Handelen er enno ikkje formelt avgjort, men ekteparet Marit Riise Olsen og Oddvar Olsen på Sæbø stadfestar at dei no har inngått avtale med Sparebank 1 Volda Ørsta om å kjøpe det tidlegare samvirkebygget på Sæbø. Dei to vil mest sannsynleg kjøpe bygget gjennom Hjørundfjord Fjordservice AS der Oddvar Olsen er einaste aksjonær.
Litt til høgre på biletet ser vi det tidlegare samvirkebygget på Sæbø, ei bygning som Marit og Oddvar Olsen no kjøper. I høgre billedkant ser vi så vidt skyssbåten M/S "Hjørundfjord".
Det tidlegare samvirkebygget på Sæbø har stått tomt sidan den siste eigaren Sæbø Bygg AS gjekk konkurs i vinter. Ekteparet Marit Riise og Oddvar, begge med Olsen til etternamn, kjøper altså det tidlegare butikklokalet inkl. eit husvære på toppen, av Sparebank 1 Volda Ørsta. Som mange veit er det Oddvar Olsen som er skipper på- og er eigar av skyssbåten M/S "Hjørundfjord".
Men Oddvar er svært så rask til å understreke at dette ikkje er noko "Oddvar-prosjekt" åleine. - Dette er noko som Marit og eg skal bala med i lag, seier han på si velkjende Bømblodialekt.
- Eg reknar med at de ikkje kjøper dette bygget berre for å ha noko pent å sjå på?
- Nei, seier Oddvar, men no er vel ikkje dette bygget kjend for å vere så pent heller. Det første vi vil starte med er å pusse det opp utvendig. Eit målingsstrøk eller to vil nok gjere seg godt. - Men aller først vil vi ta kontakt med ein artkitekt, ein arkitekt som ikkje minst må kome med framlegg til korleis vi kan få bygninga vakrast mogleg og ikkje minst teneleg for våre planar for bygget, legg Marit til.
- Og kva går desse planane konkret ut på?
- I første omgang er det å gjere om bygget til rorbuer. Vi satsar på å gjere første etage om til to utleigeeiningar. Det tidlegare samvirkebygget har også eiga kai, her vil vi m.a. ha utleigebåtar liggande. Så får vi sjå etter kvart, seier dei to.
Marit Riise og Oddvar Olsen
Marit understrekar at denne turistsatsinga slett ikkje er noko nytt påkome av dei to. Familien har også i dag ein del av inntekta si frå turistnæringa gjennom skyssbåten M/S "Hjørundfjord" og skyssing av turistar. No tek dei to eit steg vidare og satsar på utleigeeiningar gjennom rorbuprinsippet. Marit vil halde fram som sjukepleiar på kirurgisk avdeling ved sjukehuset i Volda, men kven veit kva som vil skje i framtida, smiler Marit lurt.
Kommentarar
Takk til dei som satser og prøver å skape nye ting/næringer
Butikken som blei starta opp på Bjørke i sommer hadde no en god start denne sommeren med mange besøkende.
Håper du får like mange på besøk som dei.
Skal bli spennende å se hvordan planane blir.
Monrad og Annik
Der i blandt god smak:-)
Gler meg til å kome "heimatte" å sjå ka dokke he fått til. Lykke til.
Lykke til!:)
Her er noke stort på gang.
Bra, Marit og Oddvar!
Her vil eg inderleg håpe at handelen er komen i boks og til ein pris som dei kan leve med.
Med ei ombygging av det gamle Samvirkelaget til kontor for Hjørundfjord Fjordservice As og til utleige med overnatting, vil dette bygget med kai, verte ein suksess og lage nytt liv i Sæbø. Kanskje kan vi få utvidingar med gjestebrygge ilag med den nye skyssbåtkaia. På andre sida av skyssbåtkaia har vi Stormøllen som også har muligheitene med eit strand-kai-område.
Lukke til Oddvar og Marit! Til neste år ser vi eit nytt Sæbø framstå med liv og røre og næringsdrivande som tener pengar. Dette vil resultere i trivsel og nye tilflyttingar med sikring av bla. skule og offentlege arbeidsplassar.
Strekninga til hotellet er gull verd for framtidig turisme/næring.
Likeeins området ved den vonleg, nye ferjekaia i Sandvika.
Hurra for det nye Sæbø sentrum!