- Han står seg godt, var det ein som sa til meg.  Det er sikkert rett, det er i alle høve få grå hår å sjå på denne mannen som i dag altså fyller 50.  Men vent litt - rykta vil ha det til at han har fått seg lesebriller...

Ollen+har+kobla+på+haustaren[1]

50-åringen står seg godt.  Han er ein likandes og blid kar, men kan til tider vere vel optimistisk...

Det offisielle namnet til Herr Riise er Ole Johan, men spør du etter Ole Johan på Sæbø, er det ikkje sikkert at alle veit kven du vil ha tak i.  Spør du derimot etter Ollen er ingen i tvil.  Våre pålitelege kjelder vil ha det til at eit tredje namn også er inne i biletet - Olemann.  Det er mor Inger som får bruke/brukte dette namnet. Då ho i si tid skulle vekkje han om morgonen slik at han skulle kome seg tidsnok på skulen, vert det sagt at ho starta med å rope Olemann, deretter ropte ho Ollen og til slutt ropte ho Ole Johan.  Då var det alvor og Ollen kom seg opp i full fart - vert det sagt.

IMGP8173 kopi

Kaptein Ole Johan Riise på ferja mellom Volda og Folkestad, M/S "Folkestad".

Far til Ollen, Johan "Joja" Riise, var sjømann i utanriksfart i oppveksten til Ollen.  Såleis var det mor Inger som måtte ta seg av oppsedinga av to viltre søner.  At i det heile mor Inger og Ollen kom seg så godt frå Ollen sin barn- og ungdom har overraska ikkje få.  Yngstemann i familien sykla t.d. rett utfor den kommunale kaia på Sæbø.  Nei, han kunne ikkje symje.  Ein annan gong skulle han sjekka om ei lynolkanne var tom.  Sjekkinga gjorde han ved hjelp av ei fyrstikk...  Ollen har enno arr, men som sagt; han er frisk og fin.

Etter ungdomsskulen på Sæbø vart det yrkesskule i Ørsta på den komande skipperen.  Seinare vart det maritim utdanning på høgste nivå i Ålesund.  Så forsvann han også ombord på eit skip eller to og vart borte på verdshava nokre år.  Seinare, då far og skyssbåtførar "Joja" Riise vart pensjonist, vart det Ollen som tok over jobben hans.  I mange år var det Ollen/Ole Johan og Oddvar Olsen som var skyssbåtførarar på Hjørundfjorden ombord på hurtigbåten  M/S "Rødhette".  Fleire somrar var Ollen også skipper på snøggbåt på Sognefjorden.

Og kvar gjer Ollen no?  I dag er han kaptein ombord i den største ferja på Voldsfjorden, ferja M/F "Folkestad".  Og greier han seg godt der? - Ein sjef som kan vere myndig, men likevel ein svært så triveleg person å jobbe saman med.  Eg trivest kort og godt saman med denne mannen, seier maskinsjef Jostein Stavdal.

Det må også nemnast at Ollen er far til Vegard, Håvard og Silje.  Han bur i lag med Hilde Muren på Sæbø, men på Sæbø finn du han ikkje i dag.  Nokre 50-åringar veit visst ikkje kva dei skal gjere på den store dagen og stikk av : ).  Rykta vil ha det til at han og Silje har stukke av i ein bubil og er no kanskje inst i Sognefjorden der han som nemnt var skipper på snøggbåt for nokre år sidan.  Kanskje er han ombord i eit tog på Flåmsbana?  Vil du gratulere han med den store dagen kan du prøve med ei tekstmelding på tlf. 91822217.

Eg for min del set svært så stor pris på å ha denne mannen som kamerat og gratulerer han med dette med dei første 50.  Velkomen etter.

P.s.:  Ollen har ein storebror, Mathias "Tia" Riise.  Han har etter svært mange år vendt heim frå dei sju hav og også han er no sjøkaptein på Voldsfjorden, ombord på den mindre ferja M/F "Lauvstad". Og så langt har det gått godt å ha brørne på den same fjorden...