Gåve til venteromet

Fv. lege Sjur Reinertsen, Elisabet Årseth Dimmen og Ann-Helene Urkegjerde.
Ein radio trengs på venteromet på dokterkontoret og dette har damen i klubben Ann-Helene er medlem i, kjøpt som gåve av klubben sin sparegris.

 

EIt fint dikt vart overlevert

Det mangla ikkje med godord til nyedokteren denne dagen. Her les Janneche Myklebust, som er leiar for Bondalen helselag, opp eit velkomstdikt dei hadde skreve.

 

Dikt til nyedokteren

Bondalen Helselag hadde laga dikt
til lege Sjur. (dobbel klikk for større)

Hjørundfjordportalen fekk være med når Bondalen helselag og klubben på Sæbø ynskte nyedokteren velkomen.  Gåvene var overrekt av leiaren i Bondalen helselag, Janneche Myklebust og representant frå dameklubben som arbeider for trivselstiltak, - Anne-Helene Urkegjerde. Helselaget gav ei personleg gåve til Sjur og dameklubben gav ein radio til venteromet på dokterkontoret. Dette var legesekretær Elisabet Dimmen Årseth svært glad for og pasientane skal få glede av denne, seier ho. Sjur fekk også eit personleg dikt frå damene.

 Når det vart klart at vår tidlegare dokter Bruno Hame skulle pensjonere seg frå 1.juli og det var fare for at dokterstillinga skulle overførast til Ørsta, vakna hjørundfjordingane og aksjonerte med underskriftskampanje. Sjølv om det vart samla inn over 800 underskrifter mot nedlegging av helsetilbodet på Sæbø, ville administrasjonen fortsette slik dei hadde tenkt, men etter ein kraftig dragkamp politisk, vart stillinga på Sæbø ”freda” i eit år.

 Når dr. Hame flytta ut kom ein ung kar inn, - ein 31 åring frå Bergen. Han har sambuar, men det er ikkje lenge før sivilstatusen er endra, for til komande helg er han ikkje på vakt, for då reiser han til Bergen for å gifte seg med sin sambuar som er reist i forvegen..

 Sjur er utdanna i Scotland og turnustenesta har han gått på Voss og i Jondal kommune

Han har  jobba ½ år i psykiatrien og 3 år ved nevrologi på Haukeland. No har han teke over legepraksisen til dr. Hame i Hjørundfjorden og deltek i legevaktordninga i Ørsta kommune.

 -Og kva er det som gjer at ein forholdsvis nyutdanna lege kjem til ein slik ”utpost” som Hjørundfjorden, Sjur?

 -Fyrst og fremst så var sambuaren min, Anne Marte, som også er utdanna lege, på jakt etter turnusplass og Volda var interessant. Vi merkte oss då Hjørundfjorden gjennom portal og elles i media, der eg fann stor interesse i folket som stod saman om å behalde legen sin. Dette har eg fått bekrefta etter eg kom meg på plass, at her er det mykje flott samhald og frivillig arbeid for å skape trivsel. Eit godt døme på det er desse to damene som kjem med gåve til venteromet og til meg.

 -Men vi har høyrt at legestillinga måtte flyttast til Ørsta fordi der var ikkje søkjarar som ville ha stillinga i Hjørundfjord pga. det var negativt for karrierre-utviklinga å jobbe åleine. Korleis ser du på denne problemstillinga?

 -Dette ser eg ikkje noko vanske i, då eg har god og løpande kontakt med helsesenteret i Ørsta gjennom vaktsamarbeidet og ei grundig oppfølging, fleire gongar i veka dersom vi treng assistanse. Pasientane i Hjørundfjorden og elles dei som måtte bruke oss, er i trygge hender her. Vi har også folk frå Ørsta og Volda som har hatt dr. Hame som fastlege, og dei kjem forsatt over til Sæbø.

Legsekretær og dokter

Elisabet Årseth Dimmen og Sjur Reinertsen er det nye helsepersonellet på dokterkontora i Hjørundfjorden

 -Møter  du ikkje litt skepsis fordi du er så ung? Dei har vore vant med gode dr. Hame som har vore svært  pliktoppfyllande og tilgjengeleg som vi ikkje kan forvente nokon lege vil være i dag.

 -Har ikkje merka noko skepsis til no, berre folk som er svært takksame for at dei  har fått ny lege. Det var bra du nemnde dette, for eg må berre få seie kor stor respekt eg har for min tidlegare forgjengar, etter kvart som eg snakkar med folk. Han vert nærmast omtala som ei levande legende blant folk, og slikt gjer inntrykk.

 -Du meiner at det er som å hoppe etter Wirkola då ved å overta denne stillinga?

 -Ja det kan du seie, men eg driv berre på i ein liten bakke :-)

 -Ann-Helene og Janneche som båe jobbar på Hjørundfjordheimen måtte her presisere at dr.Sjur har vunne hjarte med pasientane på heimen, ved at han er forståelsefull og brukar mykje tid til å snakke med dei

 -Eg berre gjer det eg synest eg må og vil prøve og være ein folkeleg lege – seier Sjur, som set stor pris på denne kommentaren.

 -Men ein praksis Hjørundfjorden kan være ein stor utfordring til ein lege, for her må du til tider rykke ut til bygdene og på fjorden med båt. Korleis er det med legen på sjøen i allslags vér?

 -Er eg på vakt, så gjer eg det som må gjerast, og på fjorden og i båt går heilt greit. Eg har vore mange gonger på Bjørke med båt då der er kontortid kvar tysdag der inne. Hjørundfjorden har ein god båt og skyssbåtførar, som taklar dei fleste situasjonar, slik eg har opplevd han, og når eg reiser til Bjørke tysdagane så er det ei oppleving å fylgje båten. Slike båtturar er noko som andre må betale dyrt for å få være med på, og her er det ein del av jobben min.

IMGP5392_1

Sidan B.helselag hadde kjøpt inn
eit personleg gåvekort på ei sports
forretning, måtte overleveringa skje
ut i den fine haustdagen. Her over-
leverar leiaren i helselaget ei per-
sonleg gåve til Sjur, med ynskje om
at han må nyte naturen vår, så han
trivst ilag med oss.

 -Då har du stifta bekjentskap med Bjørkefolket då?

 -Ja eg har møtt same gode openheita der inne som elles i fjorden, og når eg såg på ”Norsk attraksjon” i helga på NRK, så fekk eg berre stadfeste den stoltheita som er iblant bygdefolket ved å stå imot nedbygginga av bygda si.

 -Kva slags fritidsinteresse har privatmannen Sjur?

-Eg har mange interesser, men dette å gå i fjellet og bruke sjøen er nok prioritert når anledninga er der, og tilboda står i kø her i Hjørundfjorden. Eg har bla. vore fleire gonga på Skårasalen.

 -Ja då har du vel gjort deg opp ei meining om du er for eller mot veg på Skårasal då?

 -Ja då var det å sjå tilbake kva min forgjengar dr. Hame ville ha gjort ved eit slikt spørsmål. Han hadde praktisert i stilling si lenger tid enn nokon annan og ein av grunnane har eg høyrt var at han var svært forsiktig ved å uttrykke personlege meiningar som kunne støyte nokon, og ved å være forsiktig, kunne han snakke med alle. Her vil nok eg også passe på, så noko svar får du ikkje her.

 -Kan eg tolke svaret på den måten at du satsar på stillinga i Hjørundfjorden etter dette eine året då?

 -Nei det er altfor tidleg å seie noko om. Det vert avgjerande om mi komande kone får seg jobb, som ho kan trivast med. Eg er ung og har ei lang yrkeskarierre framføre meg, og om det er det beste for pasientane at eg vert her resten av livet, er eg usikker på. Men eg er heilt overbevist om at Hjørundfjorden kunne være ein fin plass å busette seg og her ville være topp for ungar å vekse opp.

-Til slutt, korleis vil pasientane merke at vi har fått eit generasjonsskifte på dokterkontoret på Sæbø og på Bjørke?

 -Det er vel inga tvil om at eg og min forgjengar er legar av to forskjellige generasjonar, men mykje av det dr.Hame sto for vil også eg ta med meg og eg vil legge stor vekt på dette med å møte folk på ein folkeleg måte. Det er langt igjen før eg kjenner alle, men er på god veg og eg har berre positive erfaringar så langt.

Når det gjeld sjølve kontoret vil nok ein del endringar skje. Det fyrste er å få inn breiband og internett kommunikasjon og ein del annan tekniske hjelpemidlar som eg er vant med. Eg og legesekretær Elisabet, skal gjere det vi kan for at folk skal få den hjelp dei treng.

Legekontoret

 Vi står til teneste for folk i  Hjørundfjorden og Ørsta og Volda om det er ynskjeleg, seier nyedokteren og legesekretæren

 

Når det gjeld opningstidene så vil det stort sett verte likt det som folk er vant med frå før:

 Måndag-Torsdag-Fredag er opningstida på Sæbø frå kl.9.00 – 15.00 og på Bjørke er det tysdag, med opningstid frå 12.00 – 15.00.

 Det nye er no at kveldsopninga på Sæbø onsdag, fell vekk, og alle må timesbestille på tlf. 700 40041.(Det gamle nr. til kontoret.) Men skulle nokon ha akutt hjelp i kontortida henvender ein seg til Elisabet i mottaket, og får avtale med ho, så gjer vi så godt som vi kan innimellom timesbestillingane. Elles frå kl. 15.30 henvender ein seg til Felles legevakt ordninga på tlf. 700 48060 og skulle det være ulukke og anna krise, så er det nødnr. 113 som er løysninga.

 Vi vil sette pris på å kunne samarbeide med Hjørundfjordportalen med å informere om opningstider og elles tenester som vi måtte ha.

 -På vegne av folket i Hjørundfjorden og alle oss her på portalen vil vi ynskje lukke til med giftemålet komande helg, til deg og Anne Marte. Og pepar har du gått klar til no som  ugift, og over 30?

 -Tusen takk for helsinga.

 Nei det har nok ikkje vore noko pepar til no, men kven veit …:-)

 Avsluttar den nye fastlegen vår.