Siste søndag før skulestart, i år søndag 16. aug., er den faste dagen for kulturvandringar i Hjørundfjorden. I år er det Hjørundfjord sogelag som står for opplegget og vandringa er lagd til ein del av gamlevegen i Bondalen. Dette er ein lett og fin rusletur på ca. 3km.

Gamlebrua på¨Valset

Kulturvandringa startar frå gamlebrua på Valset
På steinen står årstalet 1819

    Det blir start ved gamlebrua på Valset og her vil Jarle Walseth fortelje om den gamle tunstaden aust for Fjellselva. Neste stopp vert ved murane etter Rendastova. Her får vi høyre om mannen som busette seg under den årvisse Geitegyl fonna på ein stad der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Herifrå er det godt utsyn mot Rekkedal, og vi får orientering om korleis utskifting og vegomlegging har gjort endringar i det gamle klyngetunet.

renda_var_fonnsikker4
Geitgylfonna gjekk årviss. Foto Martin Rekkedal ca.1915

    I Rekkedalslida budde brørne Laurits og Peder Rekkedal som fann «den nest vakraste perla i verda» på perlefiske i Amerika. Signy Rekkedal Ryste fortel barndomsminne herifrå.

hus_i_skogen
Rekkedalslida- Lidastova (foto Kari Stokke)

     På Ville vert det samling i tunet hjå Anne Margrete og Per Steinsvik. Det blir orientering og høve til å studere gamle reiskap og bruksting som Ole Ville samla. Og sjølvsagt ei lang og god matykt. Folk må ta med mat og drikke og det vert høve til grilling.

    Det har ofte vore utegudsteneste i samband med desse vandringane, men det høvde ikkje med den oppsette preikelista i år.

    Vi har fått løyve til å parkere bilar på Valset og vil organisere skyss tilbake slik at sjåførane får hente bilane etterpå. Dersom nokon er dårlege til beins, eller av andre grunnar vil ha med bilen, er gamlevegen godt køyrande så her kan alle vere med.

     Vi kler oss etter veret og ynskjer  vel møtt til ein fin tur!   (sjå annonse torsdag i Møre Nytt og aktivitetskalendaren her på portalen)

                            For Hjørundfjord sogelag

                             Anne Margrete Steinsvik

                             Oddbjørg Tvergrov

 

(Alle tekst som har ein annan farge gøymer ein artikkel om temaet, og kan klikkast på. Likeeins kan du klikke på alle bilder for å forstørre)