Frøydis, Marit, Unni, Kari, Haldis, Fred, Ansgar, Alvhild og Janneche.
I varm sol gekk vi nakkeløypa opp, her er vi i starten ved nederste tidtakarbuda.
Her er vi i siget oppover mot det brattaste henget i nakkeløypa.
Ved midterste tidtakarbuda etter bratta, her er det flott utsikt, og det vert berre finare til lenger opp ein kjem.
Oppe på kollen mellom Knuteløypa og Nakkeløypa her er Voldsfjorden og Hovdeåsen i bakgrunnen.
Fred og Ansgar med Nottane og Veirahaldet bak seg, her gjekk vi i sykkelløpa til "Mellom bakkar og berg".
Denne brua er bygd av samme gjengen som har laga sykkelløypa, ho bar oss godt.
Frøydis var litt forbausa over storevatnet, dette er ikkje godt å sjå på vinterstid då er det dekt av snøv.
Måtte fram og sjekke om det virkeleg var sant.
Haldis i framgrunnen nyt haustfargane.
Vidare ser vi trekket i Nottane , Veirahaldet og Blåhornet med Kolbeinskaret i mellom, og Trollbotnen i skuggen, der var det mange hopprenn i ei "svunnen tid".
Vi tok rast på Verandaen til Eitrefjellkafèen, sol og vindstille og fantastisk god utsikt.
Grøthornet, lissjetinden/Solhatten og Storetinden i sikte.
Her kvanndalshesten og lissjedalshornet til venstre og Snøhornet til høgre.
Kansje neste års turmål?
Nedatt gjekk vi bratthenget, der var det dugnad, ein gjeng rydda skog i heistraseet, det gror fort att.
Nokre av oss lengta no mot vinter og gode søvforhold, me treng ikkje nevne navn.
Det var ein flott tur i fantastisk godt vèr.
Neste tur er Frølandsetra.
VEL MØTT!
Kommentarar