Landbruket har fått tilsyn gjennom KSL(kvalitetssystem i landbruket) og under der HMT( Helse Miljø og Tryggleik) som skal ta vare på oss ved at vi fører alle hendingar på ein gard i spesielle hefter. Her skal vi fører avik og uforutsette hendingar gjennom ein arbeidsdag. Med jamne mellomrom vert vi kontrollerte av KSL-revisorar som skal sjå til at alt står bra til. Gjer vi dette så skal vi få det bra, har det rette mynde bestemt.

Hauk i fjøsen09

Hauken sat roleg på flugefangaren til eg hadde fått eit bilde av han, men han likte nok dårleg blitsen, for han strauk ut det opne fjøsglaset etter nokre blitsar til.

Men i dag er eg i tvil kvar eg skal føre dagens oppleving, i min KSL. Det uventa som møtte meg i fjøsen når eg kosta fórbretta, og var i andre tankar med min daglege morgenprat med storoksane. Eg merka plutseleg at dyra vart urolege og eg høyrde ein klaprelyd som minte om eit mini helikopter. Og då eg snudde meg om og såg inni sprikande venger, til ein fugl med  klør som var klar til å angripe, vart det rekordpuls.

Rett nok kan vel denne hendinga ikkje ha vore så dramatisk som eg opplevde det, for fuglen må være ein Spurvehauk og er den minste rovfuglen vår. Men å få ein slik fugl på eit par meters avstand, med eit vengespenn på 50-60 cm.innom hus, er skræmande nok.

Det heile gjekk over med skrekken både for bonde og dyra, og kameraet var henta i ei viss fart.


Hauken sit på flugefangaren

Flugefangaren er 66cm. brei og 50 cm.høg, så vi snakkar er om ein liten fugl på størelse med ei Skjor.