I år kom den tilbake som laks i 8-10 kgs klassa. Den kom seg velberga forbi laksenøter,bikarane med både makk og sluk. Kanskje var den fast på vegna til Paulsen eller Håkonsholm, eller var det denne Oddmar stubba på ein av dei siste dagane i juli?
Den kom seg også opp Hauafossen. Mest sannsynleg gjekk den renna som Tore M.Årskog, Bakk Eljas og Sæbønes Lars skaut ut i 70 åra, for at laksen skulle kome seg inn i Rognestøyldalen for å gyte.
Det er no i alle fall bevist at renna verkar, for den enda sine dagar med ein oter oppå ryggen inne ved Risestøylen.
Søndag då vi jaga kyrne over elva gjekk Magne (Riise) seg på den inne ved Risestøylen.
Det er inponerande at instinktet til ein slik villaks sender den langt inni setredalen vår for å føre arten vidare.
Men siste vintrane har eg observert otervegar langs elva, og innafor Storevatnet. Det er i og for seg ein rikdom, men for dei få laksane som når fram til gyteplassen kan det vere ei katastrofe.
Ein fin holaks på ca. 8-10kg som eg går ut frå er teken av oter. Men no har vassflødet sendt han på sjøen att.
Der er påfallande ar mange laksar som er funne langs elva siste åra, teken av oter, stort sett berre er tekne nokre bitar av. Oteren er kanskje mest sportsfiskar den også?
Den hadde neppe langt att til gyteplassen. Kanskje var den komen på plass ilag med ein hannlaks då oteren angreip?
Hadde den kome seg inn på grusbankane innanfor Oksehølbrua hadde den kanskje berga seg.
Det har nok hendt at pjakk og laks har kome seg heilt inn i Storevatnet. Men det er ingen gyteplass for laks.
Denne historia hadde ikkje vore særleg trist om den var servert på 70 talet. For då var det mykje laks og knapt nok oter i Rognestøyldalen. Det er langt verre no når det er like mykje oter som laks. Og kankje om få år går det troll i ord det som Lida-Peder sa ein gong då han tykte at laksefiskarane vart vel grådige.
"Når dei vel he fått den siste, då spøre dei: Kvar i verden vart det ta nå?"
Kommentarar
Men det minner meg om det som ble sagt for en del år siden da vi fanget over 50 oppdrettslakser i Vitjingselva. Først da representanter fra direktoratet kom på besøk, ble de overbevist.. Det får være opp til røynde villaks og oppdrettstilhengere ut fra bildet å gjøre seg opp sin mening.
Oppdrettslaksen sammenlignet med villaks har mer avrundede spord-fliker, ryggfinnen er mer strålete, "spjørdene" er kortere og avrundet. Skjellene er grovere, og fisken som helhet er mer "kubbete."
Bare test av skjellene kan avgjøre det. (De leser de forøvrig som år-ringene i et tre. Har med foring og vekst å gjøre.)
Rett som du skriver Knut. I Bondalselva oppholder smolten seg fra 2-5 år før den går til havs. Laks vanligvis 1 år lenger enn pjakk. Gjennomsnitt 3-4. Laks mellom 1-3 blir kjønnsmoden etter 1 år i havet. 3-5 etter 2. Laks over og opp mot 10 kg etter 3. Hugs ellers at laksen blir først kjønnsmoden når den er på størrelse med sitt opphav. Derfor bl.a har Bondalselva primært vært ei smålakselv, fordi så mye av den samme størrelse har fått gyte/blitt kultivert. I tillegg til elva si størrelse, og dermed forutsetninger. Tillempet og utviklet gjennom titalls generasjoner. No er pjakken vekk, og Bondalselva kan aldri bli ei laks/storlakselv. Den må bringest tilbake til utgangspunktet og bygges opp derifra.
Hvor mye vanskeligere ville det ikke være for både 4 og "toføtige" otere å ta en pjakk som denne laksen...? Dermed ville den siste få gyte i fred.
Tillot meg litt "voksenopplæring." Men jeg innrømmer gjerne at en burde se på den voksende oterbestanden, men dyret er totalfredet. Inntil videre og så lenge understreker det behovet for å la mest mulig fisk få stå i elva og gyte. Løper ikke dette parallelt med nettopp mer oter i og rundt vassdraget....?
Dessuten må vi ikke miste fokus på hva som er hovedgrunnen til villaksen nesten utryddelse på våre kanter. (Storfjordsystemet.)
Når en pjakk eller "laks" først er kjønnsmoden vil den være det hvert år. Den vil derfor søke tilbake til elva. Om den overlever gyteprosess og vinter. Det gjør svært få. Anslagsvis bare et par prosent vil gjøre det og bli det vi kaller "støinger." Fisk som går ut fra elva på vårparten. Den fisken går til havs, sannsynligvis sammen med utgående smolt. No vekser den fort. Derfor var det bl.a "i tidligere tider" ikke uvanlig med laks på rundt 15 kg i Bondalselva. det var 2 eller 3 gangs-gytere. Dess flere "støinger" som går ut, dess større sjanse for enkelte virkelig store tilbakevendende lakser.
Men no er det så få lakser som går ut igjen på vårparten, at de virkelig store tilbakevendende lakser er ikke-eksisterende i Bondalselva.
En kan med andre ord bestemme/regulere selv en elvs laksestørrelse.
Bondalselva er og blir ei pjakk/smålakselv, men då må pjakken prioriterest og vernest som gull. Med andre ord ikke oppfiskest om en skal bygge opp igjen smålakselva Bondalselva.
Ta ei storlakselv som Lærdalselva. Ei etablert storlaksstamme som er tilpasset de naturlige forutsetninger. Storlaks som har vært i havet 2-3 år før de vender tilbake kjønnsmodne og som førstegangs gytere. Samme prosessen her
som i Bondalselva, men forskjellig størrelse på laksen.
Konklusjonen for elva vår får være at pjakken burde totalfredest, og ikke la oss la "blende" av x-antall "lakser" som tas.
Bondalselva vil aldri bli ei storlakselv, forutsetningene ligger ikke til stede. Smålaksen mellom 1-3 kg, førstegangsgytere, er Bondalselva si fortid og fremtid (?).... Større fisker er velkomment "krydder" i pjakkelva.
Andre steder i landet blir betegnelsen "tert" benyttet.
Man alt er villaks.
Ellers er villaks og oppdrettslaks forvirrende begreper.
Navnet er og og skal være laks.
En direkte hån mot en representant for et av de fremste under i naturen er navnet "oppdrettslaks."
La oss heller kalle denne type fisk "kopifisk."
Være seg laks eller torsk....
Det einaste er handling som gjeld her.
Oteren har dei seinaste åra blitt fleire og fleire. Om dette held fram vil det bety slutten på vår villaks stamme. Spesielt i dei små og mellomstore vassdraga våre. Der oteren har fritt spelerom. Den drep heller ikkje berre for maten
men etter mi meining også for moro skyld.
Den kan gjere stor skade. Har sjølv vore med å observert 7-8 laksar på ein gong ligge under ei berghylle der oteren held til.
Har og sjølv med eigne auge sett oteren fange laks og drege den med under denne berghylla.
Om laksebestanden hadde vore oppe å gått i rikt monn hadde ikkje dette betydd noko som helst.
Men akkurat no, i den situasjonen som vi befinn oss i no kan ikkje dette fortsette.
Ein kan søkje, om å få fellingstillatelse av oter sjølv om den er freda. Då er det vil eg tru viktig med bevismateriale, bilde etc.
Oppdrettsnæringa har i allefall fått ein slik fellingstillatelse. Og det ville vel kanskje vere noko merkeleg om ikkje det skulle vere mulig å få ein tilsvarande for å berge opphavet til denne næringa som forøvrig er totalt ute av proporsjonar.
Får inderleg håpe at det finnest politikarar der ute som er villege til å kjempe for denne skatten vår som villaksen er.
Ein liten kommentar til siste avsnittet til Helge.
Når det gjeld oteren i Bondalselva og i mange andre elvar. oterbestanden har i desse elvane vokse parallelt med at laksebestanden har gått dramatisk ned. Det som då skjer er nettopp at med så lite fisk og så mykje oter kan dette vere med på å velte lasset etter mi meining.
Vi må kome fram til gode løysingar for heilsskapen. Der spesielle situasjonar oppstår må vi kunne sette inn tiltak for å begrense "galskapen"
Eg vil til slutt rose deg Helge for engasjementet ditt for laksen.
Ja, jeg har et brennende hjerte for villaksen sitt "ve og vel." Så mange fantastiske opplevelser jeg har hatt i elva, i tillegg til det samme i 20 år som ansvarlig for kultiveringa i Bondalselva bidrar vel til det.
Men vi må ikke utvatne de allerede fastslåtte grunnene til oppdrettsnæringa sin miljøkriminalitet mot villaksen og miljøet generelt. Det er beviselig fastslått, Arve!
Oteren forsyner seg selvsagt med sin porsjon fisk, men det er underordna det overordna.
Jeg leser det du skriver Arve, men jeg har ennå ikke registrert at du setter spørsmålstgegn ved oppdrettsnæringa.
Jeg mistenker ikke deg for det, men en må generelt være både døv og blind om en ikke har fått med seg pr. avis, radio og tv at oppdrettsnæringa er og blir den desiderte grunnen til at villaks og ørret er, og kommer til å bli (?) vekk...
Når det gjelder oterbestand, er den langt, langt unna minkbestanden som herjet vassdraga en del år tilbake.
Etter mi mening er det ikke oteren sin skyld at elver, sideelver og "grøver" tømmest for fisk. Det er menneskets...
Eg sit inne med bilete teke mellom Hustad/Riise med snart 200 lakselus på ein pjakk....Nokre år attende.
Er det å gløyme...?
Eg prøver å følge med så godt eg kan. Er forøvrig like kritisk til denne næringa som du Helge er.
Men eg kan ikkje fatte at dei ansvarlege ikkje evnar å få gjort noko.
Bevisførsel opp og i mente, men hjelp det? Eg trur vi kanskje er nærmare no enn på lenge.
Men dei må forstå at dette er ikkje god forvaltningspolitikk,ikkje berekraftig og dermed dårleg økonomi på sikt.
Det er ikkje berre lakselusa i tillegg driv dei og fiskar ned bestand etter bestand sist ute er krillen no e det han som skal ha det.
Det blir stadig mindre å beite på for dei stakkarane som greier å karre seg ut av fjordsystema og nå fram til beiteområda ute i havet. Mange bukkar under og dei som kjem att.er i mange tilfelle både små og magre. Dette har vore spesielt dei siste 4-5.åra. Håper inderleg at dette prosjektet med lukka oppdrettsanlegg blir vellukka og at vi kan få politikarane til å satse på dette i lag med oppdrettsnæringa.
Men dei siste 10-12.åra har ikkje dette i like stor grad vore tilfelle.
Dette er etter mi meining to årsaker, den eine at det har vist seg at laks er meir motstandsdyktig mot luse angrep enn pjakk derfor greier den seg betre. Den har heller ikkje dei same problema med å finne mat som pjakken.Den kan vere at den bruker andre beiteområder enn pjakken samtidig som den er noko større som gjer at den vinn fleire kampar om maten enn pjakken i det store havet. Bondalselva har i denne perioden kultivert kanskje meir laks enn pjakk.Det meiner eg kan, vere eit bevis på at denne kultiveringa har bore frukter.Det har og vore fanga like mykje laks som pjakk i fleire av desse åra.Dette til ettertanke.At naturleg gyting er det beste i dei aller fleste tilfeller er eg og heilt enig i.
Men det blir i allefall betre resultater av kultivering enn hvis alternativet er at oteren skal plage livet av fisken. Det er nok desverre ikje berre dei fiskane som oteren tek som er problemet,den skapar stor uro på gyteplassane og stressar fisken. Trur nok heller ikkje at det er så stor konkurranse om hofiskens gunst i Bondalselva akkurat no. Om ein kultiverer dei nederste delane av Elva slik at ein får både naturleg gyting i tillegg til kultivering trur eg dette kan vere gunstig på dette tidspunktet.
God Helg!
Du vrir deg unna...
Eg er ikkje redd for å si det, men pr. i dag er det ikkje nokon på Sæbø/på Bondalen som fiskar i elva.
Avdi vi ynskjer ta vare på elva vår.....
Du er ein røynd laksefiskar i Bondalselva. Med det sit du inne med praktisk kunnskap, og tydeleg er du teoretisk oppdatert.
Etter mitt skjøn går du i den lettfattelege fella, der du ser bort frå det beviselege hovudproblemet.
Misser ein fokus på det, og heng seg opp i å endre naturen sine eigne spelereglar med tanke på kortsiktig vinning, kjem ein ingen veg når det gjeld vern avv villaksen.
Ja, det du seier om om storleik på smolt med tanke på overleving frå lusangrep er eg samd i. Den teorien lanserte eg forøvrig for mange år sidan.
Men også dette er å legge seg flat for oppdrettsnæringa. Prioritere stor fisk i smålakselva Bondalselva fordi smolten har noko større sjanse for overleving...Dessutan er teorien på langt nær beviseleg.
Så til mat i havet, m.m.
Det som avgjer kor mykje fisk som kjem attende til eit vassdrag, er talet på smolt som går ut. I Bondalselva har det vore lite og inkje i dei seinare åra. Dei få fiskane som kjem attende er i god kondisjon og feite.
Ein må samstundes hugse at villaksen som søker si "barndoms elv" er på gytevandring.
Kultivering er eit "tve-egga sverd." Dei store laksemengdene tidlegare var ikkje eit resultat av kultivering, men naturleg gyting.
I mine notater frå slutten på oktober i 1978 talde eg meir enn 500 fiskar frå Hustad til Kvistad bru. Ein kan berre tenkje seg kva som var lenger framme....
Sammanliknar ein då med 50-60 fisk på klekkeriet, skjønar ein kanskje tilhøva.
I 1996 hadde vi på klekkeriet i overtal laks samanlikna med pjakk. Alt (trudde vi) var fryd og gaman. Ein stor fisk "pirrar" våre jakt-gener, men det vi gjorde det året var ikkje noko anna eit bidrag til å "desimere" smålakselva til fordel for større fisk som ikkje er tilpassa Bondalselva.
10 pjakkar er betre enn ein krøkt/rykt laks på 10 kg. Ein aktivitet som dei seinare åra er meir hovudregel enn unnatak. Desverre.
Den laksen som Knut syner fram, har gått opp i elva før åpninga 20. juni. Om inkje hadde den vore drepen av ein " 2 føting oter."
Så får kvar enkelt gjere opp si meining kva var det mest naturlege frå laksen og naturen si side....
Men dette var i utgangspunktet ein artikkel om oteren,deror prøvde eg i starten å forholde meg til det.
Vi er og blir einige når det gjeld oppdrettsnæringa. Der trur eg både du Helge og eg har fått med oss kva som skjer og foreløpig ikkje skjer.
Men kva kan vi gjere? Eg føler meg for øyeblikket litt makteslaus.
Vi treng nokon til å utøve press, politisk.
Har vi nokon som kan gjere dette? Kven er det som gjer dette i dag?
Når det gjeld overlevelses evna til laksesmolten kontra pjakkesmolten er dette bevist i den grad at det no over fleire år i Trøndelagselvane og med eit klimaks i år der laksesesongen blei berga av nettopp storlaksen der pjakken har vore liten og mager.Dette har og vore tilfelle i elvar i sogn og fjordane,sunnfjord og fleire andre elvar på sunnmøre basert på eiga erfaring og andre.Men rundt om kring i landet har dette vore ein trend.Grunnane til dette kan vere fleire og samansatte
men det er i allefall eit faktum pr.i dag.
Om Bondalselva skal stengjast frå neste år eller ikkje veit ikkje eg.Men om den hadde blitt det hadde ikkje eg hatt problem med å forstå det.
Men det er verken du eller eg som kan bestemme dette. Men det vil få ringverknader om ein gjer det og eg vil synest at det blir leit. Ei vanskeleg beslutning er det nok, men er det nødvendig så er det nødvendig.
Men om det blir stengjing eller ikkje må ein kome enda eit skritt vidare i kampen om å berge vår kjære villaks.
Tok meg den friheita og fritt sitere "bølla"Stalin.
I naturens opprinnelege verkstad, har oter og laks "fungert" saman i fleire tusen år. Og det vil overrasske meg veldigt om oteren er den som skal få slå siste spikeren i kista jfr. villaksen.
Så langt eg kan sjå, finnst der ikkje nokon form for dokumentasjon på at oter er ein fare for hverken villaksebestanden eller stasjonære aurestammer. Men eg kan derimot sjå ein del synsing. Dette gjelder Spesielt mellom store og store rovdyr generelt, som etter ei periode har vært borte og som igjen rekoloniserer gamle trakter.
Det er korrekt att oterbestanden har vært i vekst siden slutten av 80-tallet, men eg tviler på att bestanden i Hjørundfjorden er mettet.
Det er heller ikkje slik at ein oterbestand veks seg ut av matfatet.Bestanden regulerer seg sjølv. Ein skal heller ikkje sjå vekk ifra at ein aukande oterbestand har fortrengt minken. Noko som gir ein kompenserande effekt. Og som fleire sjøfuglarter setter pris på. Det har også vist seg at havørna benytter seg av fiskrestane som oteren legg ifra seg.
Men kansje måtte det eit menneske til for att der i det heile tatt skulle oppstå noko problem. Ihvertfall er det på det reine at oppdrettsnæringa i løpet av nokre få tiår har klart å sette fleire villaksstammer(også fugler, pattedyr og andre fiskearter)i akutt fare.Ikkje berre lokalt, regionalt og nasjonalt, men også globalt. Dette har Helge Strand ellers forklart tydligt til dei flest her på portalen, slik at eg ikkje skal utdjupe dette noko meir.
Eg skal kontakte Direktoratet for Nat.forvalting i Trondheim og høyre om dei vil fastslå event. villaks eller kopilaks.
Dei var faktisk særs oppglødde......Ein event. oppdrettslaks så langt opp og fram ville vere oppsiktsvekkaande.
Men i alle høve må vi vere på "alerten.."
Samstundes saknar dei prøver frå Bondalselva dei seinare åra, avdi Bondalselva i ei årrekje har vore blant dei dyktigaste/flittigaste bidragsytarane i så måte.
Ei stund sidan sist eg var inne på portalen.
Men har ikkje fått med meg resultatet av skjelprøvene som vart sendt inn.
Var det villfisk eller va det oppdrett?
Arve Noralf Ertesvåg.