Tore Stokke som har tekje på seg tilretteleggjinga av kurset.