Det siste året har vi ikkje høyrt så mykje frå Håvard Myklebust som konkurranseløpar anten det gjeld langrenn eller motbakkeløp. Men Håvard har halde seg i form - i svært god form.  I dag deltok han i motbakkeløpet Skåla rett opp i eit ufyseleg vêr, men fekk likevel den sterke tida 1.36.46.  Han vart dermed nr. 8 i si klasse, Menn 18-19 år.

IMGP0964 kopi

Håvard Myklebust fekk tida 1.36.46 og vart nr. 8 i si klasse i Skåla rett opp.  Arkivfoto:  Knut Hustad

Vi som er brukarar av hjorundfjord.no har kanskje tenkt at Håvard har brukt mesteparten av fritida si til å planlegge turar som "Den store overgangsturen" for Naturfestivalen.

Men Håvard har fått tid til å trene sjølv også, han har t.d. vore på Store Smørskredtind og Slogen på same dag, og i dag var han med på motbakkeløpet Skåla rett opp i Nordfjord.  Dette motbakkeløpet vert rekna som det mest kjende motbakkeløpet i Noreg.  Starten på løpet er i området ved Hotell Alexandra i Loen og målgangen er på toppen av det 1848 meter høge fjellet Skåla.  Skåla vert rekna som Noregs høgste fjelltopp som har foten i sjøen.

Arne Johannesen, ein veteran som i fjor var med på Saudehornet rett opp i klasse 50-54 år og som i år var med på Skåla rett opp, fortel at han vart slått med ca. 4 minutt av Håvard.  Arne fortel også at dei på ei lang strekning mot toppen måtte springe i nysnø og at råsa vart glatt og vanskeleg.  Dette gjer ikkje Håvard sin prestasjon mindre.  Det er berre å gratulerer Håvard Myklebust med løpet.