Dei unge er flinke til å finne på noko å leike seg med, men vi veit at mange barneleikar har gått i gløymeboka.

Derfor var det kjekt å få prøve litt leik frå gamle dagar.

Leik på Haukåssætra. F.Andre Bjørdal

Her går det unna i full fart! Leik på sætrevollen høyrer med når det er sætrehelg. Det var lett å lære denne gjengen å leike ”tre-mann-i-vinden” og ”katt og mus”. Markus er her mus medan Sondre jaktar bak. (Foto: Andre Bjørdal)

Fleire av den eldre garde hadde og funne vegen til Haukåssætra. Olga Leknes har sætra på ei anna sæter, Langsætra, i mange år og historiene gjekk lett når ho fortalde om den tid. Alle sela var opne og mange brukte anledninga til å sette seg ned der.

Urkehelg foto 2009 087

Sætrehelg for både unge og eldre. Olga Leknes (t.v.) runda nyleg 90 og kunne fortelje om eigne minne frå sætringa til m.a. Olufine Urke.

Mange avslutta turen med rundturen vidare framover vegen til inntaksdammen til Urke Kraftverk og så nedover att på inste sida av dalen. Her er det no stelt fint i stand. 

Urkehelg foto 2009 091

Damkonstruksjonane ved inntaket. Geithornet i midten, Slogen litt tilsløra av tåke t.h. 

Urkehelg foto 2009 096

Bygget ved inntaksdammen er sikra med rekkverk, har ladestasjon og varsel om at her er det livsfarleg å bade. Det er ikkje tvil om kva som har inspirert arkitekten som utforma dette bygget. Geithornet t.v., Slogen t.h.

Men to solide stålbommar, monterte etter krav frå Naturvernforbundet, hindra at dei eldste fekk vere med denne delen av turen. Synd og meiningslaust, spør du meg! Skal tru om det er rånarmiljøet i sentrum NVF er redd skal flyttast hit?