Jentelaget var på turnering til Ørsta i dag. Dei var toppmotiverte og gledde seg veldig til å spele!
Her er me klare for fyste kampen mot eit Volda lag, dei ser ørelite forvirra ut her. Helsinga var nemlig ikkje som den pleier, i dag var det bukking som gjaldt og ikkje hender ;-)
Jentene var i godt humør - og greide seg bra mot dei tre laga me spelte mot. Me spelte mot to Volda lag og eit Ørsta lag og me vart imponerte fleire gongar over innsatsen i det noke våte været.
Her ser me litt action frå siste kampen mot Volda:
Godt jobba jenter ! Me gler oss til ny turnering i Volda neste laurdag :-)
Kommentarar