"No til dags er det mest alle som sit og hakkar tenner vinterstida medan dei held i påhengsmotoren på veg til og frå fiskeplassane."

"Nokre går på trimstudio og ror der. Eg vil heller gli langs den stille stranda og berre lytte til lyden frå åretaka og får både trim og mat som resultat,” uttrykte Sverre H. Urke då han presenterte færingen sin og fortalde om alle namna på delane i båten og vegna.

Urkehelg foto 2009 076

"Gli stille langs stranda og lytte til åretaka, er best," meiner Sverre.

Etter orienteringa om båten og vegna, sette Sverre og Trond Fiskerstrand garna, med landdråtten knytt til kaia. Resultatet neste morgon vart overveldande, breiflabb og skallesei i store mengder. Dei måtte ha hjelp frå turistar og fastboande for å bli kvitt fangsten.

Urkehelg foto 2009 078

"Her er garnrullen, og her er nygla," fortel Sverre. Opne naustdører inviterer til å sette seg inn i korleis det er å vere fjordfiskar.

Helge L. Urke, son til siste ekspeditøren på kaia, og noverande gardbrukar på Tosteneset, der kaia ligg, var nestemann i elden. Han fekk oss til å forstå kor mykje arbeid for dei 19 eigarane som låg bak kaibygginga. All kommunal støtte vart avvist. Då - som no - er det i sentrum (den gong Sæbø) - kommunen bygde kommunal kai.

Urkehelg foto 2009 079

Godt med tilhøyrarar på kaia

Men bygda måtte ha kai. Dei henta tilhogd stor stein frå andre sida av fjorden, i Stenesstranda, I tre år - frå 1914-17 - gjekk arbeidet sin gang. Etter kvart oppdaga dei at kaia framleis var for låg ved flo sjø, og så var det å legge på nok eit steinlag. Tredje utvidinga kom i 1947 ved forlenging vestover og med heisbar ferjelem.

Historia om dei 18 formennene og ein arbeidar fortel at dei ikkje alltid var enige om korleis ting skulle ordnast. Men ein gong var dei alle enige: Om at steinpramma sto blegg fast på flo sjø og ikkje til å rikke. Men då dei skulle finne ut korleis ein skulle få båten av grunnen, var det nok ein gong ulike meiningar. Vi kjenner oss igjen nokon kvar.

Helge kunne og fortelje om gravplassane - kanskje for heile Hjørundfjord - like nedanfor Halekja, om gravhaugar og gravfunn.

Eldrid Øye har leia arbeidet men småbåthamna gjennom fleire år. I alt 36 båtplassar trudde ein skulle vere nok for lang tid framover, men no er det venteliste berre eit halvår etter forlenginga. Eit nyinnreidd toalett til 90.000 kr står no til disposisjon for båtbrukarar og andre som treng service når dei oppsøkjer kaia.

Fiskekonkurranse for dei yngre gjekk parallelt med kaiopphaldet for resten av bygdevandrarane.