Under, eller rett etter første vassfløde i desse tider går ålen ut i sjøen igjen, ålen som skal attende til Saragossohavet for å gyte, meinte Arnljot Frøland og Jostein Koppen.  For få dagar sidan var det vassfløde i Bondalselva og dermed bestemte dei to seg for å setje ut ei åleruse på Sæbø - røykt ål er nemleg ein delikatesse Arnljot og Jostein veit å setje pris på.

Mobilbiltete 127

I går, onsdag, sette Arnljot og Jostein ut ei åleruse ved skyssbåtkaia på Sæbø.  På fotoet ser vi Arnljot Frøland.

Arnljot er fiskar av yrke og det er berre få dagar sidan han kom tilbake frå ein fem-vekers  tur ombord på reketrålar som fiska i havområdet ved Hopen.  Likevel er han, til liks med Jostein, også ein ivrig hobbyfiskar.  I dag hadde dei to knapt tid til ein kopp kaffi på Bellingen på Sæbø for dei spente som unggutar måtte sjekke om der hadde gått ål i den omtalte rusa.

Mobilbiltete 122 Mobilbiltete 123

Arnljot dreg opp reiskapen, men er det fisk, for ikkje å snakke om ål, i rusa? Jostein Koppen(t.h.) er minst like spent på svaret.  På fotoet til høgre kan dei to slå fast at der absolutt er både fisk og skaldyr i rusa.  Bak til venstre ser vi ein veteran i havområda både ved Arktis og Antarktis, Magnar Aklestad.

Å kalle det storfangst det Josein og Arnljot fekk er nok å ta vel sterkt i, men dei fekk i alle høve ein svært fin ål.  Såleis er det sikkert rett at ålen går ut i sjøen igjen rett etter eit vassfløde i overgangen mellom sommar og haust.  Men kva heiter ålen når han går ut i sjøen igjen - er det gulål?

I rusa var altså lite ål, men i tillegg var der eit pr krabbar, ein steinbit og mange  berggylter.  I tillegg hadde ein hummar gått inn.  Men på denne tida er det ikkje lov å fiske hummar og denne var nok heller ikkje over minstemålet.  Difor slapp hummaren sjølvsagt ut i sjøen igjen.

Mobilbiltete 125

Hummaren sette Arnljot sjølvsagt ut i sjøen igjen.  Magnar Aklestad passar på at alt går rett føre seg.

Mobilbiltete 126 

Flest berggylter, men det var og ein flott ål i rusa.

Og kva med ålen, tok Jostein og Arnljot fisken med seg heim slik at dei fekk røykt han?  - Nei, ein ål er for lite, meinte dei to.  Rusa vart sett ut på nytt igjen - med ålen i.  Kanskje vil ålen lokke til seg eit par kameratar til i morgon?

P.s.:  Arnljot er forresten ikkje lenger sikker på om ein einaste  ål frå Europa kjem seg attende til Sarogossohavet for å gyte.  Thomas Hustad, hamnefogden på Sæbø, har visst lese seg fram til at aldri har nokon sett at ein ål har kome seg tilbake til dette havområdet utanfor Amerika.  Kanskje er det slik at det er "Amerikaålen" som også forsyner Europa med ål?  Ein ting er i alle høve sikkert; det er berre ein brøkdel så mykje ål i dag som berre for 20-30 år sidan.  Kanskje er det ikkje berre villaksen som er i ferd med å verte utrydda?

d.s.

 Framhald, dag 2:

Bellingen på Sæbø er sjølvsagt oppsett med ulik fiskerilektyre, også eit hefte der det står at minstemål på gulål er 40 cm.  Men det skulle vise seg at dette heftet er trykt opp før 1. juli...

Etter Frode Holen sin kommentar her på portalen, vart det i dag teke ein telefon til Kyst- og fiskeridepartementet.  Der vart det stadfesta at ålen var totalfreda for fritidsfiske frå 1. juli i år.  Fredinga skjedde etter at det hadde vore arbeidd med saka i ca. eitt år.

Og kva skjedde så med ålen som vart fanga i rusa i går?  Arnljot og Jostein ordna sjølvsagt opp.  Den omtalte ålen vart som nemnt sett ut i sjøen igjen og då rusa på nytt vart dregen opp av sjøen igjen i dag, hadde ålen fått besøk av ein artsfrende.  Begge ålane var i strålande form - og begge har no fått fridomen tilbake.  Kanskje er dei allereie på veg attende til Sarogossohavet?

IMGP2188

Her ser vi Arnljot Frøland sleppe begge ålane tilbake i sjøen.