DSCN2374

Yngve Frøland bur seg på ei sensasjonell sesongavslutning.

Sæbø har vore igjennom eit trenarskifte. Emile vanEmbden har slutta, og Rolf Egil Riise og Rune Sæbønes har teke over. Lat det vere sagt med ein gong: Rolfen og Rune er ikkje interesserte i skitslenging og årsaker når det gjeld kvifor Emile slutta. Vi synest Emile har arbeidd godt. Alt fokus må rettast framover.

Når det eingong vart slikt, takka Rolfen og Rune ja til eit korttidsengasjement. Vi er glade i Sæbø IL, og skal gjere vårt for å skape entusiasme og spelelyst ut sesongen.

Alle som har vore med til no, er velkomne vidare. Noko av det første vi måtte gjere, var å setje faste treningstider. Diverre let ikkje fredagstreningar seg gjennomføre, vi må trene måndagar og torsdagar. Det er då vi får flest på trening. Det vil seie at dei som går vidaregåande i Ulstein får problem med å vere med på treningane.

Då seier Rolfen og Rune: Dei som går på skule i Ulsteinvik har akkurat dei same mulegheitene til å vere med på laget som dei som trenar på Sæbø. Det er fordi vi veit dei trenar aktivt i skulegangen sin, og på fritida. Så får vi heller organisere  ei løysing der desse flotte fotballungdommane kan ta seg ein tur på trening på Sæbø.

Vi har hatt ei trening, og det var ei intens og god ykt. Vi både håper og reknar med den same interessa for å møte på seinare treningar. Som tidlegare sagt: Treningane er måndagar og torsdagar kl. 18.30. Når mørket kjem, flyttar vi til kl. 18.00.

Vi håper publikum møter på dei attverande kampane. Det fortener spelarane, og det gjev motivasjon for spelarar og styre til å arbeide godt mot ein ny sesong.

I følgje terminlista er dette dei attståande kampane: Onsdag 09.09.09 kl 19.00, Langevåg2 - Sæbø (kan verte flytta), laurdag 19.09.09 kl. 15.00 Sæbø - MSIL, laurdag 26.09.09, kl. 15.00 Sæbø - Skodje og søndag 04.10.09 kl. 14.00, Aksla - Sæbø. De er alle vel møtt.

Helsing Rune Sæbønes

 

P.S. Viss det viser deg at grasbana vert for regntung til å spele kamp på, er det ikkje snakk om å flytte kampar til kunstgras. Då spelar vi på grus. Det er på Sæbø vi høyrer heime.