Denne barnevogna har min oldefar B.O Wille kjøpt for ca 100 år sidan,vi trur den vart kjøpt til hans fyrste barn Judit Wille seinare gift Hustad..Judit hadde vore 99 år no hadde ho levd.
Vonga vart kjøpt i Ålesund hos Gjørts og var mest sannsynleg vis brukt, så ho er nok godt over 100år.
Min oldefar vart tidleg enkemann og satt att med fire små. Det har vorte fortalt frå Judit at han lempa tre av ungane opp i vogna og trilla dei fram til Fredly på julefest:) dei hadde biksaumara til sko på seg. Vil no tru det vart bra trangt om plassen.
Litt manglar etter mange års bruk, men eit fantastisk syn.
Eit staseleg syn ,eg synest og sjå min oldefar trilla gjennom Sæbø garden med denne og fire unga .
Dei hadde sporsvogn også den tida,denne veit vi er 99 år og mest sannsylegvis laga i Willa garden. Judit,Anna og min bestefar Odd Wille vart trilla i denne .
Litt manglar her og der ,men skal nok fiksast på.
Har nok vore brukt både til daglig bruk ,og til leike gjennon årenes løp.
Desse to vognene vert godt tatt vare på i Willa garden og vert og sjå i tida fram over. Så den som gjeng forbi må gjerne stoppe og kikke.
Kommentarar
Det er godt vognene og har vorte forbedra gjennom åra. Men kjekt å sjå korleis dei var og:-)
To fine skatta ditta Ann Helen:-)
Vidundarleg vakker
stor og god
Og ikkje så praktisk for livet no
når foreldre pilar
ut og inn av bilar.
Men utan tvil
den gamle har stil
og kan vogge eit barn til ro.
Heldige barn med slikt utruleg widescreen-syn
frå si flotte barnevogn
anten ho er heimelaga eller kjøpt på ein butikk i by`n.