Ei kjend folkevise - som kan syngast som kanon - skal få innleie dagens vitjing i stabburet.
Stabbura på Urke og kvernhusa i bygda er omtala på portalen tidlegare, men under bygdevandringa på Urke siste helg var det ingen motforestillingar om å få vite meir om Nilsastabburet - bygd av Peder Berntson Haandlykken (1850-1932). Han tok seinare etternamnet Bjørke då han gifte seg der.
Nilsastabburet - omlag 125 år gammalt
Det er ni stabbur att i Urkebygda. Nilsastabburet er nok eit av dei mest innhaldsrike.
På denne garden har brukarane vore framsynte og sytt for å samle på det meste som kunne vere godt å ha eller for godt til å kaste.
I ei slik stabburshylle kan du finne interessanne greier.
Tilhøyrarane visste å sette pris på få sjå att slikt som hos dei fleste har vorte sendt på skraphaugen eller brent. For den yngre garde var det meste heilt nye oppdagingar.
Stabburet tillet ikkje at store folkemengder kan gå inn, men då er det råd å hente interssanne gjenstandar ut på stabburshella.
Frå v.: Langvedsag - nær tre meter lang, bogtre til hesteselen - både gamle utslitne og nye i reserve - , hisser, sportsvogn 90 år gammal, kinne , seperator og meierispann.
Her fann vi ei 90 år gammal sportsvogn til odelsguten Knut, svære sager (svansar) til langved og kapp, skomakarutstyr, seperator og kinne, deler og reservedeler til hesteselen, heimelaga skeiser og mange, hundretals andre originale gjenstandar.
Her er sportsvogna som odelsguten Knut fekk som liten. Utføring i dreia treverk og stål og med finessear som ikkje står langt tilbake for dagens vogner: Regulerbar ryggstøtte og fotbrett, sikringa framom magen kan opnast, gummi på hjula og samanleggbar .
Og folket lytta til det som vart fortalt om stabburet
Eigaren, Kjellfrid Prestegarden, fekk applaus for å la oss få opne dørene til denne kulturskatten.
Kanskje det i framtida kan leggast opp ei kulturvandring gjennom bygda kvar laurdag om sommaren med guide? Vi trur at mange turistar og gjester er på jakt etter dette som er så ekte og opprinneleg.
Kommentarar
Lag er kulturminnløype
Det er kulturminneåret 2009.
Ring til kulturminneåret og få ei kode så kan du lage til ei kulturminneløype på nettsida deira.
Det er alt for få løyper i Ørsta.
Litt arbeid men kjekt for andre å få informasjon om kulturminna på Urke.
Man kan skrive ut løypa frå nettet og ta med seg når man besøker Urke.
Du finn informasjon og telefonnummer på nettsida
www.kulturminneaaret2009.no
Møre og Romsdal har egen kontaktperson.
Det var ikke stort, men det var det nyeste av de gamle bolighusene på garden.
Vi kalte det "Nystova" selv om det kom et stort, moderne hus på garden på 1920-tallet og de andre små husene ble revet.
Til Enok Kippernes: Nystova har eg rekna med er den stova(våningshuset) som er yngste våningshuset på ein gard. Nokre gonger vart gamlestova forlenga når ein ny generasjon overtok og då og vart det brukt nystova om påbygget til ungefolket. Kårstova var der eldste generasjon(ane) heldt til. Men kårstova var ofte gamlestova på garden, men då måtte nyefolket bygge nytt på ei anna tomt.
Vanlegast var vel at gamlestova vart brukt til det måtte byggast ny stove, og då var den stor nok til å huse begge (eller fleire) generasjonar. Mine besteforeldre budde i naustet den sommaren nystova vart bygd på same tomta som der gamlestova sto. Nyestova (1906) husa då i perioder tre generasjonar. Men vi veit og om kårfolk som ikkje ville bu så nær dei nye brukaranae og då kunne dei flytte ut om garden og få seg ein plass under ein annan gard. Sikkert til gjensidig glede når samarbeidet ikkje gjekk så bra.
Når gamlestovene vart rivne, gjerne i samband med bygging av ny stove, var det vanleg å nytte det beste tømmeret i gamlestova til stabbur, kvernhus og andre nødvendige bygg på garden. Nokre brukte tømmeret til toppetasje. Eit eksempel på utnytting av tømmeret ser vi på Leknes der ei stor familiehytte er bygd eit stykke aust om kaia. Tømmeret vart merka før gamleskulen på Urke vart riven og sett opp att i ei handevending på Lekneset. Først var det verkstad og no endeleg hytte. Der ligg tradisjonar i dei veggane.
Beklager at dette vart meir å rekne som ein ny artikkel enn ein kommentar som bør vere kort.
Den blei brukt som stabbur i den seinare tid.
Nystova kjem av at den var ny en gang i tida.
Navnet føl husa gjennom slekter.
På Bjørke blei klyngtunet oppløyst og det blei bygd nye hus på gardene.
Den gamle stova heiter ennå nystova.
Den nye som blei bygd heiter ikkje nystova.
Det same er med Nyeveien heim til Bjørke.
Den og var ny en gang men er gammal nå.