Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.
To dagar med sauesanking og mykje gåing hadde sett sine spor. Føtene var blytunge og eg tvilte på om eg i det heile ville greie å kare meg opp på Keipen, eit alt for lite brukt turfjell rett ovanfor Rise i Bondalen. Fred Ingar (Somby) gjekk som vanleg eit stykke framom meg med sekken full av klatreutstyr. Han hadde store planar.
For min eigen del må eg vedgå at eg ikkje hadde vore på Keipen før - kanskje kan det ha med å gjere at fjellet er lite omtalt i fjellitteratur? Når eg snakkar med Bjarne Riise og andre som er noko eldre enn meg får eg eit inntrykk av at dette ikkje så høge fjellet var mykje meir vitja før, også på ski rundt påsketider. Ein ting er sikkert - Keipen er eit fantastisk utsiktspunkt og kan etter måten lett nåast frå Holen/Lissjedalen. Prøv.
Eit etter kvart kjent motiv, men utsikta mot Hjørundfjorden frå Keipen(ca. 1000 m) er vakker.
Så var det berre å legge i veg vidare oppover langs egga til Lissjedalshornet (nokre kallar dette fjellet Holehornet) på ca. 1300 m. "Mål for landskapsfotografar", skriv forfattarane av turboka "Fotturar på Sunnmøre" om dette området.
Sæbø sett frå Lissjedalshornet.
Vender fotografen fotoapparatet mot høgre ser ein at Bonalen også tek seg godt ut frå dette hornet.
Som sagt - Fred Ingar hadde lagt store planar og målet var å gå langs egga til Dalegubben. Fred Ingar hadde høyrt at Ola Sæbønes også hadde gått her ein gong. Ok - eg oppfatta at eg ikkje måtte gje meg utan å prøve.
Egga oppover frå Keipen er fin å gå, men fjellet vert mindre gjestmildt etter at dei tre vardane på Lisjedalstingen er passert. Men utsikta er heile tida fantastisk. Foto: Fred Ingar Somby.
La det vere sagt med ein gong - vi kom oss aldri heilt til Dalegubben. Det var motet til underteikna som svikta og tida vart knapp. No hadde vi naudsynt sikringsutstyr, men problemet var at eg ikkje visste kva som var bak neste pinakkel. Det hadde vore litt pinleg og ikkje kome seg korkje fram eller attende...
Likevel - vi har ikkje gjeve opp å ta denne turen ein gong seinare, i alle høve ikkje Fred Ingar. Det hadde vore kjekt om ein eller annan som har gått denne ruta kunne gje seg til kjenne med ein kommentar. Kanskje er det eit rutetips å få også? Kan det stemme at m.a. Finn Flø har gått her?
Fred Ingar tek her ein liten rekognoseringstur. Problemet er at vi ikkje visste godt nok kva som kom bak neste fjellformasjon. Dalegubben i bakgrunnen.
Vi har er på portalen diskutert namna på desse fjella før, men likevel; er det nokon som kan namngje desse næraste fjella frå høgre?
Til høgre ser vi vel Lynghalstinden, men kva heiter desse andre toppane?
Nedatt gjekk vi ei litt anna ruta - vi gjekk ned egga/ryggen mellom Lissjedalen og Nøvedalen, ned til Høgereset. Dette var ei overraskande fin rute å gå, men mosen var skummel, dvs. glatt. I haust er underlaget, der det ikkje er reint fjell, svært så oppbløytt og dermed glatt. Passar ein ikkje på kan ein fort ligge vassrett.
Og kva heiter så denne egga/ryggen ned til Høgereset? Det veit eg ikkje, men Nils Aklestad veit at berget nedst nede mot Høgereset vert kalla Snakkaren. Berget har nok fått namnet p.g.a. god ekko/gjenklang.
Her ser egga/ryggen ned mot Høgereset.
Fred Ingar på veg ned egga. Dalegubben til venstre.
Igjen - vi høyrer gjerne frå andre som kjenner til denne ruta frå Lissjedalshornet til Dalegubben.
Så ein fjellquiz til slutt. Kva heiter det velkjende fjellet i skoddehavet under?
Fjellet sopm stikk opp av skodda er Råna.
Dette fotoet er teke frå Dalegubben ein kveld tidleg i august. Det går ikkje alltid som ein ynskjer med omsyn til utsikta. "Mine" håpefulle likar nok ikkje at eg legg ut fotoet under, men det syner at det kan vere vakkert over skodda sjølv om det var lite å sjå av Hjørundfjorden denne augustkvelden.
Foto frå Dalegubben. Frå venstre ser vi Karoline, Ann-Christin og Jakob. I bakgrunnen er det lite fjord, men likevel kjende fjell?
Kommentarar
Snakkaren er berghammaren i nedste enden av egga. Den har namnet sitt, som Knut nemner på grunn av gjenlyden ein får når ein ropar mot den frå Høgereset.
På baksida av egga, mot Nøvedalen, går ei grøn flå som ein kan nytte som snarveg mot Dalegubben. Den har namnet Snakkarflåa.
Holehornet, som namn på Lissjedalshornet, var nytt for meg.
Den første toppen med varde på,etter Lynghalstinden, kallar vi på Rise for Saudekråtinden. Det kjem av den grøne kråa som skjer seg opp frå Skondalen bak Lynghalstinden. Den har namnet saudekråa. Men dette er nok lokale namn frå Rise. Dei andre toppane, bortsett frå Holmshornet som ein skimtar bak, har eg ikkje høyrdt namn på. Eg har heller ikkje høyrdt om nokon som har gått frå Lissjedalshornet til Dalegubben. Ikkje utan klatreutstyr i alle fall.
Elles er innhaldet i artikkelen no retta litt opp. Kom gjerne med fleire namn.
Bare fortsett å spør Knut, artig å lese om alle namnene, noterer flittig bak begge ørene. Den fine egga opp fra Høgreset har jeg lurt på flere ganger om er gangbar, men aldri prøvd å gå den selv.
På denne turen traff eg også Ingvald Holen, som også hadde fellar. Eg huskar han utbraut i det same han kom opp til varden. "Steik for eit framskritt det e å gå med svor opponde skina".
Miendalstindane er vel ein samlebetegnelse på alle desse toppane øvst i Miendalen (Utanom Holmshornet og Lynghalstinden)?
I eldre fjellitteratur er namnet Miendalstinden nytta om Dalegubben. Det var frå den tida fjellfolket reiste med båt inn Hjørundfjorden og til hotellet på Øye. Sett frå Øye stikk Dalegubben høgst opp bak Miendalen, men sett frå fjorden rett ved Miendalen, så ser ein ikkje Dalegubben i det heile.
Topp nr 3 frå høgre på bildet (toppen med det lysegrå svaet) er høgste toppen i Miendalen, kan ein då kalle den Miendalstinden?