Då
det kjem eindel spørsmål om spreiing av husdyrgjødsel, sender vi ut ei melding.
Fristen
for å spreie husdyrgjødsel i Ørsta kommune om hausten er som tidlegare: 15.september.
Denne
fristen vart fastsett av Formannskapet i kommunen i 2006, og den står ved lag
inntil politikarane eventuelt gjer eit nytt vedtak.
Det
er høve til å søkje om dispensasjon frå fristen.
Ta
kontakt så sender vi søknadskjema i posten eller som e-post.
Dette seier fagkonsulent Børild Skåra i Ørsta kommune - Landbrukskontoret
Treng nokon hjelp ang.spørsmål om haustgjødsling, så ta kontakt -seier fagkonsulent Børild Skåra i Ørsta kommune - Landbrukskontoret.
Det har vore mykje vått ver sidan midt i august og vi har forståing for at einskilde må søkje om utsetjing.
Vi veit og at eindel bruk har knapt med
lagerplass og difor må ha tom kjellar/lager no i september.
Skåra anbefaler at ein vurdere før ein søkjer:
- Har eg høve til å lagre gjødsla til våren,
heime eller hjå andre i nærleiken som har ledig kapasitet? Husdyrgjødsla har
etter kvart ein høg prislapp, og spreiing om hausten er dårleg økonomi då
plantane i liten grad kan ta opp næringsstoffa. Optimal spreiing vår/sommar
sparer innkjøp av kunstgjødsel.
- Skal eg snu/fornye enga? Nedmolding av
husdyrgjødsel kan skje fram til 31.oktober, og ein treng ikkje søkje om løyve.
Kom innom Landbrukskontoret eller ta kontakt,
så sender vi skjema.
Tlf: 700 49610
E-post: landbruk@orsta.kommune.no
Kommentarar