Laurdag 8. august vart det halde slektstreff for etterkomarane av Ole R. (1871-1909) og Karoline Rørstad (1870-1961) på Haukly Ungdomshus på Bjørke. Sist gang det var treff var mobilen noko eit fåtall hadde, Gro Harlem Brundtland var statsminister i Noreg og TV2 hadde si fyrste tv-sending.

Nær hundreogsytti slektningar møtte til ei triveleg helg på Bjørke der ein fekk sjå igjen kjende og kjære som ein ikkje har møtt på mange år. På ungdomshuset blei det servert middag, samt kaffi og kaker seinare på dagen. Det kom også langvegsfarane slektningar, nærmare bestemt frå Canada. Sundag heldt sommar-været seg nokolunde og over femti møtte til fjelltur til Lauadalsstøylen 585 moh. Det er aldri før vore så mange på ein gong på denne støylen.

web12

Rasmusslekta anno 2009.

web1 

To blide jenter frå den yngre generasjonen.

web2

David Rorstad, frå Calgary,Canada bar slektningar på ryggen...

web3

Alma Rørstad(t.h) fylde 94 år tirsdag 11. august og er svigerdotter til Ole R. og Karoline Rørstad.

web15

Rundt femti møtte til fellestur til Lauadalsstøylen 585 moh søndagen. Her ser vi også sela, som blei restaurert i 2001, etter gardande på Raudstad.

web16

Sprek "ungdom". Frå venstre Ole Anton Rørstad(83år), Oddveig Rørstad(77år) og Steinar Sjåstad(80år).