IMG_9177

Oppe på 1400 meters høgde var det om å gjere å slappe av. Rune (t.v) og Vidar kan dette.

 

Då programmet vart lagt ut for Tour de France på førvinteren var det klart at Frankrike igjen ville verte eit reisemål i juli månad. På programmet stod nemleg ein etappe til Mont Ventoux, kongen i Provence. Dette legendariske fjellet i sykkelsamanheng og som har avgjort mange Tour de France-ritt, og som også har kravd menneskeliv.

Fjellet stod på programmet for første gong på elleve år, og attpåtil på rittet sin nest siste dag. Då var det berre å tinge flybillettar og starte planlegginga for Vidar Holen og artikkelforfattaren Rune Sæbønes.

Mont Ventoux

Opp igjennom åra har vi fått ei viss sykkelinteresse, og har vore til stades både på tidlegare Tour de France-ritt, og også i Giro d`Italia. Då vi var på giroen i fjor, hadde vi eigentleg tenkt å ta ein pause  frå sykkelritt nokre år. Men så kom altså ein etappe til Mont Ventoux.

IMG_9187

Mont Ventoux er legendarisk i sykkelkrinsar. No venta fjellet på oss.

Etappen opp til Mont Ventoux er ikkje den brattaste, og stigninga er heller ikkje den lengste. Men kombinasjonen av bratt stigning og varme og vind gjer etappen til noko av det hardaste som er i Tour de France.

Toppen er på 1912 moh., og stigninga  er på 21 km. På dei siste ti kilometerane er det ei gjennomsnittleg stigning på åtte prosent, og før ein kjem opp til det nakne kvite rullesteinslandskapet eit par kilometer før mål, er det sykling i minst tretti grader.

Mont Ventoux ligg altså i Provence i Sør-Frankrike, om lag ein og ein halv times køyretur frå Marseille.

IMG_9165

Når ein skal på camping, må ein ha utstyrt seg. Her er Vidar på veg ut frå kjøpesenteret med stolar, brød, vatn, vin, ost og ei saks. Vi kjøpte også ein melon, men til liks med turen til giroen i fjor, vart han overflødig.

Tragedie

I 1967 enda det tragisk. Briten Tom Simpson stakk frå feltet, og såg ut til å sykle mot ein siger. Med eitt fall han om og døydde. Obduksjonen viste at han hadde teke ein cocktail av amfetamin og alkohol. Det var eitt av dei første prova på utstrekt dopingbruk i sykkelsporten.

Dei siste åra har dessutan sykkelsporten utvikla seg til å verte ein av verda sine store “in-idrettar”. Sporten har fått mykje merksemd, og trass i dopingavsløringar har ikkje populariteten til sporten vorte redusert, heller tvert imot. Aldri har så mange folk frå heile verda reist til Frankrike i juli for å få med seg Tour de France som dei siste åra.

IMG_9195

Eit folkehav utan like. 500.000 var i løypa dei siste 21 kilometerane.

Spesielt i år var det også at Lance Armstrong gjorde comeback, og det gjorde at interessa rundt rittet ikkje var mindre.

Folkehav

Det var altså klart at det ville verte eit folkehav rundt løypa denne laurdagen i juli, og då galdt det å vere tidleg ute. Vi leigde bil, og køyrde opp på fjellet dagen før. Vi kom opp på fjellet fredag ettermiddag, og det var i siste liten, for rett etter at vår bil hadde kome seg opp i om lag 1.400 meters høgde, vart vegen opp stengd for vanleg trafikk. Då var det fullt på fjellet. Det stod bilar og bubilar over alt. Dei som skulle opp deretter, måtte gå eller sykle. Under etappen til Mont Ventoux reknar arrangørane med at ein halv million var i løypa opp langs fjellsida.

Kostyme

I timane før syklistane kom, var det mykje liv og røre. Det vart sunge og jubla, og då sponsorkaravanen med reklameartiklar kom opp løypa, var det kamp om å sikre seg effektar.

IMG_9241

Elvis kom også gåande opp løypa. Elvis lever, Michael Jackson er død.

Opp løypa kom folk i hopetal. Nokre i vanlege klede, andre var utkledde. Ein kunne sjå indianarar og folk i alpekostyme, og jamvel Elvis dukka opp. Svært mange sykla opp fjellet.

Skogbrann

Eit ekstra spenningsmoment vart det også under årets Mont Ventoux-etappe. Nemleg skogbrann. Ved foten av løypa braut det ut ein heftig brann, og det var ei stund frykt for at brannen ville stoppe heile arrangementet. Med hjelp av fly vart brannen halden i sjakk og etter kvart sløkt, og sykkelløpet gjekk sin gang.

IMG_9224

Det braut ut skogbrann som truga rittet. Fly kom og sløkte.

På publikum merka ein etter kvart at syklistane nærma seg, og stemninga i løypa vart meir intens. Publikum følgde helikoptera opp fjellsida, og med eitt såg ein syklistane kome rundt ein sving nede i fjellsida.

Raskt forbi

Då var det å kome seg ut i vegbana til ein god plass. Dei to som leia etappen fekk faktisk passere utan for mykje oppstyr. Det var samanlagt-kandidatane interessa var størst rundt. Det verka som om halve Luxembourg var i løypa for å heie på Schleck-brørne, medan spanjolane sjølvsagt heia på samanlagtvinnar Alberto Contador. Lance Armstrong hadde også sine fans, men var også den som fekk høyre mest buing.

IMG_9248

Nede i svingen kom Contador med den gule trøya.

Vips var syklistane forbi. Den som reiser på eit sykkelløp berre for å sjå syklistane, vil verte skuffa, for det er over på eit par sekund.

Hushovd

For oss nordmenn var det sjølvsagt eit moment til. Vi skulle vente på Thor Hushovd. På slike fjelletappar er spurtaren Hushovd sjanselaus. Han har kort og godt for store lår. Knappe halvtimen etter teten kom Hushovd, og langs løypa var det mange nordmenn som heia vinnaren av den grøne poengtrøya fram til toppen.

IMG_9253

Og så kom Thor Hushovd. Vi nordmenn var aldri så lite stolte av at ein nordmann var i den grønne poengtrøya.

Hushovd sat i den såkalla grupettoen. Det vil seie dei syklistane som ikkje kjempar om samanlagtplasseringar, og som prøver å sykle til toppen på fjelletappane med å spare mest mogleg krefter.

Då løpet var over, var det berre å ta det roleg. Å kome seg ned frå fjellet ville ta si tid. Det vert kø når ein skal ned saman med eit titusental andre køyrety.

Trompet

Nokre nederlendarar hadde tydelegvis erfaring. Under eitt av dei mange stoppa i køen henta dei fram stormkjøkkenet og laga middag i vegkanten. Ein hadde også med seg ein trompet, og underheldt på sin måte.

IMG_9258

Trompetspeling i køa på veg ned frå fjellet.

Å få med seg ein fjelletappe i Tour de France er å tilrå, og det er altså fleire måtar å kome seg til fjells på. Dersom ein tenkjer på å overnatte på fjellet, må ein hugse å ha med seg gode kle. Det vert kaldt om natta. På Mont Ventoux bles det faktisk kuling natta før løpet.

Sjølve løpsdagen må folk hugse solkrem og vatn. Sola steikjer heftig, og både hud og kropp kan raskt verte for tørr.

IMG_9265

Det er ikkje berre Hjørundfjorden som har vakkert kulturlandskap. Provence har eit av dei flottaste i verda, og no i juli/august blømer lavendelen. Det gjer åkrane lilla, og dufta er vedunderleg.

* * *

 

Det er to gode supper i verda, seier fleire kokkar. Det er Bergensk fiskesuppe, og det er bouillabaisse. Den siste er ein spesialitet i Marseille-området. Når ein er i Marseille, må ein berre få med seg eit måltid med denne suppa.

Seks fiskeslag

Bouillabaisse skal kokast på seks fiskeslag frå Middelhavet, i tillegg til skjel og skaldyr. Ei god suppe skal helst også vere kokt på hummar, men i og med at hummaren er sjeldan, vert då suppa noko dyrare.

IMG_9282

Nam, nam.

Vidare skal det vere provençalske urter og grønsaker i suppa, som kvitlauk, basilikum, safran, raspa appelsinskal osb.

Å ete bouillabaisse er eit mektig måltid, og ein må bruke tida. I Marseille har alle restaurantar med respekt for seg sjølv suppa på menyen.

Gode restaurantar

Men ver kritisk når ein skal finne den gode restauranten. I Sør Frankrike er det mange restaurantar som er reine turistfeller. Det vil seie at det vert servert ikkje altfor god mat til ein altfor høg pris. Desse restaurantane er ikkje meir enn avanserte gatekjøkken. Desse finn ein oftast i gågater og på fortaua i det som er hovudgatene. Vert det snakka norsk og skandinavisk ved borda, er det også et tydeleg teikn på ei turistfelle.

Sjå heller etter restaurantar der det er ei  tydeleg overvekt av franskmenn. Gjerne er det kvite dukar på borda, kelnerane er skikkeleg kledde og kanskje er det heller ikkje så mange bord utandørs. Viss restaurantane er ganske fullsette, er det også eit godt teikn.

IMG_9276

Marseille har ei rimeleg stor småbåthamn.

 

Denne artikkelen stod på trykk i Møre-Nytt. laurdag 1. august.