Kampen opna på værst tenkelege måte då Jon Martin Moe var uheldig og headda ballen utagbart i eige mål bak ein forfjamsa Lars Urke i Sæbø målet allereide etter tre min. Sæbø hadde ikkje keeper til denne kampen då Martin Liaskar valgte å fortsette fotballkariera si på Vartdal, så då måtte Lars Urke (han på bildet) ta på seg keepertrøya til denne kampen. Svein Ivar Moltu mangla også, og det bar angrepsspelet til Sæbø preg av. Det vart veldi planlaust framover på bana,  Sykkylven skapte stort sett det som var av sjansar. Midvegs i omgongen gjekk laget opp i 2-0 då Lars Urke feilberegna ei utrusing og ein Sykkylvspelar kunne enkelt headde ballen i det tomme buret.

Andre omgong bjyndte mykje bedre for Sæbø, laget klarte å etablere spel mykje høgare på Sykkylven sin halvdel, men dei store sjansane uteblei. Istaden kunne Sykkylven auke leiinga etter at dei kom i overtal mot Sæbø forsvaret. Sæbø spelarane øyna eit lite håp om ei opphenting då laget trudde dei hadde redusert til 3-1, men dommaren som sto planta i midtsirkelen meinte at ballen som enda ikkje hadde nådd dødlinja var ute då Yngve Frøland slo innlegget som ein Sykkylvspelar beina i eige mål. Utruleg av dommaren. Å kva krav Sunnmøre fotballkrets stiller til dommarane som får dømme i denne divisjonen kan ein jammen lure på. Er det nok å være eigar av ei fløyte..? For makan til dårli dømming skal ein jammen leite lenge og godt etter. Dommaren sprang ikkje ein einaste gong i løpet av heile kampen, han sto planta i midtsirkelen å spøkte med publikum, Sykkylven spelara og ledara, å  kvifor Sykkylvspelaren som klokkereint planta ein alboge i magen på Øyvind Ville ikkje blei utvist kan ein lure lenge på. Ikkje minst me bakgrunn av at han like før hadde sagt til ein Sæbø spelar og dommaren at han kom til å gjære det neste gong ein Sæbø spelar var bort i han. Kampen utvikla seg til ei farse, der dommaren blåste frispark til Sykkylven i eit strekk, Sæbø fekk eit frispark i heile andre omg!!  Når sjøl Marius Strandmann reagerer, ja då er det gale!! Dommaren dømmer for øvrig for klubben Hundeidvik, og kampen gjekk på Hundeidvik!!

Men det var ikkje pga dommaren Sæbø tapte, Sykkylven viste seg som eit bedre lag kampen igjennom, å like før slutt scora dei det fjerde målet på ei gjennomløping. Så no får vi håpe det nye trenarteamet klarer å snu den negative bortestatistikken, å ta me oss den gode heimestatistikken til bortekampane.