sommar09 259
Påmeldinga måtte flyttast innandørs for at blekket skulle sitte fast på papiret. Så dermed rigga vi oss til i gangen på klubbhuset. Mange var klar i god tid og venta på å få melde seg på og starte løpet.

Det var felles start frå klubbhuset og løypa gjekk mot gamle Riise. Vidare kunne ein velge om ein ville sykle til Riise, Holen eller rundt Kvistad. På Riise og Holen var det drikkestasjonar med varm saft.

sommar09 268
Vi fekk sponsa mange flotte premiar, nokre vart trekt ut på startnummer ogresten var til loddsalget vårt. Tusen takk til Sparebank 1 Volda Ørsta, Tussa, G- sport Ørsta, Byggmix Volda og Bellingen på Sæbø.

sommar09 264
Her er ivrige loddselgarar og like ivrige loddkjøparar.

sommar09 265
Slik såg deltakarane ut då dei kom tilbake til klubbhuset. Litt mindre skitne enn deltakarane i Birkebeinarrittet men like våte.......... Men innsatsen trur eg var like stor.

sommar09 270
Eit slik arrangement fører til mange gode samtaler, og regn er inga hindring. Skal tru kva som vert diskutert her?? 

sommar09 269
Her er nokre som har søkt ly under tak. 

sommar09 267
Her er nokre av kjøkkendamene i sving. Arbeidslista var lang, men det er ikkje noko problem i ei lita bygd der alle stiller opp og tar kvar sitt ansvar. Nokre laga kake, andre sveler, nokre selde og atter andre laga sykkelløype ute. Kjempe flott at alle kunne ta i eit tak, ikkje ei einaste hand mangla. HURRA for dyktige foreldre, takk for flott innsats.

sommar09 271
Ein gjeng framma fremste dalen som varmar seg inne etter løpet.

sommar09 263
Alle har brus og kaffi, men kvar har dei gort av dei gode kakene og svelene?? I magen kanskje???? 

Nokre tok turen til klubbhuset for å gå på kafe. Kjekt at folk stiller sjølv om dei ikkje kan/ vil sykle. Tusen takk til alle som støtta arrangementet:-))

sommar09 261