Med blå himmel og med friskt mot, rusla vi oppover vegen mot Vasstøylen.
Vel oppe skreiv vi oss i boka og fekk oss ei lita drikkepause før ferda gjekk vidare.
Anette, Petra, Alvhild, Ingvild, Anne, Nina, Janneche, Wenche, Linda, Jorunn, Unni, Ansgar, Terje og Henrik.
Karane som var med denne gongen , Henrik, Terje og Ansgar gjekk rundt vatnet og vidare opp den vegen.
Vi andre gjekk den vanlege råsa opp mot kvamsedalsreset.
Linda, Anette, Janneche, Ingvild, Jorunn og Unni.
Kva vert denne høgda og dalen kalla? Vasstøylsvatnet i framgrunnen og Dukhornet ligg i skodda i bakgrunnen.
Som perler på ei snor gjekk vi langs råsa mot målet.
Alvhild nyt utsita nedover dalen.
Då vi kom opp på høgda openberra seg eit syn som får Tidemann og Gude sitt bilde til å falme!
For eit vakkert syn!
Lite snøv att i dalen , men vi slapp å verte våte på føtene.
Her ei lita samling med drikkepause og litt "knask".
Linda, Marit, Unni, Alvhild, Janneche, Bente, Petra, Ingvild, Jorunn og Anette.
Då vi kom fram på reset mot Kvamsedalen møtte vi "karane"
Dei kom over skaret via Trolldalen, Trollvatnet kan skimtast i venstre hjørnet.
Bente lurer på ein snarveg til Skår, du kan sjå skiltet i ura midt på bildet. SKÅR.
Kvamsedalsvatnet i sikte, men vi får ta turen ned ein annan gong.
Anne ,Unni og Bodil.
Nutte kikar etter saudene , her er rikeleg med mat til dei.
Anette ,Petra, Ingvild og Marit.
Skodda kom sigande og skapte ei trollsk stemning til oss på heimveg,
Breen pusta ein gufs etter oss og ynkste oss velkommne att.
Og når sola framleis brenn i fjella må me takke for denne gong, finare ettermiddag skal du leite lenge etter.
NESTE TUR ER KLOKKURA, TRYVATNA
VEL MØTT!
Kommentarar