INFORMASJON OM HAUST/ VINTERAKTIVITET PÅ BARNEIDRETT

 

Trening:

Siste fotballtrening vert i morgon tysdag 29. september. I veke 41 er det haustferie og dermed treningsfri. Etter haustferien vert det trening inne i gymsalen dersom vi får tak i  trenarar.

Det må/skal vere ein vaksen på kvar gruppe i tillegg til ein av ungdomane som er inne som trenarar på Barneidrett. Dersom nokon kan tenkje seg å vere trenar så ta kontakt med Elisabeth Dimmen (mob 92608041) innan søndag 4. oktober. Dersom ingen foreldre eller andre vaksne kan stille som trenarar vert det dessverre ikkje trening inne i gymsalen denne sesongen.

 

Frå v. 42 til v.48, dvs 7 gongar

Tysdag kl. 17.15 til 18.15-  1. & 2. klasse +  3. & 4. frå Norangsfjorden

Tysdag kl. 18.15 til 19.15-  3. & 4. klasse

 

Symjing/ Bading

Også i år har vi leigd varmtvassbassenget i Volda søndagar mellom kl. 15 og 17. Badinga er open for alle familier i Sæbø skulekrets med born fødde mellom 1999 og 2004. Første timen har familier frå Norangsfjorden første rett dersom det vert mykje folk, dette pga ferge. Alle born skal vere i følgje med vaksne.

Prisane vert som i fjor: 70 kr for familie, 30 kr for vaksne og 20 kr for barn.

Desse datoane er det bading: søndag 11. oktober, 18. oktober, 25. oktober, 1. november, 8. november, 15. november, 22. november og 29. november.

Dersom interessa er stor har vi også moglegheit til å leige bassenget i januar.

 

Tarecup i Sunnmørshallen

Jentelaget er i år påmelde på Tare jentefestival, den turneringa er laurdag 24. oktober.

Gutar 7 år og gutar 9 år er påmeld vanleg Tare, den turnering er 7. og 8. november. Har bedt om at begge laga får spele på samme dag.

Meir informasjon om Tarecup kjem seinare.

 

Sesongavslutning

Fredag 27. november avsluttar vi treningsåret 2009 med fest på klubbhuset.

 

For Barneidretten Sæbø IL

Siw Bjørdal Lillebø

- skrivar-