Av Bodil Ryste

Heilt sidan bror min gjekk rundt Hjørundfjorden for 15 år sidan har eg tenkt at eg måtte gjere det same. Eg venta heilt til juli i fjor, men etter planlegging med fjellitteraturstudier og diskusjonar omkring ruteval (raskaste veg eller innom toppar?) og oppakking (regnbukse???), starta me ferden på ferjekaia i Hundeidvika.

Dag 1 Hundeidvik – Lissje Trandal (og cola på Christian Gaard)

Etter å ha nytt utsikta frå ferja, startar første etappe med ein spasertur på asfalt. Med friske bein går det likevel raskt oppover og råsa mot Megardsstøylen er fin. Vi held fram i Riksheimdalen og likar det vi ser.  Vi passerer Storevatnet, lunsjar ved Tredjevatnet, og Fjerdevatnet ser vi med eit islag. Litt klyving må til oppover mot Trandalskaret, det høgste punktet på overgangen. Vi likar toppar og vi diskuterer tur til Tårnet eller ikkje, men endar med å klyve litt på egg før vi sklir raskt nedover snøen og kikar på fjorden utanfor Trandal. Vi merkar at sekkane tynger komforttempoet og låra svir når vi troklar oss på delvis grasdekt ur nedover mot Trandaldalen. Vi forbannar eit par bregner, lurer på kvar råsa er, og nyt nokre sekkefrie minutt vel nede i Trandaldalen.

Hjørundfjorden rundt Bodil 039

Kveldsstemning frå oppgangen til Litledalen på Lissje Trandal. Vi ser m. a Kolåstinden, Sætretindar og Langnestind på andre sida av fjorden.

Det vert ein spasertur på grus før vi entrar sagnomsuste Christian Gaard på Lissje- Trandal. Vi unner oss litt luksus (cola!!), sprer om oss med litt svettelukt før me -  etter ein del  strev – finn stien oppover mot Litledalen som det heiter på kartet. Vi lurer på om det er nokon som har gått her sidan bror min gjekk her for femten år sidan. Gjenngrodd er stikkordet. Mulig er det colaen som har skapt ny energi, men eg planlegg i alle fall rydding av sti og utkikspunkt for turistar oppover dalen. Makan til flott terreng og utsikt (om stien hadde vore rydda..!!) skal ein leite lenge etter.  Eit iskaldt bad og ein del surmulig over feilkjøpt gass seinare, ligg vi i teltet og kikar på tindane på hi sida av fjorden. Perfekt.

Dag 2 Litledalen – Øye (innom Råna!)

Blenda av sol klyv me raskt oppover mot Hjelledalen og er nøgde med at breutstyr ikkje er nødvendig. Studerer det som er skildra som overgang over svaberg til Nordkopen, og er glade me har eit anna alternativ . Finn lettare enn venta ”jølet” opp mot Rånaplatået, og etter noko klyving på alle fire kryp me over kanten til platået. Kastar sekkane og ruslar mot toppen av Råna. André har friske bein og joggar lett oppom Midtre Regndalstind før me møtes i skaret før nedstigning til Nordkopen og Haukåssetra. Hjørundfjorden rundt Bodil 051

Frå platået mellom Midtre Regndalstind og Råna. Vi har kasta sekkane og ruslar mot toppen av Råna.

Noko kaving nedover det snølause stein- og svabergpartiet vert avløyst av intenst såre lår i grasbakken heilt ned i Nordkopen. Havregrauten på Haukåssetra smakar som venta relativt dårleg når den er kald (det var den gassen..).

Langseterdalen er som vanleg lang. Men det er ein uvanleg flott dag, og hetebølga gjer det lett å isbade i Storevatnet med Slogen som kulisse. Litt irritasjon og tunge lår etter "gløymde" høgdemeter opp til Steinreset før vi bikkar nedover mot Skylstadbrekkene. Vi juksar oss gjennom ein asfaltetappe, får fylt opp med rette gassen og søv til elvesus på Øye.

Dag 3 Øye – Finnes (via Jakta og Risenosa)

Dag 3 er ein kjempedag. Ein  heit og lang superdag. Etter seige høgdemeter oppover Konedalen, skil vi lag slik at husbonden får med seg Jakta i tillegg, og eg oppdagar blåmerka rås mot Sævågskaret. Det er alltid kjekt å kunne ta i bruk stiar som ein ser er ”forseggjorte” og brukte. Eg har tru på å gjere naturen tilgjengeleg med god merking og gode råser.

Det er ikkje ofte eg ønskjer meg parasoll på toppen av eit fjell, men denne dagen var det faktisk behov for det. Lunsjen på toppen av Risenosa er heit, maten er heit (endeleg!) – og vi er mette og nøgde når vi spring på snøen og sankar lette nedoverhøgdemeter mot kanten av Ulvedalen.

Hjørundfjorden rundt Bodil 082

Brennheit lunsj på toppen av Risenosa framkallar ønske om parasoll.. André fyl på med havregraut, rosiner, sukker og nøtteblanding. Vi ser m.a Jakta (avkutta) og Skårasalryggen (til venstre).

Som vanleg er det trått i grasbakke utan sti og nedover mot Viddal er det nettopp slik. Vi trøstar oss med nøtteblanding og myyykje vatn og tenker det skal bli fint og gå flatt på asfalt. Vi gjekk… og gjekk…

Og kom til slutt fram til Bjørke, ei perle i bygdenorge. Møter ein lokal kjendis som oppdaterer oss på nyheiter frå Bjørke og omegn og etter nye gruskilometer teltar vi langs vegen mot Bakkedalen - fulle av gangsperre og gnagsår, men nøgde med luksusdesserten sjokolademousse på pose.

Dag 4 Russadalen – Standaleidet

Dagen startar dårleg med ein magesjuk turkamerat. Han vil fortsette, og vi er uansett utan mobildekning og folk som kan hente han, så vi bautar oss gjennom busker og kratt i Russadalen. Vi var førebudde, men når det hadde passa betre med høgde på ca 1 m og gjerne fire føter i staden for armar og bein møter vi frustrasjonen før vi har kome oss gjennom skogen. Planen om toppbesøk på Dukhornet vert forkasta frå den sjuke, men vi klarer likevel å glede oss over flott turlandskap i Kvamse(t)dalen og fjellvatn med badetemperatur av sjeldan vare.

Hjørundfjorden rundt Bodil 104

Flott fjellandskap i Kvamsedalen (heiter det eigentleg Kvamsedalen her, eller er det Kvistaddalen - eller eit heilt anna namn?). Vi er ved vatnet som ligg nærast Kvistaddalen, ligg ca 860 moh, og vert omtala som Fjellvatna på kartet. Det var i alle fall god nedkjølande badetemperatur!

Etter lufting av tær i eit skuggekaldt busskur på Kvistad og middag til lyden av torever traskar me vidare mot Høgreset. Når min elles spreke sambuar må kvile for kvar 50’ande høgdemeter, forstår eg at turen vår i denne omgang bokstavleg talt snart endar i toalettskåla. Det får ikkje hjelpe at vi får studert fjelltoppar frå nye vinklar og at fotoapparatet nesten går varmt i ekstasen av det fine lyset mot fjorden, - helsa og kreftene går først og vi avsluttar turen med biltransport frå Standaleidet.

Hjørundfjorden rundt Bodil 117

Nydeleg kveldsstemning i Aklestaddalen - på "kanten" mot Standaleidet. Utan å vere heilt skråsikker meiner eg vi ser tilbake mot Hundatinden og Synnavindsnipa.

Dag 5, eitt år etter: Standaleidet – Barstadvika.

Fjella forsvinn heldigvis ikkje, og vi gjekk siste etappe på turen denne sommaren. Kvanndalen med pause på Appelsinhaugen er mest kjent frå skiturar til Kolåstinden, men funkar bra på sommarføre også. Nokre utydelege raudmerker og trakk etter folk leiar oss på rette ruta ned mot Lissjekoppen og vidare Molladalskaret. Lunsjing med utsikt er alltid flott, og Molladalstindane står til toppkarakter. Som avslutning på Hjørundfjorden rundt trur eg sigerskjensla ville kome sigande i takt med gangsperra nedover mot Melbøsætra. Det er trass alt langt og hardt og gå heilt rundt fjorden. Dei mest ihuga ville nok gjerne gått heilt til ferjekaia på Festøya (skal ein gå rundt, skal ein vel gå rundt..), medan andre er fornøgde på Melbøsætra eller ved E39.

Ettertanke

Hjørundfjorden rundt er ei fantastisk reise blant spisse tindar, fjellvatn, gode og dårlege råser, gjenngrodd kratt, sauer, kyr, fluger og snø. Samtidig er det litt som ”å gå i dal og bli gal”. Kor mange toppar ein skal ta med seg kjem an på kor lang tid ein har og i kor god form ein er – og sjølvsagt kor toppinteressert ein er. Det er ingen tvil om at heile turen gir fantastisk utsikt og ein kjem tett på steile tindar. Raskaste og lettaste rute går berre i dal (men den er ikkje flat fordi!), men det går fint an å legge til utallige toppar på vegen. Me tok ein middels variant, med nokre få toppbesøk og gjekk om lag 2 mil og knappe 2000 høgdemeter per dag, den siste ein del mindre. Ein må sjølvsagt legge opp antal dagar og lengde etter form og motivasjon, og sjølvsagt kan ein ta ein kortvariant og ta ei eller to etappar i slengen. Ein bør undersøkje og diskutere ruteval på førehand og det løner seg alltid å ta ein prat  med lokalkjende fjellfolk. Uansett toppbesøk eller ikkje, det er tøft og langt og gå heile vegen rundt. Oppakning gjer at motbakkane, men spesielt unnabakkane sug krefter, så det løner seg å pakke så lett som mulig. Likevel trur eg det er lurt å ta med eit skobytte (joggesko til veg og lette stietappar og fjellsko til fjellterreng) og ein god, støtdempande sole i fjellskona. Navigasjonsutstyr er eit must, sjølv om vermeldinga er god. Breutstyr som usøks og stegjern, eventuelt tau kan trengast på få parti eller på andre ruter. Og hugs forresten å ta med rett type gass!

God tur!