På framsidebildet er gjengen samla ved "Bjønnalauget"

Bente, Alvild, Bodil, Kari, Unni, Haldis, Petra, Ann Helene, Jorunn, Marit, Angsgar, Jonny, Arne, Henrik og Gunnar.

Vi var i alt 16 som var med, kjempegodt oppmøte!

DronningrutaHøgereset-09 027

Neste bilde er frå elva nedafør Årskogstøylen, der er verdens beste , reinaste og friskaste vatn.

Dette har eg fått høyrt av ein "kjentmann" , og eg er heilt einig!

Frå venstre: Haldis, Fred, Angsgar, Gunnar ,Jorunn, Jonny, Alvhild, Kari, Unni, Arne, Ann Helene, Petra, Bente og Marit.

DronningrutaHøgereset-09 028

Her ein velfortjent kvild  på Årskogstøylen,

DronningrutaHøgereset-09 030

Fjella frista i bakgrunnen, på midten ser vi Høgresetind/ Nøvedalstind.

(den ned snøv under)

DronningrutaHøgereset-09 032

Her går vi på rekke og rad etter råsa, fin dressur!

DronningrutaHøgereset-09 033

Rikeleg med godt vatn i elvane, mykje tyttebær, og framleis mykje blåbær om det er nokon som manglar sorten endå.

DronningrutaHøgereset-09 034

Her er vi vel oppkommne, Jonny, Fred og Gunnar.

Bildet er teke frå Bjønnalauget, du kan sjå steingarden på Høgereset bak karane.

DronningrutaHøgereset-09 037

No bers det nedatt, og stavar er godt å ha i bratta, Høgereset i bakgrunnen.

DronningrutaHøgereset-09 039

Nokre gjekk om Holekonevatnet, det har vorte meg fortald at ei kone frå Holen sat og mjelka ved vatnet, kjyra sparka ho nedi så ho drukna, derfor namnet.

 Bratt og "øje" vel verdt ein tur dersom du ikkje har vore opp endå.

No har det vorte nesten haust og det mørknar tidlegare og tidlegare, vi kom oss ned før det vart mørkt, men det er snart slutt på kveldsturane våre for denne  gong.

Neste gong er det Valsetheida, det er fyrste gongen vi har måndagstur dit, håper på godt ver og godt oppmøte.

VEL MØTT!