Yngve

Greier Yngve Frøland å ta att Moltu i kampen om toppskårartiitelen?

Det var den første seriekampen med den nye trenarduoen Riise/Sæbønes, og det var den første kampen utan storskårar Moltu då Langevåg2 tok i mot Sæbø torsdag. Langevåg stilte sterkt, mellom anna med Andor Sæbønes Albertsen på bana.

Sæbø tok leiinga, men Langevåg utnytta den veldige medvinden, og leia 3-1 midtveges i omgangen. Då la Sæbø om til 4-5-1, og det vart ikkje fleire sjansar til heimelaget i den omgangen. Rett før pause reduserte Sæbø til 2-3. Begge Sæbø-måla var ved Yngve Frøland.

I andre omgang verka det som om Sæbø hadde kontroll, men i løpet av eitt minutt midtveges i omgangen skåra Langevåg to gonger på langskot som sneik seg inn rett over armane til Lars Urke i Sæbø-målet.

Då måtte Sæbø byrje på nytt att, og det greidde laget. Mål ved Harald Mykle, Øystein Frøyland, og sjølvsagt kampens store stjerne, Yngve Frøland, sikra uavgjort,.