Stranda fekk eit litt heldig mål i starten av kampen og heldt på leiinga til midt i første omgang då Else Marie sette ballen kontant i nota etter eit flott samspel med Malene.
Pauseresultatet var 1-1 etter mange fine sjansar av begge laga. 1. divisjon består av dei beste laga i vårsesongen og første omgang var jamn.
Sunniva og Malene
Etter pausa gikk Malene rett på mål og etter to gode sjansar sette ho ballen i mål.
ÅSØV (Åmdal/Sæbø/Ørsta/Vartdal) fortsette presset og spelte flott fotball men det vart ikkje mål før Stranda sette inn eit rykk og stillinga vart 2-2.
ÅSØV fortsette å presse kunne legge på til 3-2 ved Ingvild som hadde ein flott deby på laget og spelte ein kjempekamp.
Litt etter sette Malene nok ein gong ballen i nettet og resultatet vart 4-2 etter ein spennande kamp.
Jubel for siger! Ethel fremst, Rebekka, Emilie, Kathrine, Else Marie og Hilde bak.
Ingeborg er tydeleg glad for sigeren! Ho og Hilde C. har begynt på skule på Stranda og syns det er stas å vere best :)
Kristine tek sigeren med fatning og beheld bakkekontakta...
Kampen var spennande og med mykje fint spel og stor fart. Alle spelarane kjempa godt og sigeren var fyrst og fremst ein lagsiger der jentene fekk vise kva dei er gode for i ein kamp der det meste fungerte.
Samarbeidet fungerar kjempebra og det er kjekt å sjå for ein fin og samansveisa gjeng dette har vorte!
Med på kampen i dag:
Kathrine Fiksdal (Vartdal), Hilde Mork Sandvik, Bente Jorun Håvoll, Ingeborg Halse Ressem, Hilde Vartdal Clausen, Kristine Solem, ingvild Øye og Ethel Johnson (Ørsta), Malene Aambakk og Sunniva Åmbakk Bjørkedal (Åmdal), Emilie Cathrin Skår Ville, Elen Maria Holen, Rebekka Skylstad og Else Marie Stokke (Sæbø).
Kommentarar