Det er trimgruppa i Sæbø i.l. og Bondalen Helselag som har gått saman om å arrangere turmarsjen.

Begge laga ynskjer å vere ein aktiv del av nærmiljøet, og håper tiltaket kan vere med på å skape trivsel og god helse.

Helselaget har dessutan som målsetjing å få ein større del av befolkninga i bevegelse gjennom enkel og lett  tilgjengeleg fysisk aktivitet, å vere fysisk aktive er t.d. noko av det viktigaste vi kan gjere for å forebygge hjerte- og karsjukdommar.

haldis 020

Bilde frå den offisielle åpninga av turstien i fjor.

I år som i fjor startar turmarsjen ved småbåthavna kl 15,00,

der vert det påmelding og start.

Pris per deltakar kr. 20,-

Deltakarane kan velje mellom tre ulike distansar, den kortaste løypa går til Rise og nedatt, og passar godt for dei minste.

Den andre går til Holebrua, der ein snur nedatt, og dei som føler seg spreke nok- går til Kvistadbrua før dei snur.

Målområdet er ved småbåthavna, der det vert høve til å kjøpe seg mat og drikke.

Vi håper folk vil gje seg god tid og kose seg i lag, Vi satsar på flott turvèr  og godt oppmøte.

Alle deltararane er med på trekning av flotte  gevinstar.

VEL MØTT!