1000 laks på rømmen
Ta ut snekka eller robåten 1000 laks på rømmen fra annlegg på Saltre, vekta er annslått til ca 2.7kg. Skal tru om de stopper med dei 1000?
Lagt inn av
Dagfinn Strand
17.09.2009 17:45
17.09.2009 17:45
Kommentarar
Det er sikkert av den rømde frå Saltre
Kvifor blir det teke opp oppdrettslaks i så mange forskjellige storleikar når ein får lov å fiske etter ei meldt røming der laksane i utgangspunktet skal være like store?
Kvifor kjem det ikkje påbod om dobbel not eller sikringsnot utanpå heile anlegget?
Eg skal freiste svare på dine spørsmål.
1.Den merda som det "rømde" fisk frå innheld (hald deg fast...) 160 000 laks!
Ein kan ikkje telje kor mange som rømde. Her antek ein....
2. Biletet i Sunnmørsposten i dag synte ymse storleikar. Den minste var ein makrell..... Dei andre oppdrettslaksane som er avfotograferte er frå 2-4 kg. Avdi dei veks forskjellig før dei vert sorterte....
Desse svara er ikkje mine eigne, men refererbare til Marine Harvest.......
Fra oppdrett på stavset.....
Opplysningane som eg i ein tidlegare kommentar gjev, fekk eg då eg vende meg til Marine Harvest. Ein lang og hyggeleg samtale forøvrig med dagleg leiar for anlegget på Saltre.
Endeleg ein representant for næringa som og evna å sjå villaksinteressene.
Eg måtte forøvrig spørje oppatt 3 gongar(!) for å få stadfeste talet 160 000 laks i merda. "Ei svært stor merde" som vedkomande sa.
Kva forureining frå ei slik gjeld, så er det på line med ein midels stor norsk by....
Eg kontakta miljøvernavd. på Molde for å presse på eit tillate, ope fiske. Diverre var kontoret stengd for dagen. Eg la att melding, så vonleg får dei fortgong i saka.
Marine Harvest hadde og vore i kontakt med dei i same saka.
Så gjer garna klar
I utgangspunktet var eg svært skeptisk til røming på berre 1000 fisk som Marine Harvest hevdar.
No er eg ikkje berre skeptisk, men rimeleg trygg på å hevde at talet er langt høgare.
Eller kva skal ein seie til at ein fiskar på botngarn utanfor naustet på Sæbø-vikja fekk 15 oppdrettslaksar på ei natt. Ein annan fekk 2.
Turistfiskarar fekk 8 laksar utanfor Standal på stong. I Brunsvika utanfor Leknes fekk ein fiskar laks på Botngarn.
Miljø/politimyndigheiter bør nok byrje å orientere seg i denne saka....
Om få år vil nok folk syns det var latterlig at det var lov til å ha så usikre fiskeoppdrett i sjøen. FYSJ!!!!!!!!!!!
I staden for å sitje med lua i handa i høve til ei oppskrytt næring må villaksinteresser skjerpe kravet om juridiske tiltak.
Det vert skrytt om x-antal arbeidsplassar innan oppdrett, medan tapte inntekter for grunneigarar, hotell, campingplassar og generell næring i stadar som har "eignelut" til tusener av års villaksstammer vert sett bort frå.
No når årsaks-samanhengar er klagjorde, må villaksinteresser følgje opp den førebelse "trussel."
Nemleg å stille oppdrettsnæringa juridisk til ansvar for den mijøkriminaliten som det inneber å øydelegge/utradere villaks-laksestammer.
Fisk som har blitt behandla har fleire uker med karantene før den kan selges som matfisk.
Etter avlusing av fisk er det og ei tid før den er fri for stoff.
Det kan føre til kvalme og diare å ete fisk som har medisin i seg.
Antibiotika i fisken er bra heller.
Folk spør meg om dette.
Kan noko sjekke det opp.
Eg håper at dei som eig fisken gir beskjed vist den har blitt behandla på noko vis med medisin.
Etter det eg husker så var det 3- 4 uker karantene på fisk som var behandla med Antibiotika.
Den vesle rest av Bondals-villaksen skal no utsettes for det siste genetiske, forurensede angrep. Tydeligvis.
Hverken fra lokalt, regionalt eller internasjonalt hold reagerest det. Trist spørrer du meg....
Må vere mykje som har rømt.
Trur ikkje det er vanskelig å få 20 fisk på time.
Representanter fra det midtre og nordlige fylket har vel ingen nevneverdig forståelse for "vill-aksens" indrefilet. Det Sunnmørske Storfjordsystem
med sine 28 lakseførende vassdrag.
Lettere kanskje å prioritere kampen mot gyrodactilus i Rauma, samt kampen mot oppdrett i Surna......? Her sitter pengene nærmere.
Det forlengste faktum m.o.t til laksen si utrydding nemner du med ei setning. Det får så vere.
Gyteplassar og ordna tilhøve i så måte finnast det meir enn nok av i Bondalselva. Men det hjelp ikkje så lenge her ikkje kjem villaks attende..
Villaksen er ein tilpassa fisk som gyt kvar som helst i si barndomselv. Ei elv som endrar og skiftar seg frå år til år gjer ikkje noko.
Smolt/yngel som er eit produkt av nett dette, har funne seg til rette som "The survival of the fittest" og bærer den kraftigste og standhaftigse villaksstamme videre.
Derfor er kultivering overflødig og desimerende.
Lat nok laks og ørret stå i elvene.
Fisket etter villaks og ørret bør stengest i en hel laks/ørret syklus. 5 år
Værende "årets Bondaling" for et fantastisk kutiveringsarbeid aldri så mye. Etterhvert makter jeg to tanker i hodet.
På klekkeriet parret vi sammen 2 tilfeldige eksemplar. I naturen måtte flere hannen kjempe om hunnens gunst. De sterkeste genene gikk av med seieren...
Min "teori" forutsetter flest mulig laks og ørret (ikke oppdrett) frem i elva . Helst i Vitjingselva.
Man kan og lønne fiskera med båt for å få mest mulig av fisken vekk.
Dette er no ei milgjøforurensning.
Fylket burde kome med en plan korleis opptatt fisk i store mengder skal brukes eller fjernes som spesialavfall.
Kvar er forurensningstilsynet.
Jeg skal forøvrig ikke være kjepphøy, men allerede for mer enn 10 år siden advarte jeg mot hva som kom til å skje både m.o.t villaksen på Sunnmøre og forurensing som foreløpig er under
overflata
Like kjepphøy som jeg prøver å la være, var Senterpartiet dengang som stemte imot vern av villaks og miljø i Hjørundfjorden. No ser en konsekvensene.
Gruppeleder fra Bjørke som snudde det hele,sammen med et par andre, har forhåpentlisvis fått ei smaksprøve fra den eneste villaksen som ble fisket på Bjørke i fjor.....
Dette har ikke noen virkning i det hele tatt. Det er ikke her problemet ligger, det er oppdrett, rømming og lakselus. Hører at i Hardangerfjorden, som forøvrig nesten er helt brakk når det gjelder villaks, har flere elver vært steng i 10 år. Og hva har skjedd der???? Ingen forandring, det er like lite fisk, og mindre. Samtidig får opdrettere drive på som før, med større og større anlegg???? Når skal politikerene VÅKNE?????
Kven har forska på dette.
Det er sikkert kostnadene det står på.
Nå når det er ledige (alt for mykje )lanbruksområdet i forhold til garder som er i drift burde det gå an å regulere noko arial til oppdrettsanlegg.
Grustak som er tømde kunne og brukes til oppdrett.
Sjøvann kan no pumpes opp frå 50 meter dybde og man får bedre vann eller i dag.
Då er røming av laks eliminert.
Det er same diskusjonen i oljen
Landbaserte anlegg for tanking av olje er mykje sikrere enn dei som ligg på botnen.
Blir det er brudd i det sjøbaserte så har det ufattelige konsekvenser.
Men her er det og pengene og lønsemda som tel mest.
Faren for milgjøet kjem sist i mange saker.
Om ei landskjent smålaks som Bondalselva blir stengt, vil det vekke iøyne- og ørefallende oppsikt. På den måten vil kanskje alvoret sige inn for bestemmende og bevilgende myndigheter. Karakteristikken "tåpelig m.m....., velger iallefall jeg å se bort fra.
Gyter i gropene til villaksen, og øydelegg elva si genetiske stamme.
Det er fortvilt det heile, sjølv eg kjem no til å gje meg i kampen og innstille mitt engasjement. Det er tid for å la yngre krefter event. ta over.....
Lat meg t.d syne til elvestrekninga der du og din familie bur.
Av dei tidlegare beste fiskestadane i Bondalselva. Dine "små" er frårøva nett gleden som laksefiske inneber. Som på alle andre grunn-eigarvald i elva.
Dette skal vi altså berre finne oss i "på oppdrettens alter...."
Bondalen er vorte langt fatigare. Grunneigarar taper inntekter, likeeins campingplassar, hotel og næring generelt.
Sist men ikkje minst er dei interesserte frårøva opplevingar, sosialt samver kring ein felles aktivitet.Avstressande avkopling....
Så får eg til slutt stille spørsmålet; Kven skal stillast til ansvar for at "kapitalen" har utradert eit fleire tusener års naturunder.....?
http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/476178
Ein svensk dokumentar som på ein oversiktleg måte forklarer globale konsekvensar av oppdrett.